Distriktsveterinærens vekst og fall – frå fagmann til politisert inspektør
Dersom eg tar på meg mine bygdesosiologiske briller for å studere dei rollene distriktsveterinærane har hatt, frå ordninga vart oppretta i 1922 til ho vart avvikla da Mattilsynet kom i gang i 2004, så blir det lett til ei sørgjeleg historie om vekst og fall i status, tillit og omdøme. Spørsmålet er om dette er rett, og i så fall om kvifor det gjekk slik, og om det kunne gått annleis. Det var kunnskapen om sjukdom på dyr, saman med innsikt og kontroll med den veterinærmedisinske verktøykista, som ga dyrlegestanden høg status. Ikkje minst med innsatsen for å utrydde dei smittsame husdyrsjukdomane, skaffa distriktsveterinærane seg godt omdøme, sjølv om dei måtte vera strenge og gjennomføre drakoniske tiltak med nedslakting og sanering.
Denne artikkelen er tidligere trykket i Årbok 2024 utgitt av Norsk Veterinærhistorisk Selskap i 2024.
Dyrlegen, dyra og bygda
I det gamle bondesamfunnet og langt inn i det moderne bygdesamfunnet med industrialisert landbruk, var veterinærane ei av få yrkesgrupper på bygda som hadde høgare utdanning. Dyrlegane, som etter kvart vart kalla veterinærar, hadde som prestane og legane høgare status og betre inntekt enn dei fleste. Dei var mellom dei første som hadde personbil og hadde stor fridom til å leva gode liv. Etter at utdanninga som den siste av dei høgare utdanningane vart avkolonisert i 1935# Norges veterinærhøgskole på Adamstuen i Oslo tok opp det første kullet hausten 1935 og vart opna av Kong Haakon i 1936. Før vart veterinærane utdanna i København og Stockholm., var dei fleste dyrlegane menn med gode evner som hadde vakse opp på gard og kjente det landbruket dei skulle tene. Dyrlegane, legane, jordmødrene og lærarane er mellom dei yrkesgruppe som har bidratt mest til utviklinga av Bygde-Norge. Når dyrlegen tok av seg den kvite frakken og vart med inn på kjøkkenet til ein kopp kaffe, vart han bygdemenneske. Og når han sette seg i bilen på veg til neste gard med sjuke dyr, kunne han godt stoppe på vegen for å ta ein passiar eller gjera ein avtale med kjentfolk; i rolla som ordførar, formann i idrettslaget, slektning, gardbrukar eller spritlangar. Stryk det som ikkje passar!
Mye av dette er borte no. Borte er gardane med «spiseplikt». Borte er den pratsame bonden som du mesta ikkje kom ifrå før den siste historia var fortalt. Ungane på garden er også borte ved dyrlegebesøk. Før kunne kompliserte operasjonar og kastrering av hest vera reine attraksjonar for grendefolket. Når ein jypling sto og såg på ei komplisert behandling og på spørsmål frå far sin nekta å hjelpe, kunne dyrlegen litt skarpt seie at «Du må hjelpe far din!». Det virka, for både unge og gamle hadde respekt for dyrlegen.
Borte er husdyrdistrikta med kyr på kvar ein gard. Det er fleire katter og hundar enn produksjonsdyr i mange bygdelag og dermed langt mellom gardane som skal ha besøk. Til gjengjeld har fjøsa og dyreflokkane vorte store. Borte er den «gode» fjøslukta i nyvaska fjøs om hausten. Borte er også dei bratte kleivene der dyrlegen måtte gå til gards vinters tid. Borte er dei fleste smittsame husdyrsjukdomane. Borte er fjøsa der det var lågt under taket, og det er slutt med å vade gjennom møkkrenna med langstøvlar. Borte er veterinærfruene som hadde telefonvakt. No har mobiltelefonen skapt ein ny kvardag og smittesluser og skoovertrekk i blå plast har for lengst gjort sitt inntog. Eg kjenner ingen som vil tilbake til gammaltida, men det er viktig å kjenne til distriktsveterinærens historiske rolle i landbruk og lokalsamfunn for å finne vegen vidare.
