Fagaktuelt
AKTUELL PUBLIKASJON:

Systematisk kontroll av respirasjonsvirus hos storfe – korleis er det mogleg?

Den norske storfenæringa driv eit nasjonalt, systematisk kontrollprogram for bovint respiratorisk syncytialvirus (BRSV) og bovint koronavirus (BCoV). Det er basert på systematisk overvaking og auka biosikkerheit. Ingen andre land har valt same strategi. Kva er den faglege bakgrunnen for valet? Kvifor akkurat i Noreg? Kunne andre løysingar vore valt? Og burde andre land tenke som oss?

Maria Stokstad

NMBU Veterinærhøgskolen, Institutt for produksjonsdyrmedisin (PRODMED)


Thea Blystad Klem

Veterinærinstituttet, Husdyr, vilt og velferd

Mette Myrmel

NMBU Veterinærhøgskolen


Veslemøy Sunniva Oma

NMBU Veterinærhøgskolen, Institutt for produksjonsdyrmedisin (PRODMED)

Ingrid Toftaker

NMBU Veterinærhøgskolen, Institutt for produksjonsdyrmedisin (PRODMED)

Olav Østerås

Tine SA, forskning og utvikling, seksjon primærproduksjon

Ane Nødtvedt

NMBU Veterinærhøgskolen, Institutt for produksjonsdyrmedisin (PRODMED)

Forfattarane har arbeidd med desse infeksjonssjukdomane i fleire år. Dei har nyleg publisert ein såkalla konseptuell analyse (ein type oversiktsartikkel) som skildrar tankegangen bak det norske kontrollprogrammet for BRSV og BCoV, og korleis dette prinsipielt er bygd opp. Artikkelen er skriven for eit internasjonalt publikum, men kan og ha interesse for norske veterinærar. Dei som ynskjer å lese meir, finn artikkelen “Using Biosecurity Measures to Combat Respiratory Disease in Cattle: The Norwegian Control Program for Bovine Respiratory Syncytial Virus and Bovine Coronavirus” i “Frontiers in Veterinary Science” 2020 Apr 7;7:167. doi: 10.3389/fvets.2020.00167.

Luftvegssjukdom hos storfe i dag – eit altfor stort problem

Luftvegssjukdom er eit stort problem i storfehald i dei fleste driftsformar over heile verda. Sjukdom utviklast i eit komplekst samspel mellom vertsdyrets motstandskraft, smittestoff og miljøtilhøve. Det er både i Noreg og USA den vanlegaste sjukdommen og årsak til død hos kalv, og talet ser ut til å auke. Sjukdommen gir redusert helse og velferd, og dårleg økonomi. Tapa skuldast både det ein ser i akuttfasen og varig nedsett vekst og produksjon. Ein fransk studie har ved hjelp av modellering komme fram til at utrydding av luftvegssjukdom hos kjøttfe ville auke heile sektorens produksjon med rundt 5%. Luftvegssjukdom står òg, saman med mastitt, for hovuddelen av antibiotikabruk til storfe internasjonalt. Det er den vanlegaste grunnen til førebyggande bruk av antibiotika i USA, der 71% av storfe i framfôring får antibiotika i fôr, i hovudsak breispektra antibiotika. I Noreg er luftvegssjukdom hovudårsaka til antibiotikabruk i kjøttfenæringa, og hos kalvar i mjølkenæringa.

Tradisjonell førebygging har ikkje hatt god nok effekt

Internasjonalt er massebehandling med antibiotika eit mykje brukt tiltak mot luftvegssjukdom, noko som ikkje er i tråd med mål om mindre og betre antibiotikabruk. Vaksinasjon er også mykje brukt mot fleire av smittestoffa, sjølv om litteraturen er sprikande på effekten av dette. Nyare metastudiar konkluderer med usikker effekt. I Noreg har hovudfokus vore å betre miljø og drift for å styrke dyra og redusere smittepress, noko som reduserer problemet til ein viss grad.

