Nytt fra Helsetjenestene
Kalvedød og Dyrevelferdsindikatoren med vekt på kalv (delindikator kalv)
TINE sin dyrevelferdsindikator har auka jamnt sidan oppstart. I referanseåret 2015 blei verdien sett til 100,0 og i utgangen av 2022 var den 107,9. Dyrevelferdsindikatoren består av 10 delindikatorar: Kalv, avhorning, ungdyr, fruktbarheit, avdrått, jurhelse, stoffskifte, klauv, livslengde og døde kyr. Kvar delindikator blir summert opp og tel like mykje inn i dyrevelferdsindikatoren. Dei fleste av delindikatorane har hatt ein auke eller ligge på omtrent same nivå med unntak av delindikator kalv. For at produsenten skal få tilgang til Dyrevelferdsindikatoren, så må vedkommande ha sendt inn mjølkeprøver for stoffleg innhald og celletall hjå kyrne dei siste 6 månadene.
Delindikator kalv har på landsbasis hatt ei negativ utvikling sidan oppstart, sjå figur 1. Det er difor litt gledeleg at det for hausten 2022 har flata meir ut og at nedgangen kanskje har stoppa opp. Når ein ser på delindikator kalv, så er mykje av reduksjonen i AMS-besetningar, medan det i båsbesetningar er tilnærma lik status over tid.
Figur 2 viser prosent tidleg kalvetap på landsbasis frå 2002 til 2022 for abort, dødfødte og kreperte kalvar med totalt tidleg tap i øverste linje. Ved utgangen av 2022 var tidleg kalvetap 5,1 % på landsbasis. Det er i undersøkingar vist at mykje av kalvedød skjer dei første 96 timane etter fødsel. Abort er definert som ikkje levedyktig kalv, født meir enn 20 dagar før forventa kalving. Det er nok litt forvirring rundt registrering av kalv som dødfødt eller krepert. Dødfødt er definert som kalv som er død ved fødsel eller innan 1 døgn. Definisjon på krepert er kalv som er født levande, men død før registrert i Kukontrollen i mange tilfelle. Uansett om produsent registrerer kalv som dødfødt eller krepert, så ser vi at tidleg kalvedød er noko aukande dei siste 20 åra på landsbasis, men det er stor variasjon mellom besetningane både på tidleg kalvedød og totalt kalvetap innan 180 dager. Enkelte besetningar har urovekkande mange dødfødte. Dette kan ha samanheng med blant anna kalving i lausdrifta og stress hjå ku og kanskje særleg kvige, under kalving.
I delindikator kalv som inkluderer alle kalvar < 180 dagers alder, er følgjande inkludert for dei siste 12 månadene i besetninga: Antall aborterte/kasta kalvar, dødfødte, krepert og sjøldaude, avliva kalvar og antall behandlingar der forebyggande behandling ikkje er inkludert.
Indikatorbidraga blir til ved å samanlikne besetninga sine resultat i desse gruppene med kva som er forventa ut frå landsgjennomsnitt i referanseåret 2015. Eininga er antal standardavvik der nedre og øvre grense er sett til ± 3,0. Grunna få kalvar i kvar kategori blir det kalkulert tre indikatorbidrag, sjå figur 3: 1) aborterte og dødfødte, 2) kreperte, sjødaude og avliva og 3) behandling. Når det gjeld avliva kalv tel dei kun halvparten i nemnte indikatorbidrag samanlikna med sjøldaua kalv da det er dyrevelferdsmessig betre å avlive ein kalv enn å la den dø av seg sjølv.
Delindikatoren for behandling kan skape forvirring. Lite behandlingar og lite døde kalvar føre til at begge indikatorbidraga er positive, men dersom det er lite behandlingar (indikatorbidrag over +1) og mange døde kalvar (indikatorbidrag mindre enn -2) blir fortegnet for behandling endra til minus da dette indikerer underbehandling.
Enkelte produsentar har låg terskel for å tilkalle veterinær til kalvane sine og har såleis ein del behandlingar, som vil trekke ned indikatorbidraget slik at det slår negativt ut mot landsgjennomsnittet. Men det viktigaste er at sjuke kalvar får veterinærbehandling, at kalvane overlever og slik sett kan ein ikkje berre sjå på at indikatorbidraget for behandling blir negativt.
Ei oversikt over kalvebehandling attende i tid i besetninga kan vera nyttig for å finne ut kvar ein kan sette inn forebyggande arbeid med tanke på kalvehelse. I besetningar med ein del tilfelle, der produsent har meldt ut kalv frå Kukontrollen som avliva eller sjøldaua, kan ein sjå på utrangeringsårsak, sjå figur 4. Dersom det er lite behandlingar registrert på kalv, er det viktig å starte ei oppnøsting i truleg årsak til kalvedød. Til dømes ser vi i enkelte tilfelle at kalv er meldt ut med diaré som årsak, medan det ikkje har vore registrert behandling mot diaré på individet. Dersom det elles er god rapportering på behandlingar i besetninga, så har ein her tilfelle av underbehandling på kalvar som dør eller blir avliva.
Om du har spørsmål om Dyrevelferdsindikatoren, så ta gjerne kontakt med oss i TINE.
Randi Therese Garmo
veterinær/spesialrådgiver i TINE
Ny helsekode for å skille metritt og endometritt
For å sikre mer presis diagnostikk og registrering gjelder følgende:
333 Metritt: Børbetennelse med allmennpåkjenning, feber og eventuelt puss
345 Endometritt/Uren sliming: Betennelse i slimhinna i børen, uten feber og allmennpåkjenning
Kutrivsel-prosjektet er i rute!
WelCow/Kutrivsel-prosjektet ledet av Camilla Kielland ved NMBU Veterinærhøgskolen er i rute, og er nå i fasen hvor innsamlet data skal bearbeides og publiseres.
Les mer her:
https://www.animalia.no/no/Dyr/storfe/aktuelt-storfe/kutrivsel-prosjektet-er-i-rute/