Fagaktuelt

Vintersår

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.
Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 11. februar 2022.

I havet er det no den kalde tida på året. Temperaturane i sjøen er som regel lågast i februar og byrjinga av mars. Dette er ein naturleg syklus, men for laksen er det ikkje like naturleg å vere stengd inne i merdar langs kysten. Fiskar som er stressa, har eit svekt immunforsvar, og kombinasjonen av skadar ved handtering, kaldt vatn og aggressive bakteriar fører til infeksjonar og sår.

Vintersår med Moritella viscosa startar i huda, men kan bli til djupe kjøtsår.

Ubalanse

Huda til ein laks er tjukk og robust, med karakteristiske skjel som dekkjer størsteparten av kroppen, med unnatak av hovudet og finnane. I huda ligg det tett i tett med celler som skil ut eit slim som dekkjer heile overflata til fisken. Slimet gjer huda glatt, det nøytraliserer og vaskar vekk smittestoff, og det gjev på den måten vern mot skadar og infeksjonar. Eit sunt slimlag gjer òg at sår gror raskare.

Sjøvatnet kan vi sjå på som ei biologisk suppe med alle slags mikroorganismar, dei fleste driv med sitt utan interesse for å gje sjukdom hos fisk eller folk. Enkelte bakteriar er med i det vi kallar normalfloraen, eller mikrobiomet til fisken. Andre veks best når dei kan slå seg lause «ulovleg» inne i ein vertsorganisme, og slikt vert det sjukdom av.

Hos ein frisk fisk i eit naturleg miljø er det ein god balanse mellom fisk, miljø og mikroorganismar. I eit oppdrettsanlegg, anten det er på land eller ute i sjøen, finn vi ikkje denne balansen. Fiskane står tett saman i kar eller merdar der ein kan få rask oppvekst av potensielle sjukdomsbakteriar, og fiskane kan bli stressa eller skadd av handtering eller andre negative faktorar i miljøet. Smolt som kjem frå ferskvatn til sjøvatn, har til dømes ei tilvenningstid på fleire veker etter utsetting, der det er vist at heile immunforsvaret er svekt, samstundes som huda og slimlaget er tynnare og meir utsett for skadar.

Med vinter og kaldt sjøvatn er infeksjon med sårbakteriar eit vanleg problem i mange oppdrettsanlegg, særleg i dei to nordlegaste fylka.

Alle foto: Arve Nilsen

Hos ein frisk fisk i eit naturleg miljø er det ein god balanse mellom fisk, miljø og mikroorganismar.

Historisk

Alt i byrjinga av 1980-talet såg oppdrettarane at laksen (og regnbogeauren) i merdane fekk store sår om vinteren. Ofte var det mange fiskar som vart råka, men dei fleste overlevde, og såra grodde når temperaturen steig utover våren. I byrjinga trudde forskarane at det kalde vatnet kunne føre til blodpropp i huda, eller at såra kom på grunn av ei eller anna form for feilernæring, for mykje jern eller for lite sink og C-vitamin.

Vel ti år seinare oppdaga den norske doktorgradsstudenten Tor Lunner at vintersår var smittsamt, og to beslekta bakteriar vart knytte til sjukdomsutbrota. Den eine av desse, Moritella viscosa, har vi til no sett på som den viktigaste vintersårbakterien, medan den andre bakterien, Aliivibrio wodanis, også er vanleg å finne ved utbrot av sår, ofte saman med ei rekkje andre liknande sjøvassbakteriar.

Moritella viscosa er ein interessant bakterie som liker seg best i skikkeleg kaldt og salt vatn, gjerne ved temperaturar ned mot 4 grader. Fisken kan få i seg bakteriane gjennom anten gjellene, tarmen eller huda. Vintersåra kan komme etter ytre skadar eller ved at bakteriane spreier seg med blodet til underhuda.

Det startar ofte som små blemmer eller blødingar i huda. Blemmene brest, og etter kort tid kan såra bli så djupe at dei går heilt inn til ryggrada eller bukhola. Det kan òg bli betennelse i auga eller blodforgifting og brå daud. I dag er det vanleg å vaksinere mot vintersår, men vaksineeffekten er berre måteleg god, blant anna fordi det er så mange ulike bakteriar på ferde.

Atypisk vintersår

Atypisk vintersår med Tenacibaculum spp. kan gje store skadar på hovud og finnar, og dødstala er ofte høge.

For om lag ti år sidan dukka det opp ein ny type vintersår som vart kalla atypisk vintersår. I staden for sår langs sida, som er vanleg med moritellainfeksjonar, får fiskane store og aggressive sår på hovudet og på finnane, og ofte vil mange fiskar døy på kort tid. Dette skjer oftast hos den yngste laksen i den første tida etter utsetting og som regel på den aller kaldaste tida av ettervinteren.

Atypisk vintersår kjem av ein lang og trådlikande bakterie av typen Tenacibaculum. Desse var frå før kjende for å gje sjukdom hos havåbor i Spania og annan oppdrettsfisk over heile verda. No er dette blitt ein vanleg sjukdom i anlegg langs heile kysten vår, både i sjøanlegg og i anlegg som ligg på land (så lenge dei driv med sjøvatn). At bakterien i hovudsak ser ut til å angripe fisken utanfrå, kombinert med den store genetiske variasjonen med ulike typar og stammar, gjer det vanskeleg å utvikle ein god vaksine.

Ingen kur?

Antibiotika kan verke mot bakteriane i ei skål inne i laboratoriet, men ute i merdane er det lite å hente med medisinbehandling. Sjuke fiskar er dårlege til å ete medisinfôret, og det store mangfaldet av bakteriar som er innblanda, gjer det òg vanskeleg å finne noko effektivt legemiddel.

I oppdrettsnæringa blir det brukt mykje pengar på spesialfôr med antatt helsefremjande ingrediensar som omega-3-feittsyrer, sink og C-vitamin. I forsøk på karpefisk i India har dei nyleg funne ein ny og spennande kur mot sår med kurkumin, eit stoff som er henta frå det populære krydderet gurkemeie (fattigmannssafran).

Vi får truleg aldri heile oversikten over dei bakteriane som påverkar fisken, og dei mekanismane som regulerer utvikling og læking av sår. Men vi veit at kaldt vatn og mykje handtering av fisken fører til meir sår og dårlegare sårlæking.

Problema i anlegga er framleis store, og sidan vaksinar eller medisinar ikkje løyser problemet, må oppdrettsanlegga bli flinkare til å verne laksen mot skadar og styre produksjonen bort frå utsetting av små og sårbare fiskar på den kaldaste tida av året.

Arve Nilsen

Takk til Anne Berit Olsen for god fagleg rettleiing.