Rekorddeltaking på kurs og årsmøte i Vestenfjeldske
8. og 9. november var som vanleg veterinærane i Hordaland og Sogn og fjordane samla i Bergen. Denne kurs- og møtehelga, andre helga i november er tradisjon.
I år hadde kurskomiteen i Vestenfjeldske veterinærforening vore heldige med kursemne, aldri har så mange vore samla til lokalforeningskurs i vårt område. Smådyrkurs med 120, stordyrkurs med 45 og dyrepleiarkurs med 45 deltakarar er fantastisk. Tusen takk til kurskomiteen.
På årets kurs fann me deltakarar frå store deler av landet, i tillegg hadde mange studentar funne vegen til Bergen. Får håpa alle hadde stort utbyte av kurset og at dei i tillegg fekk knytt nye kontaktar med kollegaer frå alle deler av landet.
Det var og mange sponsorar som var med oss og gjorde helga vellukka. Det var stor aktivitet rundt alle utstillingar i pauseområdet.
Ragnhild Skulberg og Christina Strand Thomsen engasjerte dei mange kursdeltakarane i to dagar. Akuttmedisin var tema. Berre godord å høyra frå dei som var med. Trur både forelesarar og deltakarar hadde gjensidig nytte av å dela erfaringar.
På stordyrkurset var det Trond Braseth og André Løkken som var forelesarar. Dette er praktikarar som i sitt daglege arbeid har kontakt med dei problema dei snakka om. Dette gjorde kurset svært matnyttig.
Dyrepleiarkurset hadde og akuttmedisin som tema. Det dekka alt frå den innleiande samtalen i telefon til kva ein seier når pasienten vert sendt heim.
Årsmøtet fredag vart greit avvikla. Frå DNV skulle Harald Holm møta, men han vart forsinka på grunn av eit skada fly. Odd Tøsdal tok over på kort varsel. Av andre årsmøtesaker var det stor interesse for DNV sine nye lover. Årsmøtet hadde merknader som fell mykje saman med det andre deler av organisasjonen har kome fram til. Styret fekk fullmakt til å samanfatta våre merknader i ein uttale til Lovutvalet.
Både styre, kurskomite og fest-komite tok attval. Dette var årsmøtet svært nøgd med.
Men helga til Vestenfjeldske er ikkje berre fag og politikk. Minst like viktig er den sosiale delen av programmet. Fredag kveld er det lutefiskmiddag på Enhjørningen. Dette var 30. gongen, og mange har vore med dei fleste gongene. Me har berre hatt 50 plasser, det har gjort at det gjeld å vera tidleg ute for å få plass. Neste år har Hovmesteren lova oss fleir plasser, kan henda 10 til.
Laurdag kveld var det Årsmøtefest, denne og med rekorddeltaking. Heile 120 deltakarar, fleir enn det var me berre då me feira 100 år. Sjølv om studenttalar Emma syns det var litt meir formelt enn forventa, får me vona dei hadde ein triveleg kveld. God mat og trivelege kollegaer er ei god blanding.
Æresmedlem i Vestenfjeldske, Per Arne Ludvigsen, fylte 80 år dagen etter festen. Dette vart markert som det høver seg. Festgeneral og orlogskaptein Wetteland (Pingo) sin sabel vart svinga av Janne Britt Krakhellen då ho sablerte champagneflaska til feiringa. Det er mulig Pingo må på slipekurs dersom han skal nytta sabelen i strid for fedrelandet.
Tusen takk for trivelege døgn i Bergen. Set alt no av andre helga i november, 13. og 14. november 2020, til Vestenfjeldske. Me gler oss.