Eit betre griseliv
Dyrisk
I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 3. oktober 2025.

Ei purke med ungar i ein grisefjøs.
Foto: Adobe Stock
Dyrevelferd blei knapt nemnd i valkampen, korkje i avisannonsar eller paneldebattar. Det er synd, for grisen, det mest populære husdyret vårt, går ein ny fireårsperiode i møte utan særleg håp om eit betre liv. Sjølv om vi fekk ei eiga forskrift om hald av gris i 2003, som skulle sikre helse, trivsel og naturlege behov, viser både forsking og praksis at i røynda er det langt frå ord til handling.
Etter at dokumentarfilmen Griseindustriens hemmeligheter blei send på Brennpunkt i NRK i 2019, gjennomførte Mattilsynet ein tilsynskampanje der dei kontrollerte dyrevelferda i 582 besetningar. På mange gardar var det godt stell og ei drift som på mange måtar var betre enn minimumskrava. Men Mattilsynet fann òg skuffande mange avvik. Over helvta av gardane hadde brot på regelverket. Dei vanlegaste feila var dårleg tilsyn med sjuke dyr og for lite bruk av strø og rotemateriale, og i kvart tiande fjøs var det manglar på fire eller fleire av tilsynspunkta.
Gapet mellom regelverket og den kunnskapen vi har om grisen sine behov, er framleis altfor stort.
Eit fritt liv
Grisar er utforskande, intelligente og sosiale skapningar, med stor trong til aktivitet. Til det er dei utrusta med sterke føter, ein kort og kraftig nakke, eit følsamt og samstundes sterkt tryne, ein luktesans som ein sporhund og ein tanngard like allsidig som ein sveitsisk lommekniv, tenner som kan nyttast til å tyggje og ete det aller meste: røter, gras, frukt, korn og kjøt.
I det fri vil ein gris bruke 70 til 80 prosent av den vakne tida si til å utforske nærmiljøet, og mykje av den tida vil gå med til å grave i bakken for å leite etter godsaker. Sjølv om ord som «gris» og «svin» er skjellsord både på norsk og mange andre språk, er grisane mykje meir reinslege enn til dømes kyr og hestar. I naturen vil dei alltid vere nøye med å ikkje ete, sove og skite på same stad. Ei purke som skal føde, vil bruke torv og gras til å byggje eit mjukt og godt reir til seg og ungane der ho held det reint og triveleg, og ho vil forsvare avkomet sitt fryktlaust mot alle slags trugslar.
Gapet mellom regelverket og den kunnskapen vi har om grisen sine behov, er framleis altfor stort.
NRK-programmet frå 2019 var eit dramatisk lågpunkt, men i media kjem det diverre oppslag om dyrevelferd nesten berre når det kjem avsløringar av dyretragediar og mishandling. Og alt er ikkje like tragisk, vi har ein på mange måtar sunn og frisk gris her i landet, med få smittsame sjukdomar og svært lite bruk av antibiotika. Sidan 2020 har også alle svinebesetningar med purker, eller dei som leverer meir enn ti slaktegrisar i året, vore med i eit obligatorisk dyrevelferdsprogram med faste veterinærbesøk. Noko som utan tvil er eit godt tiltak for å spreie kunnskap og førebyggje nye dyretragediar.
Fleire politiske parti, med Frp og Høgre i spissen, meiner sjølvsagt at alt vil bli betre med meir ressursar til politiet og strengare straffer for vanstell av dyr. Men det største problemet, som svært få har lyst til å ta tak i, er kor trist livet er for grisar flest. Det vi veit om grisens biologiske og sosiale behov, er vanskeleg å finne att både i regelverket og i sjukdomsstatistikkane, der vi kan lese at keisemd og aggresjon, beinskadar og luftvegssjukdommar er vanlege problem.
Eit trongt liv

Meir areal fører til mindre aggresjon, betre helse og tilvekst.
Foto: Adobe Stock
I forskrift om hald av gris er minimumskravet for ein halvvaksen slaktegris ein halv kvadratmeter, for dei største grisane på over 100 kilo er kravet ein kvadratmeter. I prosjektet «Griseløftet», eit samarbeid mellom Nortura, Norsvin og NMBU, undersøkte dei kva plass grisar treng, både i forsøksfjøset på Ås og i feltstudiar ute i næringa. Funna var eintydige: Ein auke på 50 prosent i areal førte til mindre aggresjon, betre helse og tilvekst og lågare nivå av skadeleg ammoniakk (skitlukt) i lufta.
For purker som skal få grisungar, er det også trongt om plassen. Minstekravet til plass i fødebingar er 6 kvadratmeter, og det har det vore sidan forskrifta kom i 2003. Purker som er aggressive mot ungane sine eller ligg dei i hel, er det framleis lov å stenge inne i eit trongt bur den første veka etter grisinga. Ein femtedel av alle purkene blir fiksert på denne måten, sjølv om større plass i fødebingane ofte kan løyse problemet på ein betre måte. Gapet mellom regelverket og den kunnskapen vi har om grisen sine behov, er framleis altfor stort.
Då regjeringa la fram dyrevelferdsmeldinga i fjor haust, foreslo difor både NMBU, Mattilsynet og Rådet for dyreetikk at det måtte bli krav til meir areal i grisefjøsa. I den endelege meldinga kom det berre ei tilråding om å gjere «ei utgreiing av korleis areal og kvaliteten på areal til svin kan aukast og utviklast», og ønske om å innføre forbod mot fiksering av purker, med ei overgangstid på ti år.
Ute i næringa er det derimot mange som har sett at dei regelfesta arealkrava er for dårlege. Og sjølv om det er dyrt å byggje nytt i Noreg, blir nye grisefjøs ofte bygde med fødebingar på 8 til 10 kvadratmeter og slaktegrisbingar med 1,1 til 1,3 kvadratmeter areal per gris.
Eit hardt liv
Grisar flest blir fødde og veks opp i fjøs med betonggolv. I Noreg er det krav om at der dyra ligg, skal golvet vere tett og bli strødd med sagflis eller anna absorberande materiale, medan ein del av bingen kan vere spaltegolv for å bli kvitt urin og avføring på ein enkel måte. I tillegg skal grisane ha jamn tilgang på rotemateriale, halm eller liknande, for å ha noko å aktivisere seg med i dei lange timane mellom kvar fôring. Men strø og halm kostar pengar, og i store mengder kan det vere ei plage for den vidare handteringa og bruken av gjødsla.
Kva er så løysinga, og kva med kostnadane og prisen på mat viss grisane skal ha eit betre liv? Krav om betre plass og eit trivelegare miljø i fjøsa, og aller helst meir tilgang til uteareal, vil utan tvil gje betre dyrevelferd, trivelegare arbeidsforhold for både gardbrukarar og dyrlegar, og ikkje minst: eit betre omdøme for næringa. Ein kotelett vil bli litt dyrare i butikken, det trur eg ikkje vil øydeleggje trivselen rundt middagsbordet for nokon. Sjølv kjøper eg helst utegris frå lokale gardar og er godt nøgd med det.
Arve Nilsen
Her er det på sin plass med ein stor takk til mor mi og hennar innsats for betre stell i grisefjøset. Ho var ein viktig inspirasjon for meg då eg valde å studere til veterinær.
Takk også til Carl Andreas Grøntvedt, Veterinærinstituttet, for gode faglege råd under skrivinga av artikkelen.