Distriktsveterinæren
Det er ikkje berre faget og bygdesamfunnet som har endra veterinærens kvardag. Matpolitikk og internasjonale forhold har i nyare tid tatt stadig større plass. Distriktsveterinæren hadde heile tida ei dobbelrolle, både som praktiserande dyrlege som betente etterspørsel i ein marknad og som forvaltar av statlege tilsyn. Denne dobbelrolla i forhold til stat og marknad var ein balansegang som kravde betydeleg sosial intelligens. At det fanst ein offentleg tilsett dyrlege over heile landet var lenge ikkje sjølvsagt, og distriktsveterinæren kom på plass i mange bygder etter lang og seig politisk kamp frå lokale krefter. Tanken bak var den same som for distriktslegen: Ein kombinasjon av (dyre-)medisinsk praksis mot betaling og offentleg tilsett forvaltar av (dyrs) helse.
Dei dyrlegane som fekk stilling som distriktsveterinærar, gjerne noen av dei beste i sine kull, måtte langt fram i tid skaffe halvparten av inntekta frå privat praksis. Ordninga med 50 prosent lønn frå staten og kravet om 100 prosent nærvær, vart ei vanskeleg tilpassing i ein del distrikt. Når marknaden alt var dekt av dei private dyrlegane, vart innteninga knapp. Distriktsveterinærar utan fast distrikt (DUF) kom på 1960-talet, men desse sleit etter kvart med å få nok privat praksis, og mange av DUF-ane vart etter kvart saksbehandlarar hos fylkesveterinæren.
Veksten i nye heimlar for distriktsveterinær vart ein langtekkeleg affære. Det er verdt å merke seg at i mellomkrigstida med krisetid og tronge budsjett, auka talet på distriktsdyrlegar nesten ikkje, frå 157 i 1925 til 161 i 1939. Men i tillegg auka talet på privatpraktiserande dyrlegar frå 78 i 1925, 194 i 1939. Ved krigsutbrotet var det i alt 355 autoriserte, praktiserande veterinærar i landet. I dei første etterkrigsåra kunne det i statsbudsjetta koma ei ny stilling for året i heile landet, i noen år to. Talet auka frå 163 i 1946 til 212 i 1975, fordelt på 204 distrikt. På same tid auka talet på privatpraktiserande veterinærar langt sterkare, frå 191 i 1946 til 691 i 1975. Mange av desse nye, privatpraktiserande dyrlegane etablerte samarbeidsordningar med kollegaer, der distriktsveterinæren med sin autoritet kunne vera sjølve navet.
Borte er fjøsa der det var lågt under taket, og det er slutt med å vade gjennom møkkrenna med langstøvlar.
Veterinærfruene
Kona til veterinærane fortener eit eige avsnitt etter som deira rolle lenge var komplementær med ektemannens. Når dyrlegen var ute på oppdrag, var det ho som hadde 24 timars telefonvakt og ansvar for å oppspore mannen, kor han no enn var på ruta, for å gje beskjed og spare reiseveg. Både kone og barn var med og tok imot beskjedar og koordinerte den lange reiseruta. Med lange kjøredistansar mellom gardane, var det viktig å kunne få stansa dyrlegen før han var over i nye grender. Damene på den lokale telefonsentralen var også nyttige medarbeidarar, etter som dei gjerne hadde god peiling på kor dyrlege (og lege) var til ei kvar tid. Den tid dyrlegen var ein mann i einmannspraksis, med fasttelefon som einaste kommunikasjonsmiddel, var ei lojal og oppofrande kone ei forutsetning.
Veterinærfrua som ho kunne bli kalla, altså «fru Monset», «fru Singstad», «fru Øvre» eller «fru Hogstad», var langt inn i vår tid av eit «finare slag» enn bygdefolk flest. Det var ikkje få dyrlegar som hadde fått seg kone i København eller Oslo under studiane, og tilvenninga til bygdenes normer og uskrevne reglar kunne bli brå. Som medforvaltar av veterinærens sosiale status, vart veterinærfruene i mange tilfelle med på å markere den lokale overklassen i livsstil og omgangskrets. Mange av veterinærkonene skaffa seg etter kvart mye kunnskap om faglege spørsmål, og kunne koma med gode råd og hjelp til ventande klientar. For eksempel som å stille kua høgt med framparten når det var mistanke om kvast. Eller dei kunne ordne med bestilling av medisin på apoteket.
