Yrke og organisasjon

Listeriose

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål. 
Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid, 12. desember 2025.

«Sidan listeriabakteriar kan formeire seg i kjøleskap (4 grader) og utan oksygen, vil dei ha gode vekstvilkår i vakuumpakka og kjølelagra mat som er ferdig til konsum.»

Miljøet på jorda og i havet er svært annleis enn det var før menneska tok kontroll over alle ressursane. Vi et og vi skit, pløyer opp jorda og fyller på med kunstgjødsel og dyremøkk. Dei mikroorganismane som trivst i selskap med oss og avføringa vår, har gode vekstvilkår. Som ein naturleg konsekvens av dette deler dyr og folk mange av dei viktigaste smittsame sjukdomane. Bakterien Listeria monocytogenes kan gje sjukdomen listeriose, ei helseplage for folk og dyr, og eit aukande problem i mange europeiske land.

Listeria monocytogenes er vanleg i avføring, jord, vatn og mange matvarer, men hos oss er listeriose kanskje mest kjend som ein sjukdom hos sau og geit. Har du ei drektig søye som har slutta å ete og berre står og pressar hovudet mot veggen, kan det vere både mjølkefeber og fosterforgifting. Det kan også vere eit typisk tilfelle av listeriose. I skjemt silofôr med pH over 5, gjerne forureina med jord frå innhaustinga, kan det vekse store mengder listeria. Frå småsår i munnhola kjem bakterien seg inn i blodet og vidare til nervevevet.

Derfrå er det kort veg inn til hjernestammen, med ein livstrugande hjerne- og hjernehinnebetennelse som resultat berre eit par dagar seinare. Skadar på nervane som går ut frå hjernestammen, fører ofte til lamming av musklane på eine sida av hovudet. Munnvika, øyret og augelokket på eine sida heng slapt ned, den sjuke sauen siklar og liknar mest av alt på ein person med hjernebløding.

Listig

Listeriose smittar ikkje frå dyr til dyr, men bakteriane får vi i oss med mat, vatn eller jord. Vel på plass inne i kroppen har dei funne ein listig strategi for å lure immunforsvaret. Spesielle protein blir brukte for å kople seg til og trengje inn i cellene til verten. Til og med dei kvite blodcellene, kroppens eigen politistyrke, kan bli infiserte og vere med på å frakte bakteriane frå blodet og inn til dei mest sårbare og best beskytta stadene i kroppen, som hjernen eller morkaka.

Strategien er stort sett den same anten listeriabakteriane angrip ein sau, ein kval eller eit menneske. Hos menneske er det vanleg at folk er berarar av bakterien utan å bli sjuke. Nokon kan bli sjuke med noko som liknar ein lett influensa. Hos særleg sårbare, som gravide, eldre og folk som går på immunregulerande legemidlar, kan det bli langt meir alvorleg, i verste fall kan pasientane døy av akutt blodforgifting.

Ved behandling med penicillin er det mogleg å drepe alle bakteriane. I framskridne tilfelle er det likevel ofte for seint å gjere noko med skadane i hjernen eller i det ufødde fosteret. Abort eller dødeleg sjukdom hos nyfødde er eit dystert, og kanskje underdiagnostisert, problem.

Abort eller dødeleg sjukdom hos nyfødde er eit dystert, og kanskje underdiagnostisert, problem.

Hardfør

Hjerne- og hjernehinne-betennelse er ein typisk sjukdom hos sau og geit som blir fôra med dårleg silofôr.

Foto: Facebook-gruppa Veterinary Practitioner

Den varme og trygge tarmen hos dyr og fuglar er favorittbustaden til listeriabakteriane. Men dei toler litt av kvart, alt frå syreangrep og saltlake til frysing og oksygenmangel, og overlever i jord og vatn i årevis. Listeriabakteriane blir i tillegg ekstra hardføre på grunn av evna til å lage det vi kallar biofilm, ei seig hinne av bakteriar som gjerne legg seg på overflata av innreiing og utstyr i lokale der det blir produsert mat.

Hos husdyr kan bakteriane infisere jurvevet og spreie seg vidare med mjølka. Pasteurisering til 72 grader i 15 sekund drep bakterien, og slik sett skulle det vere trygt for alle å drikke mjølk og ete ost. Men listeriabakteriar kan ha slått seg ned i ysteriet og infisert osten etter varmebehandlinga. Og dei som av ein eller annan grunn trur at upasteuriserte mjølkeprodukt er sunnare og meir naturlege, kan gle seg over høvet til å få ein heilt naturleg listeriainfeksjon med på kjøpet.

Svenskedødaren

Sidan listeriabakteriar kan formeire seg i kjøleskap (4 grader) og utan oksygen, vil dei ha gode vekstvilkår i vakuumpakka og kjølelagra mat som er ferdig til konsum. Ost har vi nemnt, men endå betre, frå bakteriane sin synsstad, er foredla fisk som blir lagra lenge og til slutt blir eten rå. Tilset du nokre få listeriabakteriar tidleg i produksjonen av til dømes røykjelaks eller rakfisk, kan det bli ei skikkeleg smittebombe før produkta går ut på dato.

Den største smittesmellen i norsk lakseeksport skjedde kanskje i 2022, då sju menneske i Sverige døydde av listeriose og mange fleire vart alvorleg sjuke. Smitten vart spora attende til norsk laks frå firma som lenge hadde hatt problem med listeria av same type i fabrikkane sine. Mattilsynet, som stadig finn listeria i fiskeslakteria, kravde at produsentane skulle varsle kundane når dei oppdaga slik smitte i produkta sine. Det likte dei ikkje. Med Sjømat Norge, godt lønte advokatar og EUs General Food Law i ryggen gjekk lakseselskapa til kamp for å bevise at det ikkje var lov å krevje slik varsling. Det lukkast dei med.

Listeriabakteriane fekk kanskje arbeidsfred i første omgang, men dei siste to åra er det rapportert ein kraftig auke i førekomsten av listeria i laks som blir eksportert frå Noreg, Skottland og Island. Samstundes er det stadig fleire som blir sjuke av listeriose over heile Europa. No har EU fått nok, i juli 2026 skal dei innføre nye og kvassare krav til overvaking av listeria i eteklar mat. Frå i sommar skal det ikkje vere nok med testing på produksjonsdagen, men maten skal overvakast for listeriasmitte heilt fram til han går ut på dato.