Yrke og organisasjon

Harepest

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 8. september 2023.

Hausten er ei fin tid med sauesanking, jakt og bærplukking, men samstundes toppsesong for den gåtefulle sjukdommen harepest.

Harepest er ein vanleg sjukdom hos hare og smågnagarar i Russland, Europa og Nord-Amerika. Også menneske kan kan bli smitta.

Foto: Shutterstock

Pesten spreier seg lett blant harar og smågnagarar, men er også rekna som ein zoonose, det vil seie at infeksjonen kan smitte over frå dyr til menneske.

I august 2023 blei det i Sør- og Aust-Noreg funne fleire harar som var daude av harepest. I år er det mistanke om harepest i Nordmarka utanfor Oslo. Både Folkehelseinstituttet og Mattilsynet oppmodar no folk som ferdast i naturen om å vere aktsame på faren for å bli smitta.

Lemensott

Den første sikre skildringa av harepest kjem faktisk frå Noreg, så tidleg som i 1653, då eit tilfelle med massedaud av lemen vart omtala som leemends soet. Fleire liknande sjukdomsutbrot dukka etter kvart opp både i Europa og i USA, men bakterien vart isolert første gong i 1911 frå daude ekorn i Tulare i California i USA. Mikrobiologen Edward Francis gjorde mykje av pionerarbeidet med å identifisere den nye bakterien, som difor enda opp med namnet Francisella tularensis.

Forskarane fann ut at i laboratoriet var dette ein uvanleg aggressiv og smittsam bakterie. Ved dropesmitte (aerosolar) kan du bli sjuk ved å puste inn berre 25 bakteriar, og det er lett å bli smitta også med berre hudkontakt. Dyrking på laboratorium må difor skje med streng biotryggleik og smittevern for at dei som jobbar på laboratoriet, ikkje skal bli smitta.

Kvart år blir ein stad mellom 50 og 200 menneske sjuke med harepest her i landet.

Ute i naturen er det heldigvis ikkje like lett å bli smitta. Den varianten av Francisella tularensis vi har i Noreg og resten av Europa, gjev også ganske milde symptom: som sår på huda, smerter i svelg og hals eller hovudverk og lett feber. Sjukdommen er lett å kurere med antibiotika. Kvart år blir ein stad mellom 50 og 200 menneske sjuke med harepest - eller tularemi, som det også blir kalla - her i landet, men truleg blir fleire smitta utan at dei merkar symptom eller tek kontakt med lege.

Dei vanlegaste smittevegane er at folk drikk vatn som er ureina med avføring eller daude smågnagarar, eller har hudkontakt med sjuke og daude dyr. Finn du ein sjuk eller daud hare bør du sende eit varsel til det lokale Mattilsynet. Det kan vere farleg å puste inn støv frå stader med mykje avføring frå smågnagarar, som til dømes ved rydding på loftet eller i vedskjulet. Francisellabakterien kan òg spreie seg med mygg og flått. I Sverige har dei i fleire år hatt større problem med tularemi, med over 1000 sjuke i 2019, og der reknar dei insektbit som den viktigaste smittevegen. Kjæledyr og husdyr er ikkje så mottakelege for harepest, men hundar kan bli smitta ved kontakt med sjuke eller daude dyr eller ved å drikke forureina vatn. Blir hunden sjuk vil det som regel berre vere forbigåande feber og dårlig form, i nokre få tilfelle såpass alvorleg at det kan vere naudsynt med ein tur til dyrlegen.

Fakta om Francisella

Massedaud av lemen kan kome av harepest, noko som har gitt sjukdommen namnet lemenfeber eller lemensott.

Foto: Shutterstock

Francisella tularensis er mest vanleg i Russland, Europa og Nord-Amerika. Den mest aggressive varianten finn vi i Nord-Amerika, der opptil 30 prosent av menneska som blir sjuke, kan døy viss dei ikkje får rett antibiotikabehandling i tide. I Europa har vi som nemnt ein snillare variant, som gjev mindre sjukdom både hos dyr og menneske.

Francisellabakteriane har evna til å invadere kroppens eigne celler og formeire seg der, litt i ly for immunforsvaret til verten. I naturen kan bakteriane truleg gjere noko likande, med å invadere amøbar eller andre enkle organismar kan dei overleve i naturen i veker og månader. Smitten ser ut til å halde seg i live særleg lenge i kaldt og reint vatn, der det er lite konkurranse frå andre bakteriar.

Bibelsk

Første Samuelsbok i Det gamle testamentet skildrar korleis Gud slo ned filistrane med pest. Filistrane blir omtala som eit utriveleg, polyteistisk folkeslag som låg i stadig strid med israelittane. Til straff for åtferda vart dei ramma av ein smittsam byllepest, samstundes som åkrane deira blei overflødde med energiske smågnagarar av typen hoppemus. Akkurat koplinga mellom mus og byllar i huda har fått fleire forskarar til å tru at det var harepest Gud nytta til å tukte dei trulause.

I nyare tid fekk interessa for Francisella tularensis eit lite oppsving i tida etter andre verdskrigen. Vi har nemnt det før, men store krigar ser ut til å få fram skapartrongen i menneska, og i leitinga etter gode biologiske våpen under den kalde krigen satsa vitskapsfolk og militære i både aust og vest på harepest.

Dei mest optimistiske forskarane meinte at ved å sprenge eit missil med 50 kilo harepestbakteriar over ein by med fem millionar innbyggjarar kunne dei klare å drepe meir enn 250.000 menneske. Det ville vore ei bakteriologisk bombe av bibelske proporsjonar.

Sjølv om tularemi heldigvis ikkje blei brukt i den kalde krigen, har mange av dei store harepestepidemiane i Europa skjedd som følgje av krig. Når armear trampar rundt og legg land øyde, skjer det to ting som er med på å drive opp talet på mus og rotter: renovasjon og infrastruktur bryt saman, og avlingar blir ståande utan å bli hausta inn. Og når smågnagarane har gode år, blir det også meir harepest. I Sovjetunionen døydde kanskje meir enn 250.000 menneske av tularemi i andre verdskrigen, i nyare tid har vi også sett utbrot av harepest i Kosovo som følgje av krigen på Balkan i 1998 til 1999.

Harar og smågnagarar er det viktigaste smittereservoaret, men føre-komsten av harepest blir og påverka av temperatur, nedbørsmønster og andre endringar i naturen, og vi veit ikkje sikkert kor stort problem dette kan bli i framtida. Evna Francisella tularensis har til å overleve i miljøet og til å smitte både dyr og menneske, er uansett ei viktig påminning om den tette samanhengen mellom miljø, dyrehelse og folkehelse.