Frå Adamstua til Vega
I august månad 1968 møtte 36 unge, fire jenter og 32 gutar, til skulestart på NVH.
Kull 68

Kullingar med fylgje samla på Vega. Det er godt å møtast.
Foto: Tor Odd Silset
Oslo var pynta med blomar og banner då me kom, men det hadde kan henda meir med bryllup på slottet#Daverande Kronprins Harald og frøken Sonja Haraldsen gifta seg i Oslo Domkyrkje 29. august 1968. (red.anm.) enn med oss å gjera.
For oss, som for andre kull, vart dette starten på venskap som varer enno. Då me etter 5 ½ eller 6 år drog kvar vår veg, var det mange tårevåte auge å sjå. Men me lova å halda kontakt, og kullavisa kom straks i gang. Fyrst var det tjukke konvoluttar, no dukkar den opp på skjermen Juleafta. Då er det Jul.
Kullsamlingar har me hatt mange av. Fyrst kvart 10. år, så vart det kvart 5. år og no møtest me annakvart år. Det er godt å møtast, kullingar med fylgje. Litt sårt no, tida har gått og med den vert nokre borte. Men dei vert ikkje gløymde.
Me har hatt samlingar ulike stader, mellom anna to turar til Island der Eggert og Begga har vore vertar. Me har reist med Hurtigruta, vore på Stiklestad, Oslo og Ålesund. I år gjekk turen til Vega, øykommunen på Helgelandskysten i Nordland. Petter Rønning hadde lyst til å visa oss sin landsdel. 26. juni møtte me, mange med bil og nokre med fly. Til saman 21 frå kullet møtte. Me kom fram i eit fantastisk vær, vindstille og strålande sol. Etter middagen på hotellet, var det mange som nytta den lyse sommarnatta til ein tur i Vegatrappa. Det var eit eventyr.
Dagen etter hadde Petter ordna busstur med lokal kollega Odd Joar Oppegaard som guide. Det minna om eit pensjonistlag på tur, alle prata heile tida.
Om kvelden var det middag med mykje mimring, mange minne skulle delast. Nokre tok på heimveg laurdagen, men mange var over til søndag. Vega Havhotell gjorde at det vart trivelege dagar.
Tusen takk til Petter for jobben han har gjort.
Me gler oss alt til neste samling. Den vert i alle fall når 60-års jubileum skal feirast.

Turen i Vegatrappa var eit eventyr.
Foto: Tor Odd Silset