Martha Jakobsen Ulvund
Martha Jakobsen Ulvund gjekk bort 10. april 2022. Ho blei 76 år gammal. Martha hadde levd eit svært aktivt liv, hadde rukke over så utruleg mykje og sett store spor etter seg.
Ho var fødd 10. juli 1945 i Stavanger og var utdanna veterinær frå Noregs veterinærhøgskole i 1969, som einaste kvinne på sitt kull. I 1974 tok ho ein dr. scient. grad i patologi og i 1990 dr.med.vet. grad. Frå 1974 arbeidde ho ved Statens veterinære forsøksgard på Høyland, seinare omgjort til seksjon for småfeforsking ved NVH til ho gjekk av i 2014, bortsett frå to år som veterinær i Kenya. I 1993 blei ho utnemnd til professor i småfesjukdommar.
Martha var ein aktiv forskar som dekka mange viktige område for sauenæringa. Størst var innsatsen hennar innan forsking på skrapesjuke, der ho også var del av eit stort internasjonalt nettverk.
Som leiar ved institusjonen på Høyland stod ho i spissen for utbygging av moderne laboratorium, undervisningsrom og velferdsrom for studentar. I tillegg arbeidde ho tett saman med andre forskingsinstitusjonar i regionen, som Universitetssjukehuset i Stavanger, UiS og IRIS, og leia arbeidet for etablering av ei eining for eksperimentell kirurgi i samarbeid mellom humanmedisin og veterinærmedisin.
Ved sida av den store faglege innsatsen hadde Martha eit stort samfunnsengasjement. I 12 år var ho medlem av Sandnes bystyre for Arbeidarpartiet, av desse fire år i formannskapet. I samband med dette var ho medlem av Helse- og sosialstyret, landbruksnemnda, sosialutvalet, IVAR-styret, kommuneplankomiteen og styret i Sandnes kulturhus. Som del av sitt samfunnsengasjement var ho også medlem av Oljevernrådet, styreleiar i Jærmuseet, styremedlem i NUFU, preses i Vitskapsakademiet i Stavanger, styremedlem i Måltidets hus i Stavanger, styremedlem i Nofima og styremedlem i Universitetsfondet for Rogaland.
Martha gjorde også ein stor innsats for Den norske veterinærforening (DNV). Ho var leiar av den lokale veterinærforeininga i Rogaland, styremedlem i sentralstyret i DNV og seinare visepresident. Ho var medlem av fagutvalet for produksjonsdyr og hovudvalet for spesialisering.
Elles var ho medlem av Rotary Sandnes og klubben sin fyrste kvinnelege president. Ho var oppteken av å få fram kvinner i fag og samfunn og var sjølv ein viktig rollemodell.
Ved sida av sitt faglege og samfunnsmessige engasjement var ho interessert i kunst og kultur. Ho var ein dyktig teiknar og flink musikar som spelte piano, trekkspel og gitar. Slik var ho eit midtpunkt i mange sosiale samlingar.
Då ho vart pensjonist i 2014, blei ho utnemnd til riddar av St. Olavs orden av kong Harald. I pensjonisttida tok ho og ektemannen Aasmund mange turar både i innland og utland, til Afrika og Asia og andre land i Europa, ei passande avslutning på eit engasjert liv.
Vår kondolanse går til Aasmund, Sindre, Inger og barneborn.
Hallstein Grønstøl