Trass i utvikling innan både terapi, vaksiner, drift og miljø over mange år, har sjukdomsførekomst og dødelegheit av luftvegssjukdom ikkje gått ned, men tvert imot auka. Dei eksisterande strategiane har altså ikkje redusert problemet til akseptabelt nivå, verken i Noreg eller andre land. Alle strategiar har så langt fokusert på enkeltindivid eller besetning som eining – ingen har fokusert på område, region eller populasjon. Tida er inne for å tenke nytt for å finne gode løysingar.

Kan auka biosikkerheit på besetnings-nivå førebygge luftvegssjukdom?

Det første relevante spørsmålet blir då: Er luftvegssjukdom smittsamt mellom besetningar? Sjukdomen er multifaktoriell og kan inkludere ei lang rekke smittestoff, ofte i kombinasjon. Dei fleste primærpatogena er svært smittsame virus, slik som BRSV og BCoV. Desse blir lett spreidde mellom besetningar, anten direkte med levande dyr eller indirekte via personar og utstyr som blir tatt med mellom besetningane. Dei vanlegaste bakterielle komponentane reknast å vera mindre smittsame. Når fleire dyr får bakteriell pneumoni samstundes, kan det i større grad skuldast at fleire dyr blir utsett for dei same risikofaktorane på same tid.

Den relativt høge førekomsten av luftvegssjukdom i Noreg, trass i at vi ikkje har fleire internasjonalt viktige smittestoff, tydar på at virusa som finst i Noreg, som BRSV og BCoV, bidreg vesentleg til problema. Sidan desse lett smittar mellom besetningar, kan ein sjå luftvegssjukdom som ein smittsam sjukdom mellom besetningar i Noreg.

Er det mogleg å stoppe smitte av luftvegsvirus mellom besetningar? Det har lenge vore eit generelt lågt biosikkerheitsnivå i norske storfebesetningar. Ein belgisk studie konkluderer med at luftvegssjukdom generelt, og BRSV infeksjon spesielt, er sjukdommar der potensialet er stort for reduksjon ved å auke biosikkerheita. Både norske og svenske studiar finn dei same risikofaktorane for BRSV- og BCoV-infeksjon, og samanheng mellom nivå av biosikkerheit og førekomst. Virusa finst med varierande prevalens i ulike landsdelar, og positive og negative besetningar ligg nær kvarandre. Dette viser at det er mogleg å unngå å bli smitta, sjølv ved geografisk nærleik. Altså må det være mogleg å unngå smitte inn i besetningar.

Korleis kan smitta besetningar bli frie? Studiar viser at besetningar blir kvitt smitte og infiserast på nytt i raskt tempo, altså at både nyintroduksjon- og tilfrisknings-rate er høg. Det tydar at viss ein greier å unngå ny smitte, vil besetningane bli frie for virus av seg sjølve. Fleire faktorar vil påverke kor fort ein besetning blir fri – særleg storleik og driftsform.

Kva for strategiar lar seg gjennomføre?

I prinsippet vil ei endring i biosikkerheitsnivå ha mykje større effekt dersom mange produsentar set inn tiltak samstundes. Då vil det totale smittepresset bli mindre, og det oppstår ein synergieffekt. Moglegheita for slike felles strategiar kjem an på mange tilhøve, mellom anna haldningar hos produsentar til fellesskapsløysingar og førebyggande helsearbeid. Dette er igjen påverka av struktur, kultur og tidlegare erfaringar. I Noreg vil både organiseringa av storfeindustrien og tidlegare vellukka nedkjemping av andre smittestoff bidra til at fellesskapstiltak er lettare å få til enn i mange andre land.

