Yrke og organisasjon

Kylling

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.
Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 11. april 2025.

Alle kyllingar har det ikke like triveleg som desse.

Foto: Adobe Stock

På nettsidene sine ber Helsedirektoratet folk om å bli sunnare ved å ete meir fisk, sjømat og grønsaker og byte ut raudt kjøt med kvitt. Men korleis skal vi få betre helse og velferd for slaktekyllingane? Den nye dyrevelferdsmeldinga som blei lagd fram for Stortinget tysdag denne veka (10. april 2025, red.kom), har diverre få svar på det spørsmålet.

I meldinga blir det peika på fleire utfordringar for velferda i norsk kyllingproduksjon. Dette er i stor grad dei same problema som blei diskuterte i førre melding om dyrevelferd, som blei lagd fram i 2003: dårleg tilpassa miljø for nyklekte kyllingar, einsidig avl med hovudvekt på rask vekst, foreldredyr som går på streng sveltefôring for å overleve til dei blir vaksne nok til å leggje rugeegg, og slaktekyllingar som har problem med å gå normalt, og som har ei rekkje andre helseproblem framkalla av den raske voksteren og dårleg miljø i kyllingfjøsa.

Men som for tjue år sidan har også regjeringa Støre skuffande få konkrete forslag til korleis livet til kyllingane skal bli betre.

Kvar fjerde kylling har problem med å gå normalt.

For mange dyr

Og det er berre å slå fast: Norsk kyllingindustri har hatt utfordringar nok dei siste ti åra, noko vi også kan sjå av stagnasjonen i salet av kyllingkjøt i den same tidsperioden. Det starta med tilsetjing av parasittmiddelet narasin i fôret (2014), heldt fram med striden om bruk av rasktveksande turbokyllingar (2018), og no sist avsløringane av systematisk dyremishandling i svenske besetningar med foreldredyra til dei norske slaktekyllingane (2023).

Kyllingprodusentane og avlsbransjen har heile tida hevda at den raske veksten til turbokyllingar som Ross 308, som til no har vore den vanlegaste kyllingtypen i Noreg, er bra for klimaet og miljøet. Det er fordi desse dyra et svært lite mat for kvar kilo ferdig produsert kjøt, samanlikna med andre husdyr og med dei litt meir saktegåande hybridane, som Hubbard eller Ranger Gold.

Og det går ufatteleg kjapt å fôre fram ein moderne kylling til ei slaktevekt kring 2 kg, i snitt berre 31 dagar for dei raskast veksande hybridane. For dei litt langsamare og større kyllingane tek det 45-50 dagar, og med litt mindre intensiv fôring kanskje 70-80 dagar.

Vanlege flokkar her i Noreg er på vel 20.000 kyllingar, og i starten er det godt med plass. Men det blir fort trongare, og rett før slakting er det for vanleg drift i Noreg lov å ha 36 kg levande kylling (meir enn 20 dyr) per kvadratmeter golv. Eller rettare: Standardkravet er 25 kg, men med godkjent velferdsprogram kan bonden fylle opp til 36 kg.

Det er litt paradoksalt, sidan det blant velferdsforskarar er semje om at så tett med dyr i seg sjølv gjev stor risiko for dårleg velferd. Den norske vitskapskomiteen for mattryggleik meiner 25 kg er eit absolutt maksimum, og det europeiske mattilsynet (EFSA) ønskjer at kravet blir stramma inn til berre 11 kg.

Industrien har i år vedteke å fase ut Ross innan utgangen av 2027, med det blir Noreg første landet i verda utan denne kyllingtypen (red. anm.).

For skite miljø

Det er langt frå det tette sosiale samspelet mellom hønemor og kyllingar til den samlebandproduksjonen vi finn i moderne kyllingfjøs.

Foto: Adobe Stock

Med for mange dyr blir det meir skit i strøet og mindre plass for dyra å røre seg på. Meir tid liggjande i eigen skit gjer at fuglane kan få sviande sår og bakterieinfeksjonar på bringa, hasane og under føtene. Dei fuglane som veks raskast, slit mest med dette problemet, sikkert fordi dei også har andre helseproblem som gjer at dei er mindre aktive.

Ein sunn kylling bruker kanskje berre 10 prosent av vaken tid til å kvile, ein stor slaktekylling sit eller ligg inntil 70-80 prosent av tida. Vonde føter er ein viktig grunn til denne latskapen. Kven var det som snakka om sunn mat?

Overvaking av sviskadar på tråputene under foten er standard på alle fjørfeslakteria, og resultata blir bruka til å regulere om bonden kan halde fram med fullt fjøs, eller om produksjonen må reduserast. Men kravet til å få grønt lys for fleire dyr (kategori A) er ikkje avskrekkande. Av 100 kontrollerte kyllingar må det vere meir enn til dømes 20 med tydelege sviskadar eller arr og 10 med alvorlege sår før besetninga får gult lys (kategori B). Ein hamnar i kategori C dersom ein stor del av dyra ikkje kan gå normalt.

Det fine er at denne overvakinga har ført til mindre sviskadar på kyllingbeina. Det triste er at dette berre er ein liten del av dei beinproblema som slaktekyllingane må slite med dei få levedagane dei får tildelte. I norske besetningar har kvar fjerde kylling tydelege problem med å gå normalt, og hovudårsaka er den raske veksten.

Mykje musklar, lite mat

Brystmusklane, den mest etterspurde delen av den industriproduserte kyllingen, er abnormt overutvikla, og det fører til fleire problem. Mykje muskulatur krev oksygen for å vekse. Det stiller krav til meir blodsirkulasjon, medan avl på kjøtfylde har ført til at hjarte og lunger er svake og underutvikla.

Resultatet av denne ubalansen finn vi att som brå daude eller kyllingar med akutt sirkulasjonssvikt, med buken full av blodvatn.

Denne feilkonstruksjonen gjer også at dyra lettare døyr av varmestress eller ved transport til slakteriet.

Det er også viktig å ta med lidingane til foreldredyra, sterkt innavla høns med like gode evner til rask vekst som ungane, men dei blir strengt sveltefôra fordi dei skal leve lenge nok til å bli vaksne og produsere befrukta egg. For meir sakteveksande hybridar kan foreldredyra leve eit liv på meir normal diett, utan så stor fare for aggresjon og kannibalisme.

At stortingmeldingar er politisk kompromisskunst og inneheld få reelle krav, burde ikkje hindre næringa sjølv i å ta grep. Den største aktøren, kjøtsamvirket Nortura, skriv i sine eigne rapportar at sveltefôring og aggresjon er vanskeleg å løyse utan å leggje om til andre og meir sakteveksande hybridar. Dei vedtok også ei slik omlegging i 2023, men det tek tydelegvis lang tid å få dette omsett til praksis.

Rema-eigde Norsk Kylling har med ganske enkle grep kome litt lenger på vegen til betre velferdsstandardar, til dømes forbod mot Ross og andre turbohybridar, færre dyr i fjøset og bruk av naturleg lys. Økologiske gardar har endå strengare krav til oppvekstmiljø og fôring, men står for ein forsvinnande liten del av produksjonen. Diverre er livet til dei fleste norske slaktekyllingane framleis kort og usunt.