Praksismengden varierte sterkt etter sesong (lamming, kalving), og i slike hektiske periodar vart timane mange og lange før mannen i huset kom heim, luktande av møkk, silo, og andre “dufter“ som høyrer faget til. Dette var før det vart sanitæranlegg i kvart fjøs. Veterinærkona måtte vera tosidig støtpute: På den eine sida roe ned ventande klientar, og på den andre sida å melde til mannen når han kom innom døra, trøtt og sliten, at det venta enda ein viktig tur før dyrlegen kunne ta kveld.
Karriere og profesjonalisering
Karrieren til distriktsveterinærane starta gjerne i nyoppretta stilling i eit utkantdistrikt eller nordpå. Etter noen år kunne dei som hadde gode karakterar og skikka seg vel, flytte med familien til betre stillingar sørpå. Ektemaken og ungane til ein praktiserande veterinær måtte flytte med og tilpasse seg ein ny kultur og nye forhold. Dette forandra seg inn i vår tid, da jentene som vart saman med veterinærstudentar, ofte hadde den same bakgrunnen frå jamne kår i bygdesamfunnet. Dei hadde tatt si eiga utdanning og fekk sin eigen karriere, utan binding til veterinærmannens yrke. Mobiltelefonen vart den endelege dødsstøyten for den tradisjonelle rollen til veterinærfruene.
Med profesjonaliseringa og kvinnenes inntog i yrket, vart det meir og meir slutt med veterinæren som familiebedrift. Dei kvinnelege veterinærane som kom frå Adamstuen og ut i stordyrpraksis, var tøffe damer som raskt sette seg i respekt. Dei var ikkje redde for å gyve laus på vanskelege oppgåver som kravde resolutte inngrep. Det kunne gå gjetord om korleis dei ordna opp utan omsyn til at det kunne skvette både blod og avføring rundt dei.
Dobbeltrolla til distriktsveterinæren som offentleg finansiert husdyrtilsyn og privatpraktiserande dyrlege med ansvar for eiga inntening, førte også med seg betydelege fordelar. Som dyrlege med halv praksis måtte veterinæren vera oppdatert i faget og kjenne sine kundar. Som respektert praktikar var det lettare å bli høyrt når dyrlegen såg seg nøydd til å koma med velmeinte råd og i verste fall pålegg. Kommunikasjonen vart lettare, og det var lettare å bli høyrt. I mange tilfelle vart det ein «forhandlingssituasjon». Pålegget kunne vera: «Blir det dyrt for deg, tar du det over fleire år.» Ikkje slik ein kan høyre om i dag: «Gjer så og så; – eller så,…!»
Ulempa med den gamle dobbelrolla var mistanke om inhabilitet. Det er ikkje så lett å bite den handa som før deg, om det skulle vera nødvendig. På denne bakgrunn vart det lagt opp til eit fullstendig skilje mellom privat praksis som veterinær og offentlege forvaltingsoppdrag. Denne prosessen starta med eit forslag i ein NOU i 1981, men det var først i 1992 at prinsippet om skilje vart politisk klarert. Frå 1993 og utover vart det gradvis fleire distriksveterinærar i 100 prosent stilling. EØS-regelverket vart ein viktig drivar for oppsplitting av dobbeltrolla. I tillegg vaks den ressurssterke oppdrettsnæringa fram der distriktsveterinæren kunne møte skarpe juristar, og der millionar står på spel. Jus var nok ikkje distriktsveterinærens sterke side. Innan dyrevernet kunne det også oppstå utfordringar rundt habilitet. I 1998 hadde 41 full statleg stilling, mens 163 distriktsveterinærar fortsatt hadde kombinert stilling. Det skjedde ein glidande overgang, og sjølv om kombistillingane vart foreslått avvikla med St. prop. 54 i 2001, så var det framleis i noen år veterinærar som fekk kombinere den statlege stillinga si med privat praksis.
