Yrke og organisasjon

Den våte skjærselden

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Hestmark Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.
Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og tid 8. august 2026.
E-post: arve.hestmark.nilsen@vetinst.no

Bading av oppdrettslaksen i varmt vatn er ein av dei mest brukte metodane for å fjerne lakselusa.

Foto: Marius Vassnes/Wikimedia Commons

Hundretusenvis av laks blir pumpa opp frå sjøen og sendt inn i rør med varmt vatn som skal vaske bort den plagsame lakselusa. Badevatnet er mellom 28 og 34 grader, noko som for laksen er skåldande heitt. Varmesjokket får fisken til å hoppe og vri seg i smerte, og fleire fisk slår seg halvt i svime mot stålveggane. I lufta heng ein eim av kokt fisk, og i dagane som kjem vil det kanskje bli plukka opp fleire tusen laks som har døydd av stresset og skadane frå lusebehandlinga.

Dette vil vere kvardagen på mange oppdrettsanlegg no utover seinsommaren. Lusa veks fortast når det er varmt i sjøen, difor er august og september toppsesong både for lakselus og lusebehandlingar. Det er over ti år sidan lusa blei resistent mot alle dei kjemiske legemidlane, men kampen mot dei små parasittane heldt fram med det som blir kalla ikkjemedikamentelle metodar. Det vil seie bading i varmt vatn, bading i ferskvatn, spyling og børsting eller ein kombinasjon av desse tre metodane.

«Den termiske behandlinga bryt med både dyrevelferdsloven og loven om dyrehelsepersonell

Kamp mot lusa

Mattilsynet krev at talet på lakselus i alle oppdrettsanlegg skal vere under definerte maksimumsgrenser, i snitt ikkje meir enn 0,2 holus per fisk om våren og maksimalt 0,5 resten av året. For oppdrettslaksen er ikkje dette så store lusetal, men multiplisert med nesten ein halv milliard oppdrettsfisk blir det enorme mengder luselarvar som flyt ut i sjøen kvart år. I dei mest oppdrettstette områda er dette til stor skade for sjøaure og villaks, særleg for dei sårbare ungfiskane som kjem ut frå elva om våren.

Skal oppdrettarane få lov til å ha fisken i sjøen må dei difor behandle mot lus. I snitt blir kvar fiskegruppe behandla fire gonger mot lus, men i dei verste anlegga kan det bli opp til 14 slike handteringar i året. Den store fisken, som har stått vel eitt år i sjøen, har gjerne mest lus og blir også behandla oftast. No på seinsommaren kan anlegg som er særleg utsette for lusesmitte vere nøydde til å behandle fisken kvar tredje til fjerde veke.

Ideen om å fjerne lakselus med varmvatn er utvikla i Noreg og vart introdusert for fullt i 2015. Målet er å få lusa til å ramle av og døy slik at ho ikkje kan symje over til neste anlegg og smitte ny fisk. Jo varmare det er i sjøen, di varmare må badet vere for å gje lusa eit kraftig nok temperatursjokk.

Forbodet som forsvann

Denne våte skjærselden kan rett nok reinske laksen for lusesynden, men laksen er tilpassa eit liv i kaldt vatn og toler ikkje desse temperaturane. Forsking på regnbogeaure viste allereie i 2007 at vatn varmare enn 28 grader vil bli oppfatta som smertefullt. I ein fagartikkel som vart publisert av norske forskarar i 2019, vart det vist at laks som blir varma opp til 28 grader vil døy før det er gått fem minutt. Ved 34 grader vil dei rulle over på sida og døy før det er gått to minutt.

Mattilsynet fann desse resultata så urovekkjande at dei ønska å innføre forbod etter ein overgangsperiode på to år, med mindre næringa kunne dokumentere at det var mogleg å koke bort lusa og samstundes ha ein god fiskevelferd. Sjømat Norge, fiskeoppdrettarane sin interesseorganisasjon, har vore sterkt imot eit slikt forbod. Dei hevda at sjølv om metoden kan vere smertefull er det etter kvart gjort mykje for å redusere belastninga på fisken, og at anlegga ikkje vil klare seg gjennom sommaren utan termisk behandling. Mattilsynet møtte så sterk motstand frå næringa at dei gav etter, og avlyste forbodet.

