Yrke og organisasjon

Mange deltok på kurs- og møtehelg i Vestenfjeldske

Helga 8.-10. november var veterinærar og dyrepleiarar samla til fagleg påfyll og sosialt samvær i Bergen.

Karl Lunde

Leiar, Pensjonistforeninga i Den norske veterinærforening (DNV-P)

Omfattande fagprogram

Trufaste kursdeltakarar: Her er (f.v.) Lars Gåsemyr, Asle Bjørgaas og Gunnar Hofslundsengen i ein pauseprat på kurshotellet.

Foto: Karl Lunde

Omvisning: Anne Berit Olsen viste pensjonistane rundt i lokala til Veterinærinstituttet.

Show: Polkabjørn og Kleine Heine serverte eit rikhaldig show under middagen.

Foto: Karl Lunde

Leiar i Vestenfjeldske: Eva Reksten talar under midddagen.

Foto: Karl Lunde

Det starta fredag morgon, då møtte 75 veterinærar til kurs. På smådyrkurset var temaet endokrine sjukdomar, medan stordyrveterinærane vektla «Kalvens utfordringar frå seint fosterliv til produksjonsdyr.» Temaet for begge kursa var omfangsrikt og interessant, noko kursdeltakarane gav tydeleg uttrykk for i det store området der ein kunne møte kollegaer og ei rekkje utstillarar. Dette pauseområdet er på mange måtar nesten like viktig som kursa. Her vert mange faglege spørsmål drøfta, og like viktig er dei nettverka som vert bygde.

Samling for pensjonistane

Nytt av året var ei eiga samling for pensjonistane i Vestenfjeldske. Av 40 DNV-P-medlemmer frå dette området, møtte ni til samling i Veterinærinstituttet sine lokale. Kari Nordheim ynskte oss velkomne og Anne Berit Olsen viste oss rundt i dei imponerande lokala. Me fekk ei interessant innføring i dagens diagnostikk, særleg innanfor «blå» sektor.

Tema elles var DNV-P, vår plass i organisasjonen og kva saker det vert arbeidd med. Vidare orienterte Martin Binde om Veterinærhistorisk selskap og særleg om Veterinærhistorisk årbok, der han er redaktør for utgåva for 2024.

Etter det gjekk praten lett om mange emne. Alt før kaffi og bergenske skillingsbollar kom på bordet, var fylkeskommune og kongehus avvikla.

DNV-P sine medlemmer flytta seg så til kurshotellet. Der fekk me tid til å møta kollegaer og ta ein runde i utstillingsområdet.

Årsmøte

Etter dette var det årsmøte i Vestenfjeldske. Årsmeldinga viste ei forening med god aktivitet og sunn økonomi. Vala gjekk greitt, det vart og tid til drøfting av sakene på årets Representantskap.

Lutefisk

Så var det klart for lutefisk. I 1988 vart det for fyrste gong invitert til lutefisk på Enhjørningen Fiskerestaurant. Dette er etter kvart blitt den delen av kurshelga der flest ynskjer vera med. Me får berre 70 plassar, sjølv om ein bestiller eit år på førehand. Så her gjeld det å vera tidleg ute.

Kurs og Årsfest

Laurdag morgon var 75 veterinærar og 50 dyrepleiarar klare for kurs. Eindagskurset for dyrepleiarar hadde som tema sedasjon, anestesi og oppvakning.

Etter ein lang kursdag, inviterte Vestenfjeldske til Årsfest. Om lag 70 møtte til ein velsmakande meny. Nytt av året var at visevert og dansemusikk var bytt ut med eit musikalsk show av Polkabjørn og Kleine Heine. Dei styrte middagen og serverte både strupesang, jodling og sjonglering. I tillegg framførte dei nokre gospelmelodiar for «den eldre del av publikum». Trur dette vart vel motteken av dei fleste i salen.

Etter bordsetet heldt festen fram til ut i dei små timar.

Koordinering av kurstilbodet

Dette med aktive lokalforeningar som lagar til kurssamlingar vert meir og meir vanleg. Saman med tilbodet frå særforeningar og andre både her i landet og i utlandet, gjer dette at kurstilbodet for veterinærar vert svært stort. Dette er bra, men det er kan henda trong for at nokon samlar alle desse og prøver koordinera tilbodet. Dette gjeld både kursemne og tidspunkt. Ingen er tent med at me øydelegg for kvarandre.

Så takkar me for ei fin helg i Bergen. Hugs berre å kryssa av i kalendaren for 2. helga i november 2025.