Nyheter

Veterinærer i media

Veterinærkontoret blei heidra med Gladprisen

Gladprisen: Her syng Aasmund Nordstoga sjølvkomponert stev til veterinær Mimmi Hauglid. Med prisen fylgde eit fint diplom med påtrykt stev og helsing frå gardbrukarane i Vinje. Foto: Torleiv Berdal, Vest-Telemark Blad

Vinnaren fekk under overrekkinga eit stev skrive av Aasmund Nordstoga og Gunnar Haugo. Vel 30 bønder møtte på Rauland i Vinje kommune, Vestfold og Telemark fylke, for å heidre veterinærkontoret i Seljord. Veterinær Mimmi Hauglid mottok prisen på vegner av kontoret. Ho var særs overraska og sa at prisen gjorde godt.

– Me skulle gjerne ha vore fleire frå kontoret her i dag, men dei andre var opptekne med fagdagar. Dei er på kurs og oppgraderer seg. Det er viktig for oss at me har ein stab som har god kunnskap, seier Hauglid.

Grunngjevinga for prisen vart
steva fram av Aasmund Nordstoga:

I all slags føre, virke og heilagt

Ja stutt hell langt,

det er like sjavsagt

Dei kjem med kunnskap

og trygge ro

Når bonden treng

Doktor Dyregod

So difor vil me no gjerne gjeva

Ein liten gladpris til

dikkon hera

På Seljord veterinærkontor

Til dikkon heve me

takksemd stor

Ein av bøndene som hadde møtt opp på prisutdelinga var raulendingen og sauebonden Erlend Fundli. Han jobbar til dagleg i Statkraft, men får bruk for veterinærane i Seljord nokon gonger i året, og særskilt når lemminga tek til på våren.

– Me bønder i Vinje er verkeleg glad for at dei har vakt 24 timar i døgnet. I det minste så kan me kontakte dei og få tips over telefon om dei ikkje har høve til å kome. Dei bryr seg verkeleg og er engasjerte og lettvinte å ha med å gjera. Viss det er heilt krise, kan me stole på at dei kjem uansett når, seier Fundli.

Veterinærkontoret dekkjer eit stort område: Vest-Telemark, Hjartdal, og er også Bø, Tinn, øvst i Setesdal og Drangedal.

Ei av dei frammøtte var eggprodusenten Hilda Vaa. Ho er også særs glad for tilbodet veterinærane i Seljord gjev, og var oppteken av at prisen gjekk til nokon utanfor landbruket.

– Me treng å samarbeide med mange fagfolk, også utanfor landbruket. Råd og hjelp treng me frå fleire hald for å kunne drive med landbruket. Difor gjer det godt å gje denne prisen til veterinærar som me er avhengige av, seier ho.– Det var ei hyggeleg overrasking å få denne prisen. Å vera veterinær er eit tøft yrke, du opplever mindre hyggjelege ting mange gonger når det gjeld dyra du behandlar. Då er det godt å bli sett pris på. Det kan bli mange intense timar på kontoret i Seljord med smådyr, og me behandlar alle slags dyr. Det gjev oss økonomi til å halde eit døgnope tilbod til bøndene. Etter mange intense timar er det godt å få seg ein køyretur i vakre Vest-Telemark. Det blir liksom som ein fridag for meg når eg kan ut å møte bonden på garden hans. Mottakinga er alltid god og det er mange møte med trivelege bønder, sa Hauglid.

Kilde: Vest-Telemark Blad, 29. mars 2022