Debatt

Veterinærdekning for framtida

Johannes Slettebø

Veterinær, Stord

Veterinæryrket, det kliniskfaglege veterinærarbeidet, er og skal vera eit flott yrke også i framtida. Dei seinare åra har me sett at ”levetida” for veterinærar i klinisk arbeid, såvel produksjonsdyr som selskapsdyr, stadig vert kortare. Eit typisk livslaup for ein ung klinikar ser ut til å vera 2-10 år, gjerne berre 3-4 år. Deretter skjer ei endring av yrkeskvardag til meir administrativ stilling, typisk Mattilsynet, eventuelt fiskehelseteneste eller anna næringsliv.

Årsakene til dette er mange og er alt grundig belyst i Norsk veterinærtidsskrift og andre fagblad. Kort sagt kan det tilleggjast forhold som økonomi, arbeidstider og arbeidsbelastning.

Me må med andre ord gjera noko for å betra arbeidstilhøve, inntening og syta for lengre ”levetid” for klinikarar. I same rennet vil eg nemna at me må tilstreba betre kjønnsfordeling ved opptak til veterinærstudiet. Det må bli eit overordna mål at kjønnssamansettinga vert nærast mogeleg 50/50 med variasjon innanfor 60/40. Dei siste åra har fordelinga vore cirka 90/10 i favør av jentene. Her må jamstellingsombodet koma på banen. Oppsummert må tiltak setjast inn på følgjande område.

Studentopptak ved NMBU veterinærfag:

  • Ta opp 50 % på karaktersnitt frå vidaregåande. Vekting av realfagkarakterar.

  • Ta opp 25 % av studentane på ein kombinasjon av karakterar og opptaksprøve.

  • Ta opp 25 % av studentane på ein kombinasjon av karakterar og bindingstid/pliktteneste i distrikt, 3-5 år.

Regionale veterinærsenter

Statleg finansierte veterinærsenter med administrativ leiing og 4-8 stillingar som veterinær i klinisk praksis. Det må lagast heilt nye vaktområde.

Kan med fordel overta ein del av Mattilsynet sine tilsynsoppgåver.

Det kan lett tilretteleggjast for kurs og vidareutdanning utan at det svekkar vaktberedskapen i området. 

Klinisk veterinærvakt er altfor viktig til at det kan overlatast til kommunane, slik det er idag. Rett nok fungererer det bra i enkelte område, men det er altfor mange døme på at mange små og næringssvake kommunar har store problem.

Eit tips på tampen kan vera at det vert innført ei enkel refusjonsordning for behandling av sau og lam. Eg registrerer at altfor mange av dette dyreslaget ikkje får veterinærfagleg hjelp på grunn av kostnad for dyreeigaren. Det kan me ikkje vera bekjent av. Dette kan enkelt administrerast av vaktansvarleg i gruppa/ved veterinærsenteret.

Mange ser fram til ei heilt ny ordning med langt meir levelege og forutseielege kår for veterinærar i framtida. Det vil og skapa ein større tryggleik for brukarane, ikkje minst. Det er fullt mogeleg å få til.