Etisk spagat

Fisken skal vere beskytta av dyrevelferdslova, men når Mattilsynet ikkje forbyr termisk avlusing sender dei ansvaret vidare til neste ledd: fiskehelsepersonalet. I lov om dyrehelsepersonell er det veterinærar og fiskehelsebiologar som har ansvaret for å skrive ut behandling mot lus, både legemiddel og ikkjemedikamentelle metodar. I det ansvaret ligg det plikt til å bruke metodar som både har dokumentert effekt mot lusa og som gjev forsvarleg fiskevelferd.

Resultata frå forsking på laks og temperatur gjer det vanskeleg å sjå korleis dei termiske metodane kan vere i samsvar med krava til forsvarleg dyrevelferd. For dyrehelsepersonellet er det tilsvarande vanskeleg å sjå korleis gjentekne forskrivingar av slike behandlingar kan vere i samsvar med kravet om god fagleg praksis. Betre blir det ikkje av at anlegga står i kø for å bli behandla, dag og natt. Dei veterinærane og biologane som skriv ut lusekurane rekk ikkje å vere med på alt, og må sende ansvaret vidare til medhjelparar i kvart enkelt firma. Desse medhjelparane får den praktiske jobben med å vurdere fiskevelferda, medan ansvaret framleis ligg hos dei overarbeidde fiskehelsetenestene.

I ei studentoppgåve frå Veterinærhøgskolen blei fire tilfeldige fiskeveterinærar spurt om korleis dei oppfattar denne situasjonen. Svara var både tydelege og nedslåande. For det første meiner dei fleste at den termiske behandlinga bryt med både dyrevelferdsloven og loven om dyrehelsepersonell. Handsaminga av fisken blir omtala slik: «(….) fisken oppfatter dette som svært smertefullt» eller «Jeg tror det er helt forferdelig å være fisk som gjennomgår termisk avlusing».

For det andre har dei lite rom for å nekte slike kurar når næringa pressar på og Mattilsynet ikkje kan vise til nokre gode, offentlege grenseverdiar for kor mange kurar og kor mykje liding fisken skal tole. Denne etiske spagaten er også smertefull, og for både veterinærar og biologar som jobbar i næringa tærar det på både trivsel og psykisk helse.

Dagens praksis ser ut til å vere klart lovstridig, og ingen andre husdyrproduksjonar ville fått lov til å drive på denne måten. Fiskeoppdrett er den klart største husdyrnæringa i landet, og dei har økonomiske ressursar til å løyse problema sine innafor rammane av norsk lov. Dyrevelferdslova gjeld også under havoverflata. Kvifor blir ho då ikkje handheva der?

Litteratur

  1. Ashley PJ, Sneddon LU, McCrohan CR. Nociception in fish: stimulus– response properties of receptors on the head of trout Oncorhynchus mykiss. Brain Res 2007;1166:47-54.

  2. Bui S, Madaro A, Nilsson J, Fjelldal PG, Iversen MH, Brinchman MF et al. Warm water treatment increased mortality risk in salmon. Vet Anim Sci 2022;17:100265.

  3. Moltumyr L, Nilsson J, Madaro A, Seternes T, Winger FA, Rønnestad I et al. Longterm welfare effects of repeated warm water treatments on Atlantic salmon (Salmo salar). Aquaculture 2022;548:737670.

  4. Nilsson J, Moltumyr L, Madaro A, Kristiansen TS, Gåsnes SK, Mejdell CM et al. Sudden exposure to warm water causes instant behavioural responses indicative of nociception or pain in Atlantic salmon. Vet Anim Sci 2019;8:100076.

  5. Nilsson J, Barrett LT, Mangor-Jensen A, Nola V, Harboe T, Folkedal O. Effect of water temperature and exposure duration on detachment rate of salmon lice (Lepeophtheirus salmonis): testing the relevant thermal spectrum used for delousing. Aquaculture 2023;562:738879.

  6. Søreide E. En kvalitativ intervjustudie av akvaveterinærens opplevelse av termisk avlusing med fokus på dyrevelferd og veterinærens rolle. Ås 2025. Fordypningsoppgave – NMBU Veterinærhøgskolen.

  7. Thompson CRS, Madaro A, Nilsson J, Stien LH, Oppedal F, Øverli Ø et al. Comparison of nonmedicinal delousing strategies for parasite (Lepeophtheirus salmonis) removal efficacy and welfare impact on Atlantic salmon (Salmo salar) hosts. Aquac Int 2024;32:383-411.