MINNEORD

Atle Ørbeck Sørheim

Foto: Privat

Ein profilert kollega har gått ut av tida. Atle Ørbeck Sørheim døydde heime på Majorstuen den 15. april 2024, 90 år gamal.

Atle var født på Østre Toten 9. desember 1933. Han tok artium i 1953, befalsskulen og handelsskulen året etter, og begynte studiane ved NVH hausten 1954. Etter veterinæreksamen i 1959, var han i privatpraksis. Perioden 1962-1964 var han forskingsassistent ved NVH, inkludert eit opphald som major i FN-styrkane i Kongo. Etter eitt år som kommuneveterinær på Toten drog han på NORAD-oppdrag i Kenya, der han var fram til 1969. Tilbake i Norge var han først veterinærinspektør i Landbruksdepartementet, og deretter underdirektør i Helsedirektoratet. Sistnemnde stilling hadde han fram til 1984 då han vart tilsett same stad som fagsjef med administrativt og fagleg ansvar for området næringsmiddel og ernæring. I 1988 vart han direktør for Statens næringsmiddeltilsyn (SNT). Denne stillinga hadde han til han gjekk av med pensjon. Etter at han vart pensjonist, jobba han som rådgjevar, blant anna for Landbruksdepartementet. 

Atle Ørbeck Sørheim gjennomførte studieopphald i Europa og USA. Han var medlem og leiar i råd og utval under fleire departement. Han var medlem og leiar i Nordisk embetsmannsutval for næringsmiddelspørsmål, og styremedlem i Veterinærhygienisk foreining, Landsforeininga for kosthald og helse, Hermetikkindustriens kontrollinstitutt og Kontrollinstituttet for meieriprodukt. Atle var medlem i ei rekkje utval under Veterinærhygienisk foreining og DNV.

I 1999 vart han «Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden» for det omfattande arbeidet han hadde lagt ned nasjonalt og internasjonalt innan matsikkerheit og mattryggheit. 

Atle var sosialdemokrat og hadde eit sterkt samfunnsengasjement som varte livet ut. Han hadde omfattande kontaktnett i politikken, byråkratiet og næringslivet; og var ein leiar med sterk gjennomføringskraft. Han hadde som mål å samla matforvaltninga, noko han også fekk til ved å være ein sterk pådrivar for etablering av Mattilsynet. Han bidrog på denne måten til omfattande endringar i veterinærvesenet tidleg på 2000-talet, endringar som skapte mykje debatt.

Eg vart godt kjent med Atle i Rotaryklubben på Nordberg. Vi var begge stolte av å være «sogningar» og hadde interesse for veterinærmedisin, politikk, toppidrett og lyrikk. Vi diskuterte gjerne russisk politikk og dikta til Hans Børli og Jakob Sande. 

Atle var open om sjukdommen sin og at livet gjekk mot slutten. Heldigvis fekk eg snakka med han på telefon nokre veker før han døydde. Eg minnest han som ein handlekraftig, samfunnsengasjert kollega og god ven.

Gudmund Holstad