Ku og kalv
Dyrisk
I denne spalta skriv veterinær Arve Hestmark Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.
Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 31. mars 2026.
E-post: arve.hestmark.nilsen@vetinst.no

Ein kalv treng nærkontakt med mora, og det må leggjast betre til rette for slikt samvær.
Foto: Adobe Stock
For nyfødde pattedyr er morsmjølk den tryggaste og beste maten, slik er det også for kalvar. Mjølkekua er det husdyret som vi med størst suksess har avla fram for å produsere eit stort overskot av morsmjølk. Samstundes er det enno vanleg praksis i norske fjøs å skilje dei nyfødde kalvane frå kua. Det er på høg tid å slutte med det.
Ei naturleg kalving er eit intenst og vakkert naturfenomen. Etter nokre urolege og smertefulle timar med opning av livmorhalsen sprekk den ytre fosterhinna (vasskalven) og den inste, blanke hinna som kalven er pakka inn i, kjem til syne.
Kua reiser seg og legg seg, ho pressar med heile buken for å få kalven ut – og så skjer det. Framføtene først, så hovudet, og kort tid seinare ligg kalven på bakken attom kua, dampande varm og våt av fostervatn og skjelvande av den kraftprøva det er å kome så brått ut til ei ny og framand verd. Navlesnora slitnar av under den siste utdrivinga, og sjølv om kua er sliten, er ho raskt på føtene, klar til å sleikje kalven rein og hjelpe han med å få i seg den første råmjølka.
Kalverov
Og nett her har vi menneske funne ut at vi skal bryte inn. I norske fjøs er det framleis vanleg praksis å fjerne kalven frå kua, lempe han opp i ein kalveboks og fôre han med flaske eller bøtte frå første dag. Målet har først og fremst vore å gjere det lettare å kome i gang med levering av mjølk, utan forstyrring eller konkurranse frå kalven. Det er også brukt som argument at ein diande kalv kan føre til at kua får skeivmjølka jur og i verste fall jurbetennelse.
Eg voks sjølv opp på ein gard med mjølkekyr på helgelandskysten på 1970-talet. Det moderne båsfjøset var teikna av arkitektar og landbruksøkonomar som openbert ikkje syntest kalvar var stort å bry seg med. Som i alle andre fjøs frå same tida vart kalvane plasserte i tronge boksar, stilte opp langs ytterveggen der kaldtrekken frå vindauge eller opne ventilar rasa rett ned på dei spinkle kroppane.
Og når kvelden kom og ei nybær ku og kalven hennar rauta i lengt etter å få vere i lag, trøysta vi oss med at dei kunne bere denne sorga betre viss kontakten vart broten med ein gong.
Mental sveltefôring
Den gule og proteinrike råmjølka, full av vernande antistoff, er ei naturleg kalvedrikke. Men etter dei fem første dagane er mjølka klar til å bli menneskeføde. I mange år vart kalvane difor fôra opp på rimelegare fôr, såkalla «kalvegodt», ei mjølkeerstatning laga av mysepulver iblanda plantefeitt og stivelse. Etter innføring av mjølkekvotar vart det heldigvis meir vanleg å bruke overskotsmjølka til fôr. Vanlege fôrplanar for kalv på bøttefôring har vore ein stad mellom sju og elleve liter drikke, delt på to til tre måltid om dagen. Men kalvar treng mykje protein og energi for å vekse normalt, og mange har fått for lite eller for dårleg mjølkefôring.
Like ille som underfôring er nok den isolasjonen og mentale sveltefôringa som kalvar får når dei blir ståande åleine i små kalveboksar. Ser du nærare etter på åtferda til einsame bokskalvar, vil du ofte sjå tydelege teikn på stress og understimulering, i form av det som blir kalla stereotyp åtferd: Dei rullar med tunga, sleikjer og syg på seg sjølv og på innreiinga, eller dei ristar formålslaust på hovudet. Det er enno lov å halde dei isolerte på denne måten i åtte veker, men det er heldigvis mange som slepper dei saman i større bingar før det.
Ein kalv «trykkjer» på same viset som rådyrkalvar, og dei første levedagane vil han bruke mykje tid på å liggje i ro og vente på mora. Etter det vil han ta til å følgje mora rundt for å bli kjend med omgjevnadene, møte dei andre dyra i flokken og byrje å ta til seg gras og førebu seg på eit liv som drøvtyggjar.
I ein større flokk vil dagane fort bli fylte av leik og herjing saman med andre kalvar. Kalvingsbingar er det no krav om i alle fjøs, og viss det ikkje er for stor kalvingskø, er det også mogleg å la kalven vere der saman med kua i nokre få dagar. Men ein kalvingsbinge eller to gjev ikkje nok tid eller plass til å sikre eit godt kalveliv.
Einsame kalvar er ofte stressa og understimulerte.
«Høg prioritet»
På stadig fleire gardar blir det lagt til rette for at kalven skal få vere saman med kua, anten i råmjølksperioden eller litt lenger. Dei fleste greier å få til litt improviserte løysingar i fjøset utan å gjere noka stor eller kostbar ombygging. Ein måte å ordne dette på er å leggje opp til fleire kalvingar i beiteperioden, ein annan er å setje tak på kor mange kyr som kalvar samtidig, men slik omlegging av kalvingstidene kan også føre til andre utfordringar i drifta.
Det vanlegaste er nok difor at kalvane må finne seg til rette i fjøs som er bygde for mjølkekyrne, anten dei står på bås eller går fritt i lausdrift. Slik frigang kan ende med kalveskit overalt eller med at det blir vanskeleg for kalvane å finne seg varme og gode liggjeplassar. Båsfjøs blir forbodne innan utgangen av 2033, og vi får tru at dei bøndene som blir med vidare, og som planlegg nybygg til lausdrift, set av meir plass til kua og kalven.
Det vil dei også tene på. Ei lang rekkje norske og internasjonale forskingsprosjekt har vist at kalvar som får meir tid med mora, og som får vekse opp i sosiale grupper saman med andre kalvar, et meir, veks betre, blir betre drøvtyggjarar og viser langt mindre teikn til vantrivsel, samanlikna med dei einsame bokskalvane. Dei blir også smartare og meir sosiale kyr når dei blir vaksne. Den positive effekten av kontakt mellom ku og kalv blir dessutan større dess lengre tid dei får vere saman.
I dyrevelferdsmeldinga – Meld. St. 8 (2024–2025) – foreslo regjeringa å innføre krav om sosial oppstalling av kalvar frå to vekers alder. For vidare utvikling av fast samværsrett for ku og kalv står det berre: «Kunnskapsutvikling på dette området bør fortsatt ha høy prioritet.» Dette er ikkje godt nok, og både politikarar og fagfolk må setje høgare mål for velferda til kalvane våre.