Færre store og fleire små dyr
Smådyra sitt inntog i veterinær praksis førte til eit tidskille og på sikt ein verdikamp. Dette skjedde i alle land av vår type. Som ein svensk veterinærprofessor sa til meg først på 2000-talet om kva faglege spørsmål dei diskuterte i lunsjen: «Vi diskuterar när det är rätt tid att avliva sjuka djur.» Ho sa at skiljet i hovudsak gjekk mellom unge og eldre. Når dei middelaldrande og eldre sa at «nok er nok, avslutt lidinga til dyret med avliving», vart dei yngre sjokkert og foreslo livsforlengande behandling. Både medisinsk teknologi og folk si kjøpekraft gjer at ei rekkje sjukdomar på dyr no blir behandla på same måte som sjukdom på folk. Til det kjem at mange i dag ser fleire menneskelege trekk ved kjæledyra sine enn før. Avliving blir da eit siste tiltak, etter at til dels kostbar livsforlengande behandling er prøvd. Her må det vera lov å stille spørsmål både ved samfunnets ressursbruk og dyreetikken. Er den dyreeigaren uetisk som lar dyret sitt avlive framfor å halde det i live på halvårsvis med til dels smertefull behandling? Og kva ansvar har veterinæren?
Bondekona, som før baud på kaffe og prat i ei triveleg stund, har no vorte lærar, sjukepleiar, sekretær eller butikkdame.
Det nye hamskiftet
Tradisjonelt hadde distriktsveterinærane lange ruter, lange vakter og lite fri. Gjentatte forsøk på å gjera noe med dette, hadde feila. Det var neppe tilfeldig at veterinærane fekk si avløysarordning i 1974, berre to år før bøndene. Veterinærane utvikla sjølv samarbeidsløysingar med felles telefonvakt, som var eit stort framskritt for familielivet til dyrlegen. Den store sosiale endringa, som kom med bydamene på studiet og seinare ut i praksis, kunne ikkje ha skjedd utan den sosiale omveltinga av arbeidskvardagen på 1980- og 1990-talet.
Det store landbruksbildet frå 1980-talet og fram til i dag har vore ei omdanning av familiebruk til einmannsbruk. Der det før var «mann, kone og ein vaksen heimeverande son», slik familiebruket vart definert frå Stortingets talarstol i 1955, vart det etter kvart att berre ein vaksen mann og knapt nok det. Denne eine bondemannen var heller ikkje alltid å finne heime, men gjerne borte på anna arbeid. Bondekona, som før baud på kaffe og prat i ei triveleg stund, har no vorte lærar, sjukepleiar, sekretær eller butikkdame. Beskjeden om kva det gjeld, kan godt stå på ein lapp på fjøsdøra.
Dette store hamskiftet forandra også kvardagen til veterinæren. Etter kvart vart det jamlege besøk berre på mjølkebruka. Dessutan hadde dei som dreiv med andre husdyrproduksjonar meir pressa økonomi, slik at det å ringe etter dyrlege vart utsett. Til det store bygdebildet høyrer at naboar ikkje lenger møttest i fjøset hos kvarandre, fordi naboen hadde slutta eller fordi nabopraten ved mjølkerampa og ved kaffebordet hadde stilna.
På denne bakgrunnen burde dei mange dyretragediane vore ein varsla katastrofe. «Det er noe i all gålan» som dei seier her i Trøndelag. Når «det vart noe», som for eksempel ved psykisk sjukdom, sto det før alltid noen bak som kunne tre til eller i det minste skaffe ei hjelpande hand. I det bondesamfunnet som forsvann ein gong mellom 1970 og 1990, alt etter landsdel og type bygd, var det ein innebygd termostat. Før det koka over eller fraus til, vart tradisjonelle regulerande mekanismar aktivert. Ein bror eller ei søster vart kalla heim, kårfolka måtte trå til, eller dyrehaldet vart rett og slett avvikla etter initiativ frå gardens folk.
Helten som hindra kugalskapen frå å koma til Norge
Det er to hendingar som for alvor markerte at Norge ikkje lenger kunne beskytte norsk matproduksjon og skaffe norske forbrukarar trygg mat under ei «osteklokke»: Ulykka ved atomkraftverket i Tsjernobyl og utbrotet av kugalskap på dei britiske øyane i 1986. Norske veterinærstyresmakter vart gjennom møte i Verdas dyrehelseorganisasjon orienterte om utbrota av britiske kollegaer. Britane hadde i 1981/82 av økonomiske grunnar lagt om rutinane for produksjon av kjøttbeinmjøl, etter Thatchers ønske om liberalisering. Dei hadde gått over frå den vanlege metoden med oppvarming til 130–140˚C i autoklav, til behandling med kjemikaliar ved 80–90º C. Dette uroa norske veterinærstyresmakter. Veterinærdirektør Olav Sandviks (1925 – 2010) resolutte importforbod av britisk kjøttbeinmjøl i 1987, via kommandolinja til fylkesveterinærane og distriktsveterinærane med heimel i innførselsplakaten, berga Norge frå å få smitte av kugalskap inn i den norske matvarekjeda. Sandvik vart møtt med motstand på høgt politisk hald, men truga med å trekke seg om han ikkje fekk viljen sin.
