Yrke og organisasjon

Trøbbel med tarmen

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.
Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 15. januar 2021

Dei siste åra har vi høyrt og lese mykje om at ein sunn tarm er viktig for folkehelsa. Men det er ikkje berre menneske som kan få trøbbel med tarmen, husdyra våre kan òg få vondt i magen. Tarmbetennelse er ein vanleg sjukdom i norske kalkunfjøs og er i dag den viktigaste årsaka til antibiotikabehandling i kalkunbesetningane. Men oppal av kalkun er ei lita næring, både i Noreg og internasjonalt, og vi har skuffande lite kunnskap om sjukdom og velferd hos desse store husfuglane.

Tarmbetennelse

Alvorleg tarmbetennelse hos ein kalkun kan ha fleire årsaker, men ein kombinasjon av tarmparasittar og bakterien Clostridium perfringens er som regel naudsynt, skal han få så alvorlege skadar i tynntarmen som vi ser på dette biletet.

Foto: Magne Kaldhusdal/Veterinærinstituttet

Det har vist seg at kalkunkyllingane er mest sårbare for tarmbetennelse når dei er frå fire til sju veker gamle. Kalkun blir fôra fram i store fjøs, på same vis som slaktekylling, vanleg storleik på besetningane i Noreg ligg på mellom 5000 og 13.000 fuglar.

Hofuglar og hannfuglar blir alte opp åtskilde. Hofuglane blir slakta etter tolv veker, og det er dei som endar opp som porsjonsfugl til jul og nyttår. Hannfuglane blir slakta sju veker seinare, dei blir gjerne tolv kilo store, og kjøtet blir brukt til pålegg, pølser og anna.

Omfanget av tarmsjukdom varierer mellom besetningane og gjennom året. Det som blir kalla alvorleg tarmbetennelse (nekrotiserande enteritt), kjem av bakterien Clostridium perfringens som veks opp i tynntarmen og skil ut gift som skader tarmveggen. Dyra døyr ofte raskt av uttørking eller blodforgifting. Men det er som regel tarmparasittar av typen koksidiar som først banar vegen for bakteriane. Koksidiane er parasittar som lever inne i cellene i tarmslimhinna og øydelegg cellene medan det blir sleppt ut store mengder nye parasittcystar til miljøet. I den skadde tynntarmen som er fylt med cellerestar og ikkje-oppsogen næring, er det lett for dei giftproduserande bakteriane å vekse opp.

Naudsynt med medisin

For å redusere parasittplagene og på det viset førebyggje bakterieoppvekst og tarmbetennelse får kyllingane parasittmedisin dei første åtte til ni vekene etter klekking. Det mest vanlege middelet er monensin, eit stoff som er i slekt med narasin. Det var vanleg å bruke narasin i kyllingfôr for å hindre oppvekst av tarmparasittar, men i 2014 kom ei rekkje avisoppslag der narasin vart sett i samanheng med utvikling av antibiotikaresistente bakteriar, og middelet vart fasa ut kort tid etter det. Narasin er i tillegg giftig for kalkun, og sjølv om monensin er mindre effektivt, er det i dag det mest brukte middelet for kalkun. Ein viktig grunn til at det er meir naudsynt med medisin til kalkun enn til kylling, er at det ikkje finst nokon god koksidiosevaksine til kalkun. Det ser òg ut til at kalkunane er meir utsette for tarmbetennelse enn slaktekyllingane er.

Dårleg luft, lite plass

Kyllingar som utviklar tarmbetennelse, vil ofte bli tydeleg sjuke, du ser gjerne at dei går og sturer og heng med hovudet heilt ute med veggen. Ein merksam bonde vil oppdage dette kjapt, avlive dei sjuke dyra og leite etter dei typiske tarmforandringane. Kyllingar som utviklar sjukdom, er som regel ikkje råd å kurere, men ein rask start på antibiotikabehandling kan berge resten av flokken. Viss det ikkje blir oppdaga, kan fleire bli sjuke og i slike tilfelle kan inntil 10 prosent av flokken døy.

Med mange dyr og stadig mindre plass blir det meir støv i lufta, meir skit på bakken og mindre høve til rørsle.

I ei fersk undersøking frå Noreg fann forskarane mest tarmbetennelse i mars og april og minst i dei varme månadene august og september. Det kan tyde på at klimaet inne i fjøset (ikkje overraskande) har noko å seie for tarmhelsa. Golva blir som regel strødde med sagflis når dei små kyllingane blir sette inn. Men fuglane veks fort, og med mange dyr og stadig mindre plass blir det meir støv i lufta, meir skit på bakken og mindre høve til rørsle. Vi veit frå andre studiar at i kalde fjøs med dårleg ventilasjon blir strøet fuktig og surt, og dyra kan få større problem med etsande sår under føtene og på bringa. Dårleg inneklima finn vi òg att som årsak til lungesjukdom og leddproblem.

Underskot

Tradisjonen med at den amerikanske presidenten benådar to kalkuner før hausttakkefesten (Thanksgiving) går tilbake til 1947. Her er kalkunen Peas som vart benåda av tidlegare president Donald Trump i 2018.

Foto: Wikimedia Commons

Sidan kalkunproduksjon er ein ganske liten del av husdyrhaldet i verda, har vi mindre kunnskap om velferd, sjukdom og førebygging av sjukdom hos kalkun enn hos andre dyreartar. I Noreg har vi ganske strenge reglar for areal og helsetilsyn, og tilhøva er truleg verre i mange andre land. Likevel døyr i gjennomsnitt 5 prosent av kalkunane frå klekking til slakt, medan 3 prosent blir kasserte på grunn av sjukdom eller skadar.

Men dødstala er truleg ikkje det største problemet. Verre er det at vi framleis har eit stort underskot på velferd, og mykje arbeid står att før vi kan benåde alle kalkunane frå unødig liding i vegen fram mot den store nyttårsfesten.

Arve Nilsen