Yrke og organisasjon
Bokomtale

Kjell Grude: Veterinær og poet

John Osnes

Veterinær

Til jul i år fekk eg ei fin julegåve. Det var ei diktsamling med tittelen «BARNDOM. VETERINÆRT LIV. ANNA LIV» av kollega Kjell Grude. Det er ikkje så ofte norske veterinærar gir ut bøker; og slett ikkje diktbøker. Heilt uventa var det ikkje at boka kom. Kona og eg var på ferie på Gran Canaria i fjor vinter saman med gode vener frå Jæren, og då traff me Kjell Grude. Han fortalde då at han dei siste åra hadde sysla litt med å skrive dikt. Han las opp nokre dikt for venene våre og oss, og spurde kva me syntes. Eg trur me alle var positivt overraska, og me rådde han til å prøve å få dikta utgitt i bokform. No er boka komen, og den inneheld 83 dikt.

Kjell Grude er fødd i 1943, og vaks opp på gard på Gruda i Klepp kommune på Jæren. Han gjekk ut frå Norges Veterinærhøgskole (NVH) i 1969. Grude har vore innom det meste av veterinært arbeid fleire stader. Dei fyrste 25 åra mest i offentleg forvaltning og næringsmiddelhygiene; dei siste 25 åra av yrkeslivet som privatpraktiserande veterinær på store husdyr (ku, sau, hest og gris) på Varhaug.

Diktboka er delt i 3 bolkar: Barndom, veterinært liv, og anna liv. I første bolken om barndomen skriv Grude dikt som me som var «bondestudentar» på NVH kjenner oss godt att i. Det handlar om dyr, lukter, arbeid og sanseinntrykk på eit gardsbruk. Dikta i andre bolken handlar om det veterinære praksislivet. Grude er god til å observere både dyr og folk, og ofte har dikta ein overraskande vri. Den tredje bolken i boka er den største, og dikta i denne bolken er refleksjonar gjort gjennom eit langt liv. Det er ein moden og reflektert mann som skriv desse dikta.

Boka er produsert på Jæren Forlag. Boka kan kjøpast direkte frå Kjell Grude, kjell.grude@gmail.com, eller i nettbutikken til Jæren Forlag, https://www.jarenforlag.no/

Boka kostar 250 kroner pluss 50 kroner i porto. Dei som kjøper boka vil få ei positiv oppleving.

Her er diktet “Frå barndom” fra diktsamlingen.

Lukter i oppveksten på Gruda.

Så fint å vera unge

i det gamla bondesamfunnet,

om kåra på garden var tronge

var luktene mange.

Luktesansen lagra dei i tidlegaste minna,

der kan ein barndommen finna,

snusa inn dunlukt frå andareir

eller kanskje klukkhønereir.

Lukta av nypløygd mold

som skulle gje mange fold,

av hesten dabbande fram og tilbake

med horva under vipe og gapande måke.

Lukta av ku, sau og gris

blanda med torvstrø og flis,

av løa, stall, fjos og hønsehus,

blanda med hund og kattepus.

Du torvbee med myreim,

lukt av torv kjørt heim.

Tørka høy, å for ein ange,

høyonn med slit og gleder mange.

Skuronn og trøskjing,

Potetopptaking.

Når ei onn var i emning,

kvar si lukt og kvar si stemning.

Høner og hane fritt i tunet,

Med hest og mjølk til meieriet.

Fellesskap og fysisk arbeid, o-kei,

steinhenting og luking kunne ein bli lei.

I brunnhuset på hella

«eplekaka», flatbrød, krotekaka og lefsa.

Var heldig og fekk smaka

av mor, Valborg og Dorthea som baka.

I brunnhuset i stampen

måtte ungane bada stompen,

Ikkje kvar dag som nå,

men til jul og nå og då.

På skulen annankvar dag

elles å arbeida i lag.

Sundag slekta på besøk,

tåkehys, tattel og tikken og all slags spøk.

Mykje kverv bort på denne jord,

som eldre hestutstyrsord.

Kor vert lukter og minne av

når me gamle går i grav?