Yrke og organisasjon

Stivkrampe

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid, 17. januar 2025

Stivkrampe er ein mystisk og uhyggeleg bakteriesjukdom som har følgt menneska og husdyra våre i mange tusen år. Med moderne vaksinar og medisinar til både husdyr og menneske er sjukdommen snart utrydda i vår del av verda, men han er enno eit helseproblem i delar av Asia og i Afrika sør for Sahara.

Hestar har lett for å bli smitta av stivkrampe, men regelmessig vaksinering gjev godt vern.

Foto: Adobe Stock

Av husdyra er det særleg hestar som er sårbare for stivkrampesmitte. Eit vanleg symptom er kraftige kramper i kjevemuskulaturen, noko som har gjeve sjukdomen det engelske namnet lockjaw (kjevelås). Hos hest er det også vanleg med framfall av det tredje augelokket, stive øyre og utståande hale, og dyra kan bli ståande nesten paralyserte med markvide føter. Men krampene vil som regel spreie seg til heile kroppen, og utan behandling vil tilstanden vare i dagar eller veker, ofte med dauden som endestasjon.

Hippokrates (460-377 f.Kr.), også kjend som legekunstens far, skreiv om korleis folk som fekk djupe sår ein eller annan stad på kroppen, seinare kunne døy av smertefulle kramper. Hans råd om å gje pasientane sterk vin og pakke dei inn i klede dynka med olje for at dei skulle sveitte ut sotta, hadde nok liten effekt. Verre blei det i Europa to tusen år seinare, då legane kunne finne på å smørje inn den uheldige sjuke med avføring frå husdyr.

Skiten

Men kvakksalvarane i mellomalderen var inne på noko når dei kopla stivkrampe med husdyrskit. Stivkrampebakterien (Clostridium tetani) er ein av fleire bakteriar av slekta Clostridium, bakteriar som held til inne i tarmane til dyr og menneske. Der er dei tilpassa eit varmt og trygt liv, utan tilgang på oksygen, men når dei kjem ut i luft med avføringa, kan dei danne hardføre sporar som kan overleve i miljøet i årevis.

Smitten spreier seg ikkje vidare frå sjuke til friske dyr, farleg blir det først når sår blir ureina med bakteriesporar frå miljøet, og når desse sporane blir poda så langt inn i kroppen at dei kjem seg unna det farlege oksygenet og kan byrje å formeire seg inne i vevet. Symptoma kan kome alt etter nokre timar eller ein månad seinare, men kjem vanlegvis etter ei vekes tid.

Det har lenge vore vanleg folketru at stivkrampebakteriane er særleg knytte til rust, som rustne spikrar, piggtråd eller andre gjenstandar av metall, men det er alltid avføring som er den opphavlege smittekjelda. Mange trur også at hesteskit er særleg smittefarleg, men årsaka til koplinga mellom hest og stivkrampe er nok heller at hestar er blant dei dyra som er mest mottakelege for denne sjukdommen. Hestar står ofte i eit miljø med mykje avføring, og dyr som er i aktiv bruk, kan òg lett få sår eller stikkskadar på beina eller i hovane.

Dei fleste landdyr kan få stivkrampe, og sauar er interessant nok svært mottakelege for både stivkrampe og ei rekkje andre alvorlege clostridiesjukdommar som ”pulpy kidney” (C. perfringens type D), bråsott (C. septicum) og malignt ødem (C. chauvoei). Hundar og katter, derimot, får sjeldan stivkrampe, og fuglar ser ut til å vere tilnærma immune.

Gifta

Eit særtrekk som gjer mange clostridiebakteriar så farlege, er evna til å danne giftstoff (toksin). Den mest berømte av alle er Clostridium botulinum (botulismebakterien), der eitt gram toksin er nok til å drepe ein million menneske. Når stivkrampebakteriane får formeire seg i eit miljø utan oksygen, skil dei også ut gift.

Dette tetanustoksinet blir teke opp i nervetrådane og fører til overaktivering av dei motoriske nervesignala. Bindinga mellom toksin og nerveceller er irreversibel, og resultatet er kraftige og langvarige samantrekningar av muskelfibrar i heile kroppen. Krampene kan bli så kraftige at tenner og knoklar knekk, i verste fall endar det med andenaud og daude.

Bakteriane er vanlege i avføring, og sporane har lang levetid i miljøet, smitten er det difor ikkje råd å bli kvitt.

Kuren

Bakteriane er vanlege i avføring, og sporane har lang levetid i miljøet, smitten er det difor ikkje råd å bli kvitt. Det beste er å førebyggje sjukdom med regelmessig vaksinering, og for sau og hest er det vanleg å grunnvaksinere med to injeksjonar og så fylle på med ein ny dose kvart eller annakvart år. I dag blir også dei fleste ungar grunnvaksinerte tre gonger, samstundes med vaksinering mot barnesjukdommane, for friske vaksne rekk det med påfyll kvart tiande år.

Antistoff mot tetanustoksin vart utvikla i 1897. Gjeve til pasientar som har fått ein sårskade, kan antistoffet stogge effekten av bakteriegifta, noko som berga hundretusenvis av såra soldatar frå den visse dauden i skitne skyttargraver under den første verdskrigen. Ein vaksine med meir langvarig effekt vart testa ut under den neste verdskrigen, og med omfattande vaksinekampanjar over heile verda gjekk talet på menneske som døydde kvart år av stivkrampe, ned frå over 500.000 i 1980 til om lag 20.000 i 2020.

For dyr eller menneske som får alvorlege sårskadar med mistanke om forureining, og som ikkje er verna av vaksine, vil behandlinga vere tredelt. For det første å nøytralisere giftstoff som sirkulerer i blodet, ved å gje antiserum, deretter å stogge bakterieveksten med å reinse såret og gje ein dose antibiotika, og så eventuelt gje medisin for å lette på muskelkrampane. Stivkrampeinfeksjon gjev ikkje nokon immunitet, så pasientar som overlever bør også få påfyll av vaksine.

Hos menneske er opistotonus, eller kraftige kramper i ryggmusklane, eit klassisk symptom på effekten av gifta frå stivkrampebakterien. Utsnitt frå måleriet til Sir Charles Bell (1809).