Yrke og organisasjon

Døyr fe, døyr frendar

Dyrisk

Veterinær Arve Nilsen tek for seg utvalde veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 17. september 2021.

Kvifor døyr all denne fisken i merdane?

Foto: Arve Nilsen

I norske fiskeoppdrettsanlegg blir det kvart år sett ut om lag 300 millionar laks og aure, og kvart år døyr vel 50 millionar av desse før dei har vorte store nok til å bli slakta. I tillegg kjem dei mange millionane reinsefisk som døyr eller forsvinn frå merdane. Vi veit for lite om kvifor all denne fisken døyr, og berre å vite kor mange som døyr, gjev oss ikkje nokon presis informasjon om fiskehelse og fiskevelferd.

I Håvamål kan vi lese visdomsord og formaningar frå norrøn tid, ei av mine favorittstrofer er denne: *«Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Eg veit eitt som aldri døyr, dom um daudan kvar.»

Det å bry seg om husdyra sine er med andre ord ikkje ei ny oppfinning. Og det har til alle tider vore ei trøyst å innsjå at vi alle skal døy, men innan det skjer, meiner eg vi har plikt til å gjere ein større innsats for husdyra våre, fisken inkludert.

Ei våt grav

I dei beste oppdrettsanlegga døyr mindre enn 5 prosent av laksen i løpet av heile levetida i merdane, men i dei hardast råka anlegga kan det vere like mange som døyr på berre éin månad. Ved alvorlege sjukdommar eller miljøproblem (som algar) kan størsteparten av all fisken på ein lokalitet stryke med på kort tid.

Regelverket krev at alle anlegg skal ha regelbunde tilsyn av ei fiskehelseteneste, og då blir daudfisken som regel grundig kontrollert. Dersom unormalt mange fisk døyr, skal det alltid takast ut prøver for å finne årsaka, og det er viktig å finne ut om det kan kome av ein alvorleg smittsam sjukdom som skal meldast til Mattilsynet.

Overvaking av kor mange fisk som døyr, og kva fisken døyr av der nede i den store, våte grava, er anlegga sitt ansvar. Ei sams nasjonal overvaking har vore vanskeleg å få til, blant anna fordi vi har mangla standardar for slik rapportering.

Mange fisk døyr på grunn av lakselus og lusebehandling.

Foto: Arve Nilsen

Standardisert

Difor blei det ei lita gladsak i media for kort tid sidan etter at ei breitt samansett arbeidsgruppe hadde kome fram til semje om kva ord som skal brukast om den daude fisken i merdane. Gruppa som er leidd av Norsk Standard, har no definert seks ulike vis ein laks kan døy på.

Ein russisk ubåtkaptein sleit med å sjå grenser under vatn, vi som jobbar med oppdrett, slit med å sjå fisken. Akkurat det siste er litt merkeleg. Det skulle ikkje vore mogleg å stengje inne 300 millionar fisk kvart år utan å ha eit vasstett system for å kunne sjå etter korleis desse dyra har det til kvardags.

Enno er det ikkje stilt konkrete krav til observasjon av åtferda til fisken. Mange oppdrettarar brukar naturlegvis kamera til å følgje med på fôringa og til å sjå etter daudfisk, men med ny og betre kamerateknologi kombinert med maskinlæring kan det no faktisk bli mogleg både å sjå fisken og å byrje å forstå kva dei held på med.

Det skulle ikkje vore mogleg å stengje inne 300 millionar fisk kvart år utan å ha eit vasstett system for å kunne sjå etter korleis desse dyra har det til kvardags.

Smolt, sår og lus

Men noko veit vi alt. Vi veit at for mange fisk døyr rett etter at dei er sette ut, og det ofte på grunn av noko vi kallar «dårleg smoltifisering» - eller rettare: Fisken blir sett i sjøen før han er klar til å tole sjøvatnet. Fisken får i seg sjøvatn når han pustar og når han et, men klarar ikkje å kvitte seg med saltet og døyr av dehydrering, slikt blir det dårleg fiskevelferd av. Dei som blir sette i sjøen i perioden august til oktober, klarar seg best, medan dei som blir sette ut i kaldare vatn, får større problem.

Andenaud, eller gjellebetennelse, er eit anna stort problem. Vi har òg fleire virussjukdommar, særleg hjartelidingar, som drep mykje fisk. Desse sjukdommane er det mest av på Vestlandet og sørover, medan sår og finnerote er eit vanleg problem lenger nord, særleg om vinteren.

I fiskehelserapporten frå Veterinærinstituttet har fiskehelsepersonell svara at blant dei ti verste helseplagene hos laks har om lag helvta noko å gjere med lakselus, avlusing eller sår. Der dei ikkje behandlar med legemiddel, men nytter ikkje-medikamentelle metodar (spyling, ferskvatn, varmt vatn - åleine eller i kombinasjon), har det til no vore størst velferdsproblem. For mange fisk døyr under behandlinga eller av følgjeskadar i vekene etterpå, og særleg ille går det når det er mykje lus og fleire behandlingar kort tid etter kvarandre.

Oversettelse av teksten fra Håvamål som er gjengitt i artikkelen på forrige side:

 

Fe dør,

frender dør,

en sjøl dør på same vis,

jeg vet ett

som aldri dør,

dom over hver en død.