Yrke og organisasjon

Ei takk på vegner av styret i DNV-P

For første gong sidan 10. mars 2020 kunne styret i DNV sin pensjonistforening (DNV-P) møtast fysisk den 30. september 2021 til styremøte i Oslo. Dagen etter – på FN sin internasjonale eldredag 1.oktober – fekk avtroppande og nytt styre i DNV-P ei flott omvising i dei nye lokala til Veterinærhøgskolen NMBU på Ås.

Odd Tøsdal

Leiar For DNV-P

Inngangspartiet Hippocampus er laga ut frå ein ide om eit hesteskjelett. Legg merke til møteromma med vindauge ut mot Hippocampus.

Foto: Odd Tøsdal

Veggen med rektorportrett og det runde bordet vekkjer gode minne for tidlegare NVH-studentar.

Foto: Odd Tøsdal

Tusen takk til veterinær Hilde Fossum, som er administrasjonssjef på Veterinærhøgskolen NMBU, for god og informativ rundtur i dei flotte nye lokala. Takk også til sekretæren vår - redaktør i NVT Steinar Tessem – som la opp til så gode tilhøve for styremøtet og omvisinga på Ås.

Det var ekstra kjekt at vi som representantar for pensjonistane i Veterinærforeningen fekk vera mellom dei første gruppene som fekk omvising i det nye praktbygget som vart offisielt opna av dronning Sonja den 1. september i år.

Veterinærhøgskulen hadde eit imponerande inngangsparti kalla Hippocampus. Her var det eit kunstverk i golvet laga ut frå ein ide om eit dekomponert hesteskjelett. Vi såg eit moderne auditorium for presentasjon av levande store dyr, hall for undersøking av hest og mottaksområdet i smådyrklinikken for hund og katt.

Det var flott at Veterinærbygget har det felles biblioteket på NMBU på Ås i gode lokale sentralt i bygget. Studentane hadde diverre ikkje fått gjennomslag for nok lesesalsplassar. Det vert det arbeidd vidare med å betra.

Vi fekk sjå at tradisjonane som vi har levd med på NVH på Adamstua var flytta med til Ås, mellom anna i form av ein flott vegg med alle rektorportretta, saman med det runde grøne bordet frå 2.etasje i Hovudbygget på Adamstua. Ved det bordet er det spelt mykje kort i studiedagane våre!

Bysten av Niels Thorshaug, ein av landets viktigaste veterinærar i første halvdel av 1900-talet, har blitt med frå Adamstua til Ås.

Foto: Odd Tøsdal

Utafor nybygget på Ås var dei to bystene av våre svært betydelege veterinærar Håkon Five (1880-1944) og Niels Thorshaug (1875-1942) flytta med frå sin tidlegare plass framfor hovudbygget på Adamstua.

Inne i bygget var veterinærkontoret til amtsdyrlege Jens Kjos-Hanssen pietetsfullt sett opp slik at vi kunne sjå det gjennom ei stor glasrute.

Ein stor hall med mange gamle skjelett og anatomiske preparat er kanskje lokalet som er godt eigna for framtidige fjøsfestar.

Som rett og rimeleg er på ein historisk første dag som ny direktør på Veterinærinstituttet for vår gode ekspresident Torill Moseng, fekk vi også helsa på henne i resepsjonen Veterinærinstituttet.

Tusen takk frå oss pensjonistar til deg Torill for den store innsatsen din for folk og dyr i dine sju år som president i Veterinærforeningen.
Vi ønskjer deg lukke til i ny viktig stilling!

Hilde Fossum (til høgre) fortel om biblioteket på Ås.

Foto: Odd Tøsdal

Hilde Fossum mottek ei lita gåve fra Odd Tøsdal etter ein framifrå rundtur på Veterinærhøgskolen.

Foto: Steinar Tessem

Kan dette lokalet vera godt eigna for framtidige fjøsfestar?

Foto: Odd Tøsdal

På sin første dag som ny administrerande direktør på Veterinærinstituttet helste Torill Moseng (i midten foran) på styret i DNV-P.
Frå venstre: Helge Njøsen, Per-Arne Ludvigsen, Lars Omenås, Odd Tøsdal, Arne Mjøs, Maria Melstokkå og Ola Moxness. Liv Marit Rørvik var ikkje til stades.

Foto: Steinar Tessem