Tiltaka imot spreiing av kugalskap i Norge førte til ei sterk opptrapping av kontrolltiltaka, både av importerte og norske fôrblandingar, kjøttvarer og levande dyr. Næringsmiddelkontrollen vart styrka, men da Norge inngjekk veterinæravtalen med EU i 1999, sa vi frå oss retten til grensekontroll med mindre det var konkret mistanke om fare for helse, tryggleik eller miljø. Det kunne tas stikkprøver eller gjøres undersøkelser på mistanke etter at varene var komne til landet. Enn så lenge er Norge, saman med Sverige, Island og delvis Finland annleisland, med færre alvorlege husdyrsjukdomar og langt færre tilfelle av matborne sjukdomar enn resten av Europa. Trygg mat har i stigande grad vorte eit spørsmål om kven som er til å stole på. Ein stabil andel på over 70 % meiner at det er tryggast å eta norsk mat. Dette synet byggjer i stor grad på høg tillit både til jordbruket og til det norske kontrollsystemet.
Aukande fokus på kontroll og tilsyn av mat og levande dyr må ein og sjå som uttrykk for eit stigande smittepress, ved at folk reiser meir og at internasjonal handel med mat og dyr har auka. Dette skapte ein situasjon med ønske om betre samordning og sterkare politisk styring av tilsynet med produksjon av all mat i eit felles statleg mattilsyn. Målet var å samle fem tilsyn under fire statsrådar i ein institusjon med «ei felles dør inn», som daverande landbruksminister Bjarne Håkon Hanssen formulerte det.
Tiltaka imot spreiing av kugalskap i Norge førte til ei sterk opptrapping av kontrolltiltaka, både av importerte og norske fôrblandingar, kjøttvarer og levande dyr.
Fem tilsyn blir eitt
Mattilsynet, med formål å ta vare på forvaltinga av all land- og sjøbasert matproduksjon, vart oppretta i 2003 av regjeringa Bondevik II med Sponheim som landbruks- og matminister. Prosessen for å slå saman tilsyn vart starta opp i 2001 av daverande landbruksminister Bjarne Håkon Hanssen. Frå 2004 overtok Mattilsynet funksjonane til fem tidlegare tilsyn på området:
Statens dyrehelsetilsyn (distriktsveterinærane)
Statens næringsmiddeltilsyn (SNT)
89 kommunale næringsmiddeltilsyn
Statens landbrukstilsyn (plantevern)
Fiskeridirektoratets sjømatkontroll
I starten hadde Mattilsynet tre nivå, men i 2015 vart det gjennomført ei større organisasjonsendring der distriktskontora forsvann. Tilsynet gjekk over til ein tonivåmodell, med hovudkontor og fem regionkontor: Nord, Stor-Oslo, Øst, Midt og Sør-Vest. Kvar region er delt inn i underavdelingar. Mattilsynet er underlagt Landbruks- og matdepartementet og rapporterer i tillegg til Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Mattilsynet har rundt 1300 tilsette og har rett til å inspisere alt dyrehald. Inspeksjonar skjer ofte som følgje av at publikum sender bekymringsmelding til Mattilsynet. Frå 2011 har publikum kunna sende melding til Mattilsynet via ein svært synleg varslingsplakat på Mattilsynets nettsider. Dette har ført til ein stor auke i talet på varslingar, særleg om smådyr som ikkje har det bra.