Det norske kontrollprogrammet

Dette blei starta i 2016 som eit felles initiativ blant aktørane i storfeindustrien. Prinsippet består i å klassifisere alle storfebesetningar som positive eller negative basert på førekomst av antistoff, kombinert med auka bevisstgjering om kva kvar enkelt produsent kan gjere for å hindre smitte av virus inn og ut av besetninga. Kostnadane ved programmet vert dekt av organisasjonane og produsentane. Dei får dekt ei årleg antistofftesting. Strategien byggjer på at dyr som har vore infiserte med virusa har antistoff i blodet og i mjølka i fleire år. Serologisk påvising er ein eigna indikator på tidlegare smitte, utan at det fortel om det er virus i besetningen, eller om dyra er immune. Mjølkebesetningar blir klassifisert ved 1) tankmjølktesting, 2) samleprøve av mjølk frå førstegangskalvarar eller 3) samleprøve av serum frå ungdyr. Kjøttfebesetningar bruker serum frå ungdyr. Råd om auka biosikkerheit fokuserer på å unngå livdyrkontakt mellom besetningar med ulik status. I tillegg blir det oppfordra til å avgrense besøk og ha riktig bruk av smittesluse og rampe for inn- og utlasting av dyr. Akutte utbrot av luftvegssjukdom blir fanga opp via TINEs beredskapstelefon.

Utfordringar og gevinst

Kritiske punkt for å lukkast med eit slikt program er å halde motivasjonen oppe hos veterinærar, rådgivarar og produsentar. Det krev god informasjon over tid og eit høgt kunnskapsnivå. Dei negative konsekvensane av desse infeksjonane er velkjente i Noreg. I tillegg til respirasjonsproblem er BCoV òg årsak til vinterdysenteri, som gir store tap, og diaré hos kalv. Høg førekomst og tydelege sjukdomsproblem, dårleg velferd og økonomiske tap gjer det lettare å kommunisere kor viktig arbeidet er. God organisasjon og kultur for samarbeid og førebygging er ein føresetnad. Storleiken og produksjonsforma til norske besetningar er òg ein fordel for dette arbeidet.

I land som har fleire smittestoff som gir problem vil det vere vanskelegare, og kanskje også mindre naturleg, å fokusere innsatsen på desse smittestoffa. Samstundes vil gevinsten kunne vere minst like stor andre stader. Programmet vil ha effekt på andre infeksjonar i populasjonen som blir spreidde på same måte. Dette vil òg gjelde eventuelle nye smittestoff, som vil spreie seg saktare i populasjonen ved ein introduksjon. Strategien har derfor stor beredskapsverdi. Systemet kan med fordel utviklast vidare. Klassifiseringa av besetningar kan gjerast meir sofistikert ved å ta inn fleire faktorar enn resultatet av siste prøvetaking, slik som innkjøp av dyr, kjent smitte i området, klinisk sjukdom og liknande.

Konklusjon

Den norske strategien for kontroll av respirasjonsvirus med systematisk biosikkerheitsbaserte fellesskapsløysingar er unikt internasjonalt. Fleire tilhøve i Noreg gjer det enklare å få til dette her enn i andre land. Det norske kontrollprogrammet kan vere eit døme for resten av verda på korleis ein kombinerer meir effektiv produksjon med betre dyrehelse, mindre antibiotikabruk og betre velferd.

Original referanse:

“Using Biosecurity Measures to Combat Respiratory Disease in Cattle: The Norwegian Control program for Bovine Respiratory Syncytial Virus and Bovine Coronavirus” i “Frontiers in Veterinary Science” 2020 Apr 7; doi: 10.3389/fvets.2020.00167

 Maria Stokstad,¹ Thea Blystad Klem,² Mette Myrmel,³ Veslemøy Sunniva Oma,¹ Ingrid Toftaker,¹ Olav Østerås,4 and Ane Nødtvedt¹ 

¹ Department of Production Animal Clinical Sciences, Norwegian University of Life Sciences, Oslo, Norway, ² Norwegian Veterinary Institute, Oslo, Norway, Veterinærinstituttet, ³ Department of Food Safety and Infection Biology, Norwegian University of Life Sciences, Oslo, Norway, 4 Section for Research and Development in Primary Production, Tine SA, Oslo, Norway