Doktorgrad

Ny kunnskap om korsbandskader hos norske og svenske hundar og kattar

Gudrun Seeberg Boge har undersøkt epidemiologiske aspekt ved vanleg førekommande skjelettsjukdommar hos hundar og kattar. Forskinga kartlegg rasepredisposisjonar hos norske og svenske hundar, og kastar lys over risikofaktorar og behandling av korsbandskadar.

Gudrun Seeberg Boge

Mobiltelefon: 92622532

E-postadresse: gudrun.seeberg.boge@nmbu.no

Haltheit grunna ortopediske sjukdommar er ein viktig årsak til at hunde- og katteeigarar søkjer veterinærhjelp. Hovudmålet med dette prosjektet har vore å bidra til å auke kunnskapen om ortopediske sjukdommar hos desse artane, då særleg spørsmål kring rasepredisposisjon og risikofaktorar med påverknad på prognose etter korsbandskadar. Skadar på det fremre korsbandet i kneet vert rekna som den vanlegaste årsaka til bakbeinshaltheit hos hundar. For korsbandskadar og mange andre ortopediske sjukdommar er det ofte naudsynt med avansert og kostbar kirurgisk behandling. Informasjon om samanhengen mellom risikofaktorar, behandlingsalternativ og utfall er følgjeleg verdifull for både veterinærar og dyreeigarar.

Kunnskap om rasepredisposisjonar for ortopediske sjukdommar hjå norske og svenske hundar

I ein studie som nytta pasientdata frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Sveriges Lantbruksuniversitet (SLU) saman med data frå dei norske og svenske ID-merkingsregistra (DyreID og DjurID), vart rasepredisposisjonar for olbogeledd-dysplasi, korsbandskade, medial patellaluksasjon (laus kneskål) og brotskadar undersøkt. Ein fann ein auka risiko for olbogeledd-dysplasi hos labrador retriever, rottweiler, schæfer og Staffordshire bull terrier samanlikna med blandingshundar. Analysane viste også at rottweiler var predisponert for korsbandskade, men vi fann ingen auka risiko hos labrador retriever, til trass for at rasen ofte vert omtala som predisponert. Chihuahua var den einaste rasen kor ein auka risiko for medial patellaluksasjon vart identifisert. Resultata viste at rasepredisposisjonane for desse sjukdommane i Norge og Sverige i hovudtrekk er i samsvar med funna i studiar frå andre land.

Vellukka behandling av korsbandskade på katt også utan operasjon

Pasientdata frå kattar behandla for korsbandskade ved NMBU og SLU vart nytta til å skildre signalement, sjukdomstrekk og langtidsutfall hos kattar med sjukdommen. Eigarane av kattane vart kontakta og svara på spørsmål om livskvaliteten til kattane. Det er lite informasjon tilgjengeleg om korsbandskade på katt, men resultata frå denne studien tilseier at kattane som ikkje hadde blitt opererte, viste mindre teikn på kronisk smerte enn kattane som hadde blitt kirurgisk behandla.

Ikkje uvanleg at korsbandskadar fører til ei avgjerd om avliving hos hundar

I den siste studien vart pasientdata frå hundar behandla for korsbandskade ved NMBU og SLU nytta til å undersøkje langtidsutfallet etter behandling av sjukdommen. Av dei inkluderte hundane var korsbandskade ein medverkande årsak til avliving i 18,3 % av tilfella. Både behandlingsmetode, alder, vekt og andre samtidige ortopediske sjukdommar vart identifiserte som risikofaktorar. Korsbandsrelatert avliving var mindre vanleg hos hundar som var kirurgisk behandla samanlikna med dei som berre hadde fått konservativ behandling.

Gudrun Seeberg Boge forsvarte sin avhandling ”Epidemiologiske aspekt ved ortopediske smådyrsjukdomar med fokus på korsbandskadar” fredag 6. desember 2019.

Gudrun Seeberg Boge tok doktorgraden sin ved NMBU Veterinærhøgskolen, Institutt for sports- og familiedyrmedisin.