Ved opprettinga av Mattilsynet vart distriktsveterinærane «avskilta» og etter mange si oppfatning degradert til inspektørar. Distriktsveterinærane som hadde hatt privat praksis i tillegg etter 50 prosentregelen fekk ikkje lenger ha privat praksis for å unngå inhabilitet. Frå da av skulle alle inspektørar i prinsippet beherske alt. Blant dyrehaldarar vart inspektørane møtt med skeptiske spørsmål: «Kva kan du?» og «kva slags dyrehald har du erfaring med?» Yngre inspektørar som kom rett frå skolebenken, utan praktisk erfaring og med kort livserfaring, førte til dårleg kommunikasjon i ein del tilfelle. Omdømet til Mattilsynet fall dei to første tiåra, også på grunn av sterk pågang frå dyrevernorganisasjonane og stor mediomtale i noen få, men vanskelege saker.
Det er ei utbreidd oppfatning både blant veterinærar og husdyrhaldarar at opprettinga av Mattilsynet førte til ei framandgjering mellom fagperson og yrkesutøvar. Den ubrotne faglinja frå veterinærdirektør via fylkesveterinæren til distriktsveterinæren var borte. Signala frå Mattilsynet som skal famne mange faggrupper, frå biologar og veterinærar til juristar og etikarar, blir gjerne breie og allmenne. Dette førte til ei gradvis oppsmuldring av fagleg ansvar. Til dette kjem det evige dilemma kor du skal plassere deg på dimensjon inspektør- vegledar-konsulent. Til det trengst både lokalkunnskap, erfaring og «fingerspitzgefül». Det er best å snakke med folk før ein postar ein tjukk bunke med avvik og pålegg i juridisk språkdrakt.
Oppsummering
Frå etableringa for over hundre år sidan og fram til etableringa av Mattilsynet skjedde det store endringar i rolla til distriktsveterinærane. Frå å vera ein respektert og av noen frykta offentleg tilsett dyrlege med høg prestisje, vart både status og prestisje redusert under internasjonaliseringa og politiseringa på slutten av perioden. Det er fleire årsaker til dette. Til dels kom internasjonaliseringa på oss utanfrå og osteklokka vart løfta av eit lenge skjerma landbruk som også veterinærane måtte forhalde seg til. Løysinga vart å politisere faget, tilpasse norsk lovverk til internasjonale forordningar og direktiv og legge dei statlege tilsyna av dyrehelse og næringsmiddel inn under eit samla Mattilsyn. Samtidig vart distriktsveterinærane som følgde med på lasset ikkje lenger veterinærar, men inspektørar. I tillegg skapte auka merksemda i media på trygg mat og dyrevelferd til stort fokus på dei relativt få tilfella der tilsynet avdekte alvorlege saker. I sin tur, når det oppsto konfliktar med yrkesutøvarane, vart tilsynet dratt inn i dei til dels kunnskapslause og kjensleladde debattane som følgde. Dessutan vart heile dyrlegestanden med på moderniseringa av Norge, der landbruk og landsbygd fekk mindre makt, status og prestisje, og byar og byfolk tok meir over styringa. Sjølv om veterinæryrket vart med på toget mot dagens Norge da kvinnene gjorde sitt inntog på Adamstuen og i bygdene, hjelpte dette ikkje på det store domenetapet da den faglege kommandolinja frå veterinærdirektør via fylkesveterinær til distriktsveterinær vart slått over ende. Men marknaden for veterinære tenester heldt seg og auka da det vart vanleg å behandle kjæledyr like godt som husdyr og etter kvart i noen tilfelle like godt som folk.
Veksten i talet på privatpratiserande veterinærar og auka marknadsmuligheter i bynære strok, bidrog ikkje til å erstatte statustapet. Da distriktsveterinærane vart «avskilta» og degradert til inspektørar, oppsto det ei framandgjering mellom fagperson og yrkesutøvar. Det gjorde ikkje saka betre at eldre, erfarne veterinærar betakka seg for å gå over i Mattilsynet. Dette førte til ei gradvis forvitring av fagleg ansvar. Det er også reist tvil om det er dei beste veterinærane som endar opp i Mattilsynet. Dyrlegane visste kven som var dei beste på sine kull og følgde med kor dei hamna. No er dette meir uklart. Til dette kjem at når råda frå Mattilsynet skal famne alle faggrupper, så blir signala veldig breie og allmenne.
