Yrke og organisasjon

Vestenfjeldske veterinærforeining med vellukka kurs- og årsmøtehelg

Andre helga i november er Vestenfjeldske si faste kurs- og møtehelg.

Tekst og foto:
Karl Lunde

er veterinær og tidlegare mangeårig tillitsvald i Veterinærforeininga

karl.lunde@haugnett.no

Til saman 18 firma deltok på kurs- og årsmøtehelga, til stor nytte for både utstillarar og deltakarar.

Etter at alt vart avlyst i 2020, var det nok mange som såg fram til å møtast i Bergen 12. og 13. november 2021. Påmeldingane strøymde på, og då styre og kurskomite ynskte velkomen fredag var det eit rekordhøgt frammøte.

Til kurset i smådyrsjukdomar var det 85 deltakarar. Tema for kurset var halthetsutredning, sårbehandling og bandasjering.

Stordyrkurset starta og fredag morgon. Der var det 45 deltakarar. På programmet var det både emne som gjaldt hest og storfe. Hestedelen tok for seg sårbehandling inkludert infeksjonar i synoviale holrom og i tillegg munnholeundersøking og tannsjukdomar.

Dyrepleiarane er ei viktig samarbeidsgruppe, særleg innanfor smådyrpraksis. Dei siste åra har Vestenfjeldske og hatt eit kursopplegg for desse. Dette året var det 45 dyrepleiarar som deltok i kurset laurdag, dette omhandla dei same emne som smådyrkurset for veterinærane.

Det var til saman 18 ulike firma som var med som utstillarar og støtta kurset. Dette samarbeidet er viktig og truleg til stor nytte for både utstillarar og kursdeltakarar. Det er og med og gjer det mogeleg for ein lokalforeining å ta på seg slike store tilskipingar.

Årsmøte i Vestenfjeldske vart halde fredag etter kursa. Det var ingen store saker på agendaen. David Persson møtte frå Veterinærforeininga og orienterte om aktuelle saker frå Sentralstyret.

Økonomien i Vestenfjeldske er god, noko som skuldast stor aktivitet og god deltaking på kurs og møte dei siste åra.

Val av tillitsvalde til ulike verv i styre, kurskomite og festkomite gjekk greitt, stort sett attval til alle verv. Det å vera tillitsvald er tydelegvis noko som ikkje skremmer.

Ein viktig del av helga er den sosiale biten. Fredagen er det lutefiskmiddag på Enhjørningen. Dette er blitt ein tradisjon, den nærmar seg no 30 år. Problemet er å få nok plasser, dette året var det 65 som fekk vera med.

Laurdag vart årsfesten avvikla med 105 deltakarar. Festkomiteen hadde teke litt coronaomsyn, mellom anna var det ikkje lagt opp til allsong. Men dette la ingen dempar på stemninga. Særleg var det kjekt å sjå at eit stort innslag av studentar, yngre kollegaer og dyrepleiarar såg ut til å trivast godt.

På årsfesten med 105 deltakarar var det mange studentar, yngre kollegaer og dyrepleiarar som såg ut til å trivast godt.

Leiar i Vestenfjeldske veterinærforeining, Erik Ulvik, og Hilde Røssland har god grunn til å vere nøgde med kurs og årsmøte i Vestenfjeldske.

Dette er ein viktig møteplass for gamle og nye kollegaer. Alltid mykje lettare å ta kontakt med ein kollega eller ein representant frå eit firma når ein har møtt dei før.

Når 200 personar, kollegaer og samarbeidspartnarar, kan møtast til ei helg med fag, erfaringsutveksling og sosialt samvær, syner dette verdien av lokalforeiningane i organisasjonen.

Det er viktig at me lærer av kvarandre slik at me saman kan vera med og gjera Veterinærforeininga enno betre.

Vel møtt i Vestenfjeldske i 2022, som alltid andre helga i november.