Yrke og organisasjon

Vestenfjeldske har gjennomført nok ei vellukka årsmøtehelg

Andre helga i november vart den tradisjonelle kurs og årsmøtehelga i Vestenfjeldske veterinærforeining avvikla i Bergen.

Tekst og foto:
Karl Lunde

Lunde er veterinær og tidlegare mangeårig tillitsvald i Veterinærforeininga.

karl.lunde@haugnett.no

Storfehelse: 30 kollegaer møtte til kurset jurhelse på storfe, eit emne der det alltid er trong for ny kunnskap.

Styret, kurs- og festkomiteen hadde i år hatt eit ekstra problem å stri med. Det viste seg at hotellet me brukar vera på hadde teke inn to ulike tilstellingar denne helga. Me måtte derfor finna ein ny stad å vera. Det vart i år Hotel Admiral, og dette greidde kurskomiteen få til å fungera godt. Det er krevjande når så mange ulike aktivitetar skal samkjørast.

Fredag morgon starta det to kurs. 70 kollegaer møtte til kurs om anestesi av hjartepasientar, hjartesjukdomar, EKG og sjukdomar i luftvegen. Dei beste forelesarane var henta inn, kursdeltakarane fekk nok fagleg påfyll både under kurset og i pausane.

30 kollegaer møtte til kurs med tema: Jurhelse på storfe. Dette er eit emne det alltid er trong for å få ny kunnskap om. Dyktige forelesarar og mange deltakarar med mykje erfaring gjorde at alle sat igjen med ny kunnskap.

Smådyr- og stordyrkurset gjekk over to dagar. Laurdagen var det og eit kurs for dyrepleiarar, her møtte det 50 deltakarar. Her var emnet: Challenging anesthesia. Dyrepleiaren er ein viktig del av det tilbodet me gjev innanfor smådyrmedisinen, derfor viktig å ha dei med på slike faglege og sosiale samlingar.

Smådyrhelse: Kurset i smådyrsjukdomar om anestesi av hjartepasientar og sjukdomar i luftvegen samla 70 deltakarar. På laurdag var det og eit kurs for dyrepleiarar.

Som vanleg var det mange utstillarar med i helga. Desse er viktige bidragsytarar både økonomisk og fagleg. Pausepraten mellom utstillarar og kursdeltakarar frå ulike kurs og fagområde er viktig. Der kan ein både skaffa kunnskap og byggja nettverk. Dette er ein viktig del av slike samlingar der det faglege og det sosiale går hand i hand.

Årsmøtet i Vestenfjeldske vart avvikla fredag. Det møtte 18 medlemmer og avviklinga gjekk greitt. Møtet starta med minneord om foreiningen sitt æresmedlem Per-Arne Ludvigsen som brått gjekk bort 31. oktober. Han var påmeld og skulle vore med oss i helga.

Økonomien i foreningen er god, det same gjeld aktiviteten.

President Bjørnar Jakobsen var med og fortalde om kva Veterinærforeiningen arbeidar med, alltid kjekt å verta orientert.

Den sosiale delen starta med Lutefiskmiddag fredag kveld. 78 plasser var det me kunne få, det var venteliste for å koma med. Nokre av deltakarane har vore med heilt sidan me starta denne tradisjonen i 1988, for andre var det fyrste gongen dei prøvde lutefisk. Trur alle fekk ein fin kveld.

Laurdag var det tid for Årsfest, 110 hadde meldt seg på og møtte forventningsfulle opp på Admiral. Praten gjekk både mellom gamle og nye vener.

Under middagen ville Vestenfjeldske gjera stas på eit av sine medlemer. Lisbet Holtet har vore med i foreiningen sidan 1971. Ho har vore med i styre og stell, og dei som fekk vera med sette stor pris på arbeidslunsjane hos henne. Ho var og Norges fyrste kvinnelege distriktsveterinær. Ho var med og starta Bergen smådyrklinikk, dette var fyrste smådyrklinikken i Bergen. Festlyden fekk ei levande skildring av då ho som distriktsveterinær skulle løysa eit rotteproblem med innleigd katt. Katten enda på eit tak og måtte bergast av kollega Roar Ektvedt. Han var sikra med eit tau frå Lisbet sitt kastetøy. Kven som skulle klatra på taket, vart avgjort av kven som hadde høgast livsforsikring.

Etter ei vellukka helg med mykje fagleg og sosialt påfyll, var det berre å reisa heim. Det fyrste ein bør gjera er å merka av andre helga i november 2023. Då er det ny kurshelg der alle er velkomne.

Utstilling: Dei mange utstillarane som er med på kurs- og møtehelga er viktige bidragsytarar fagleg, økonomisk og sosialt. Pausepraten mellom utstillarar og kursdeltakarar er nyttig.

Lutefisk: Lutefiskmiddagen fredag kveld er starten på den sosiale delen av kurs- og årsmøtehelga i regi av Vestenfjeldske veterinærforeining. Her er nokre av dei 78 som deltok i år.

Årsfesten: Lørdag kveld var det tid for årsfest der 110 hadde meldt seg på.

Lisbet Holtet:  Under årsmøtemiddagen gjorde Vestenfjeldske stas på Lisbet Holtet som har vært med i foreningen siden 1971. Her er hun sammen med sin mangeårige kollega Roar Ektvedt. Foto: Hilde Røssland