Den sosiale og geografiske rekrutteringa av veterinærar har og forandra seg. Til studia i København var det mest overklasseungdom og ein og annan evnerik ungdom frå bondebygda som søkte. Etter at utdanninga vart flytta heim i 1935, søkte etter kvart mange flinke bondesøner seg til studiet, ikkje minst frå landsgymnasa. Det var vanskeleg å koma inn, og ein måtte ha realartium eller tilsvarande, som sorterte ut flinkisar frå middelklassen på bygdene. Etter kvart vart det fleire bondestudiner blant bondestudentane og med smådyreksplosjonen kom by- og hestejentene inn med sine verdiar og haldningar, som ofte braut med det tradisjonelle nyttesynet på husdyra.
Parallelt med nedklasseringa av veterinærane frå overklasse på bygdene til den meir allmenne middelklassen av utdanna fagfolk, flytta veterinærane som politisk gruppe seg frå Høgre og det konservative Bondepartiet til det moderne og meir radikale Senterpartiet og venstrepartia. Veterinærar med eigen gard vart og meir sjeldsynt etter kvart, sjølv om dei framleis finst, mest i den eldre garde. Kva har forandra seg mest? Bonden eller bondekona? Veterinæren eller veterinærfrua? Kua, grisen, høna eller sauen? Eller hesten, hunden og katta? Her må eg sitere fritt etter minnet frå eit kullblad for veterinærstudentar: «Kua er den samme, jurbetennelsen er den samme, men borte er de rødmussede bondekonene som bød på kaffe.»
Arbeidsoppgåvene for distriktsveterinærane skifta i takt med samfunnsutviklinga. Særleg i mindre distrikt med berre ein dyrlege tok dei offentlege oppgåvene som låg til dyrevelferd, sjukdomskamp og næringsmiddelkontroll lite tid og den private praksisen mest all tid. Til gjengjeld var det 24/7 vakt året rundt. Dette skiftet kom gradvis, med avløysarordninga i 1974 og samarbeid om vaktordning med fleire kollegaer.
Etterpåklokskap
Eit viktig spørsmål for den som forvaltar dyrs helse og velferd er kor på skalaen ein vil plassere seg: Tar ein rollen meir som streng og kjøleg inspektør eller som empatisk rettleiar/konsulent? I etterpåklokskapens bleike lys, er det lett å sjå feil som har vorte gjort. Frå min ståstad burde veterinærane ha fått med seg yrkestittelen over til Mattilsynet i staden for «inspektør». Det ville både skapt kontinuitet og tatt vare på tillit. Gjennom den interne arbeidsdelinga kunne ein ha rydda plass for ein respektert profesjon utan fortrengsel for nødvendig ny kompetanse og nye profesjonar. Det er eit paradoks at tittelen veterinær fortsatt både kan og må brukast internasjonalt.
Dernest burde ein ha hausta og bygd vidare på lærdom frå andre statlege etatar. Ein tommelfingerregel har vore at ein kjem langt hos dei fleste med gode råd og rettleiing. Først når det viser seg at dette ikkje nyttar, bør ein koma med pålegg og trussel om straff. Munnleg kommunikasjon må brukast for å oppnå kontakt og tillit til det som måtte koma, først da kan papir og vedtak gjerast. Slik er det òg med ein god dommar på fotballbanen, som kjem med tilsnakk før hen trekker det gule eller det raude kortet.
«Tillit kjem til fots og drar sin veg til hest», heiter det i eit gammalt ord. Den tilliten som distriktsveterinærane naut på bygdene, var oppbygd gjennom tiår i delt praksis mellom tilsyn og behandling av sjuke dyr. Kan den tilliten og omdømmet som forsvann med opprettinga av Mattilsynet byggast på nytt. Definitivt, men da må dei som forvaltar dyrevelferd og dyrehelse snakke og forklare meir og sende mindre papir med drastiske vedtak. Og i botn av alt må det ligge kunnskap om og innsikt i både folk og dyr.
Kilder:
Bjørn Loe: Glimt fra et langt veterinærliv. Om Bjørnar Bergeton Loe 2021
Eivind Liven (red): Dyrehelsa i Norge. Veterinærvesenets historie 2021. Kolofon forlag.
Veterinæren- yrke, organisasjon, samfunn. Den norske veterinærforening 125 år. 2013
Trøndelag veterinærforening 1900-2000: På vakt for folk og fe i 100 år.
I tillegg har eg hatt samtalar med:
Alv Helge Skeie, Eivind Dragset, Johan Aurstad, Johan Børsheim, Jostein Rekstad og Knud Aune.