Navn

Minneord om Karl (Kalle) Johan Stigum Lamberg

Veterinær Karl Johan Lamberg døydde 2. juli 2020, nesten 92 år gammal. Tilbake står minnet om ein dyktig fagperson og eit slags renessansemenneske, ein fargerik person som hadde talent i mange retninger.

Han var fødd i Bergen og voks opp på Radøy. Artium tok han på Fana gymnas, der han også imponerte som songar og skodespelar i skuleteateret. I 1950 blei han immatrikulert ved Noregs veterinærhøgskole (NVH) og uteksaminert i 1958. Same året blei han tilsett som kommuneveterinær på Finnøy, og i 1963 blei han utnemnt til distriktsveterinær i Ytre Ryfylke, med bustad på Rennesøy.

Kalle treivst godt saman med folk, og var ein livleg og populær mann å få i fjøset. Men med stort distrikt og vakt døgeret rundt var det eit slitsamt liv. Etter kvart kjende han trong til å utvida kunnskapen sin og fekk permisjon for å arbeida eit par år som vitskapleg assistent ved Institutt for Indremedisin, Noregs veterinærhøgskole (NVH).

I 1969 var han tilbake som distriktsveterinær på Rennesøy, til stor glede for bøndene i distriktet. Og ikkje berre for dei. Han brukte talenta sine til glede for heile lokalsamfunnet. Politikaren Kalle sat i kommunestyret, var medlem i helserådet og kulturnemnda. Musikaren Kalle var musikalsk leiar og dirigent for Rennesøy musikkorps, og styreformann i den lokale musikkskulen. Som engasjert naturvernar sat han som styremedlem i Rogaland naturvernforbund. Historikaren Kalle omsette Saxo Gramaticus si soge om Erik frå Rennesøy og ga henne ut som bok, med illustrasjonar av kunstnaren Svein Magnus Håvarstein. Same kunstnaren laga skulpturen «Kvastoperasjon» med Kalle som modell. Han var også ein viktig bidragsytar til Rennesøy Sau og Geit si jubileumsbok, Sauen på dei grøne øyane.

Skribenten Kalle var allsidig, med bidrag innan mange sjangrar. Innan faget skreiv han artiklar og var ein mykje brukt føredragshaldar. Han var medlem av sentralstyret i Den norske veterinærforeining (DNV) i ein periode og viseformann i Rogaland Veterinærforeining. Elles deltok han engasjert i samfunnsdebatten med artiklar og lesarinnlegg i avisene. Han skreiv også viser og dikt, mange av dei tonesett og framførde, mellom anna i NRK. Som kåsør var han kunnskapsrik, humoristisk, veltalande og sterkt etterspurd. I 1983 blei han tildelt Rennesøy kommune sin kulturpris, og i 1993 blei han innført i DNV si Gyldenrøde bok.

Han avslutta si faglege karriere som fyrstekonsulent hos Fylkesveterinæren i Rogaland og Agder der desse fylka fekk nyta godt av hans breie faglege kunnskap. Som pensjonist flytta han og familien til Rosendal, Kvinnherad.

Han var gift med Grete (f. Fjeld) og hadde borna Kristin, Anders og Marianne, og fleire barneborn. Vår medkjensle går til Grete og resten av familien.

Hallstein Grønstøl