Yrke og organisasjon

Hei på deg

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.

Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid, 27. februar 2026.

Hundar helsar, ofte og mykje. Har du dyr, bør du ta deg tid til å gjere det same.

Foto: Adobe Stock

Å ha god folkeskikk kallar vi det når vi lærer ungane våre å helse fint. For andre dyr er det like viktig å helse på kvarandre og vise god dyreskikk. Dei fleste dyr bruker også langt meir tid og merksemd på denne helsinga enn det vi menneske tek oss tid til i ein travel kvardag.

Berre så det er sagt: mennesket er ein dyreart. Det vi har av kultur og åtferd, er ikkje mogleg å forstå utan å hugse akkurat det. Vi har dyriske kroppar og dyriske behov. Ordet dyrisk blir ofte brukt som omgrep for noko lågtståande, med det humane, eller menneskelege, som det gode motstykket. Det skal ikkje mykje sjølvinnsikt til for å sjå at vi har eit dårleg faktagrunnlag for ei slik moralsk lagdeling.

Sterke band

Å trykkje hendene til kvarandre for å helse var noko menneska fann på ein gong i løpet av romartida, kanskje for å sikre seg at folk ikkje bar skjulte våpen. På jobb handhelsar vi sjeldan, men dei fleste seier nok god dag og slår av ein kort prat når dei treffest første gong om morgonen.

Seinare på dagen får eit kort hei eller eit nikk vere nok, og på slutten av dagen strenar vi blindt rett fram og tenkjer berre på å kome oss heim. Andre sosiale dyr gjer det ikkje slik - deira dyreskikk er langt meir slitesterk enn folkeskikken.

Når dyra legg så mykje flid og omtanke i å helse på kvarandre, må det i løpet av evolusjonen ha vore nokre svært sterke og positive konsekvensar av denne investeringa. På tvers av alle dyreartar ser vi at helsing er viktig for å styrkje sosiale band i ein familie eller ein flokk, og for å halde ved like sosiale strukturar og hierarki. Helsing er også naudsynt for å bli kjend med framande og for å redusere spenningar og konfliktar med mål om å unngå open aggresjon og i verste fall vald.

Når vi sluttar å helse på dyra våre, mister vi også respekten for dei.

God dyreskikk

Vi kan byrje med hunden, det dyret som etter tusenvis av år med avl og opptrening er best tilpassa eit liv blant oss menneske. Hundar er sosiale, legg stor vekt på å oppdra kvalpar til å bli gode flokkmedlemmer, og dei er - i motsetnad til den ville slektningen sin, ulven - ikkje spesielt opptekne av strenge hierarki. Dei fleste har sett korleis hundar helsar på kvarandre, der dei snusar usjenert opp i rumpa og gjev signal med halen, øyra, stemma og resten av kroppen om kven dei er, kva status dei har, og kva dei trur om motparten. Alt etter utfallet av denne samtalen kan møtet utvikle seg vidare til leik, slåstkamp eller likesæle.

Når hunden din helsar på deg, bruker han andre, og gjerne svært tydelege, språklege verkemiddel. Han kan bjeffe med den glade stemma, logre, hoppe opp på to for å sleikje deg i andletet, eller hente gåver og invitere til leik. Ikkje minst, han gjer det nesten alltid, om du så har vore ute av rommet berre i nokre få minutt. Det er ikkje fordi han har gløymt at han nett har sett deg, men fordi hundar synest helsing høyrer med - uansett.

Kattane, som også lever trygt saman med oss i menneskesamfunnet, har sin kattekultur. Mykje av det ligg nok prega djupt i rovdyr-dna-et deira. Dei vil ha fersk mat (er ikkje åtseletarar som hundane), og mykje kvile og kvalitetstid til å stelle seg sjølv. Men dei helsar også, på kvarandre og på oss.

Mora trenar ungane strengt opp i god katteskikk. Når katten helsar deg med halen vennleg peikande rett til vêrs er det den same ærbødige velkomsten som kattungane viser mora når ho kjem for å gje dei mjølk. Vaksne kattar kan gnikke nasen og hovudet mot kvarandre og skubbar seg ofte sidelengs mot kvarandre, både for å utveksle lukt og vise fredeleg sinnelag. Slik helsar dei på menneska sine òg.

Innestemme

Hestar er byttedyr, bygde for å vere i stadig beredskap mot rovdyr og andre trugsmål. Deira liv og helse avheng av flokken, og det er difor rekna som dyremishandling å halde ein hest isolert frå andre hestar. Hestane bruker mykje tid på å oppdatere seg om kva dei andre i flokken held på med, og dei har eit stort utval av kroppslege signal som skal sikre at dei andre forstår kva dei meiner.

Når ein hest helsar, bruker han helst innestemme. Eit løfta hovud syner at han er redd, eit nikk med hovudet og eit stille prust gjennom nasen kan vere signal om at alt ser greitt ut, ein sving med halen og løfting av ein bakfot det motsette. Hestar kan godt skade andre med bit og spark, men den verste straffa er nok å bli dytta ut av fellesskapen. Det beste du kan gjere for ein hest, er difor å vere roleg, trygg og aksepterande.

Elefantar er også utprega flokkdyr. Dei helsar gjerne med mykje støy og kanskje litt skremmande åtferd, men dei har også eit varleg og fint teikn på venskap: dei rekkjer tuppen av snabelen til kvarandre og tek den andre sin snabel forsiktig inn i munnen. Nærare ei handsrekking er det vanskeleg å komme for ein firbeint. Blant hoene skal det som regel vere vener som helsar på denne måten, medan for dei mindre sosialt kompetente hannelefantane er det gjerne den lågast rangerte hannen som gjev «sjefen» snabelen sin på denne måten.

Mangel på respekt

Det er forresten ikkje berre for elefantar helsing handlar om respekt. Når elevar i skulen sluttar å helse, blir det gjerne tolka som eit prov på manglande respekt. Mange meiner obligatorisk helsing kan vere ein metode for å få tilbake lærarane sin autoritet i klasserommet. Diverre er koplinga mellom helsing og respekt også eit avgjerande problem i måten vi driv moderne husdyrhald på. Det mest brutale dømet finn vi i grisefjøsa, avstengde produksjonsfabrikkar der ingen menneske nokon gong kjem til å sjå dyra rett inn i auga i eit likeverdig møte. Når vi sluttar å helse på dyra våre, mister vi også respekten for dei, og vi treng ikkje ta livet eller lidinga deira inn over oss.

Eit gratis og svært effektivt tips til deg som vil bli betre kjend med dyra dine: tenk mindre på kva du skal seie til dyra, og bruk meir tid på å sjå etter kva dei prøver å fortelje deg. Hugs at for dei er du, i all hovudsak, ein analfabet - ute av stand til å begripe dei enklaste meldingane.