Reinsdyra og elefanten i Nordfjella
Pensjonert veterinær, tidlegare distriktsveterinær og tilsett i Mattilsynet. Reinsdyrjeger, jakta på eigen grunn i Nordfjella. Avslutta i fjor eit mangeårig verv som leiar av grunneigarlaget for villreinfelta i Lærdal og som styremedlem i Villreinutvalet for Nordfjella.
For ni år sidan vart alle reinsdyra i nordaustre delen av Nordfjella (kalla Sone 1) skotne for å stogge utbrotet av skrantesjuke som var oppdaga året før. Reinen i sørvestre delen (kalla Sone 2) fekk leva, sidan det ikkje vart funne smitte der. I begge sonene hadde reinen siste tiåra lagd seg til ei merkeleg åtferd – gevirgnaging. Omfanget vart større år for år, og no er det knapt ei simle som feller intakt gevir om våren i Sone 2. Alt tidleg om hausten, medan geviret framleis er kledd med bast, kan me observere dette aparte fenomenet som med rette må kallast gevirkannibalisme. Fenomenet uroar meg, men ikkje dei som har ansvar for reinsdyra i Nordfjella, ser det ut til. For å forstå kvifor eg er uroa, må me 80 år tilbake i tida og til andre sida av jorda, til Papua Ny Guinea.
Ei folkegruppe der, Forefolket, hadde sjukdommen kuru, ein smittsam form for Creutzfelt-Jakob sjukdom (CJD). Dette er ein prionsjukdom, akkurat som skrantesjuke. Eitt særmerke ved prionsjukdommar er at dei kan oppstå spontant, kalla sporadisk form (eksempelvis NOR98 hjå småfe). Hjå menneske høyrer ni av ti tilfelle til gruppa sporadisk. Eit anna særmerke er at alle variantane av sjukdommen, uansett vertsart, kan overførast frå eit individ til andre, derav namnet TSE (transmissible spongiform encephalopathies).
Men berre nokre få er so aggressive at dei kan kallast smittsame, slik som skrapesjuke, skrantesjuke – og kuru. Rundt 1960 døydde omlag 200 stammemedlemmar årleg av denne sjukdommen. Truleg har ein av stammemedlemmane hatt sporadisk CJD nokre tiår før sjukeutbrotet. Vanlegvis vil smitten hjå eit menneske som har døydd av sporadisk CJD, gå i grava med det stakkars offeret. Men i dette tilfellet må smitten ha spreidd seg frå den døde, fordi Forefolket praktiserte rituell kannibalisme. Dei åt opp avdøde stammefrendar for å heidre den døde og for å hindre at åndskreftene til den avlidne skulle ende opp hjå makk og anna kryp.
Kvifor reinsdyra i Nordfjella er blitt kannibalar, er det ingen som veit. Me veit heller ikkje sikkert om gevirgnaginga har noko med skrantesjuke å gjera. Men gevirgnaginga står fram som det mest sannsynlege opphavet til skrantesjuka i Europa, skriv landets fremste ekspertar i ein artikkel som kom for to år sidan, (Mysterud med fleire: Erfaringer og usikkerheter etter sju år med skrantesyke i Norge, side 17).
Arbeidsgruppa for reetablering av rein i Sone1 sneiar innom fenomenet i rapporten (overlevert april 2026) sin, sitat: «En mulig utvikling, fra sporadisk CWD til smittsom opptreden, er antatt å være en sjelden forekommende hendelse.» Eg deler denne antagelsen, men er usikker på om dette gjeld for ein art der hodyr har gevir, slik som reinsdyr har, og der gevirgnaginga er omfattande, slik som i Nordfjella. Likskapen mellom rituell kannibalisme hjå menneske og gevirkannibalisme hjå reinsdyr blir utriveleg stor. Eg hadde venta ei grundig risikovurdering, noko heilt anna enn ein luftig antagelse.
Regjeringa, med miljøminister Andreas Bjelland Eriksen som talsmann, har vedteke at rein frå Sone 2 skal vandre/jagast inn i Sone 1. Vedtaket legg stor vekt på bevaringsøkologiske synspunkt, veterinærfaglege synspunkt ser eg lite til. Spesielt uroar det meg at det synest å vera ein uvilje til å sjekke ut, og dernest omtale, ei mogeleg kopling mellom gevirgnaging og skrantesjuke: Rapporten frå reetableringsgruppa som kom hausten 22, omtalar ikkje risikoen knytt til gevirgnaging. Stortingsvedtak nr 786 av 13.06.2024 og etterfølgjande regjeringsvedtak om å nytte reinen i Sone 2 som donorbestand nemner ikkje risikoen med eitt ord. I vår sende eg eit spørsmål om risikovurderinga til arbeidsgruppa som nettopp hadde levert tilrådinga si til forvaltninga. Arbeidsgruppa har ei flott nettside til slikt bruk. Ingen har svara. Skimtar me elefanten i rommet, ei fare alle kjenner til, men ingen tør snakke om?
Mi vurdering ar at gevirgnaginga utgjer ein uavklart risiko, som i verste fall kan vera katastrofal for vilthelse og reindrift. Politisk skjønn basert på ein anonymisert antagelse held ikkje mål. Ei grundig risikovurdering trengst. Mattilsynets vitskapskomité er den opplagde kandidaten.
Det er vel ikkje å vente at miljøministeren eller andre i maktposisjon vil oppfylle ynsket til ein pensjonert veterinær. Men er det for mykje å be om at nokon med politisk ansvar opplyser om denne risikoen i det heile teke har vore vurdert, og kva fagleg grunnlag som ligg i botnen?