Minneord

Nils Odin Øverland

Foto: Privat

Nils Odin Øverland gjekk bort 1. august, 84 år gammel.

Nils Odin var en markant, omgjengeleg og sosial person på kull 57 på NVH. Han praktiserte som stordyrveterinær i fødebygda Rennebu frå 1963-65, på Dombås 1965-67 og i Rakkestad frå 1967.

Nils Odin var ein traust produksjonsdyrveterinær og var høgt vedsett blant husdyrbønder og kolleger. Sjølv om det er nokre år sidan han var aktiv i yrkeslivet, er det både kolleger og husdyreigarar som er takksame for innsatsen han gjorde. Som veterinær var han ein solid og netthendt hjelpesmann for husdyr og bønder. Yrkeslivet hans var det vi såg fram til då vi søkte om opptak på NVH, og som grunnutdanninga la opp til.

Nils Odin var trønder. Frå studietida hugsar vi han som glad gut i Messa med trønderhistorier og trøndersk underfund, ivrig kortspelar og svært sosial medstudent.

Nils Odin gjekk bort utan tydelege varsel, og vi som kullkameratar har djup medkjensle med Ingeborg og familien.

For kull -57

Lars Vik