Yrke og organisasjon

Mjølkefeber

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.

Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 14. oktober 2022, og er litt oppdatert før trykkinga i NVT.

Mjølkefeber hos ku kjem ofte brått på, og utan behandling vil kua som regel døy innan få timar.

Kjelde: Shutterstock

Då den unge gardbrukaren i Alta kom inn i fjøset ein kveld i september 2022, såg han raskt at ei av kyrne ikkje var heilt i form. Kua var slapp og utan matlyst, og ho verka kald på øyra og bringa. Han forstod at dette kunne vere eit tilfelle av mjølkefeber, og prøvde å få tak i veterinæren.

Men i Alta har var det fra 31. juli dette året ikkje nokon avtale om veterinærvakt, og dyrlege fekk han ikkje kontakt med før tidleg neste morgon. Då var det for seint, og kua døydde før veterinæren rakk fram til fjøset.

Brått og alvorleg

Mjølkefeber er eit brått fall i nivået av fritt kalsium i blodet, hos kyr kjem dette som oftast i tida rundt kalving. Kalsium er eit av dei vanlegaste grunnstoffa på jorda, og det har mange viktige funksjonar i alle levande organismar. For det første er kalsium naudsynt for å løyse ut dei kjemiske signalstoffa som sender meldingar mellom nervecellene i kroppen. Og inne i muskelcellene må det alltid vere nok fritt kalsium for at muskelfibrane skal klare å trekkje seg saman og gjere jobben sin. Nivået av kalsium i blodet til kyr er nøye regulert og ligg vanlegvis på 2 til 3 mmol/L. Fell det under 1,4 mmol/L, vil det hemme både nervesignal og muskelkraft.

Noko av det første som skjer når kalsiumnivået i blodet fell, er at hjartet slår raskare og veikare og blodtrykket søkk. Trass i namnet mjølkefeber er effekten at kroppstemperaturen går ned (36–38 °C), og huda kjennest kald. Muskulaturen i tarmane og andre indre organ blir svekte, og det første teiknet til mjølkefeber er ofte at kua mister matlysta.

Kjem anfallet før kalvinga, kan fødselen stoppe opp. Skjer det rett etter kalvinga, kan heile livmora ramle ut. Men held kalsiumverdiane fram med å falle, klarar ikkje kua å stå på føtene, og ho vil leggje seg ned i brystleie. Utan behandling vil dei fleste velte over på sida og døy innan 12 til 24 timar.

Kalsiummangel hos dyr som går drektig eller føder, kan skje hos mange dyreartar og er eit kjent problem hos både hund, gris, geit og sau. Tisper kan gjerne bli sjuke to til tre veker etter fødselen. Søyer får som regel mjølkefeber før lamminga, på grunn av den kraftige mobiliseringa av kalsium til den siste innspurten av fosterveksten. Symptoma er mykje dei same som hos ku, og behandlinga ganske lik: intravenøs eller subkutan kalsiumbehandling.

Mirakel 1

For ein veterinær kan det vere ei eiga stemning ved å sitje på huk attmed ei ku med mjølkefeber og langsamt drype ein halvliter kalsiumblanding rett i halsvena. Langt inne i brystkassa til det digre, skjelvande dyret dansar hjartet litt samba av det brå mineralsjokket, medan dyrlegen kjenner på pulsen og lyttar med stetoskopet etter alvorlege arytmiar.

Det er gjerne stilt i fjøset, dei einaste lydane kjem frå andre kyr som gomlar på silofôret sitt, eller kanskje ein kalv som rautar på mor si. I stetoskopet er det lett å høyre at hjarta senkar farten og slår hardare, medan den følbare pulsen i arterien som ligg på kanten av underkjeven, blir stadig sterkare.

Mot slutten av behandlinga vil kua gjerne skjelve i musklane på bringa, riste litt på øyro og kanskje skite ein haug med litt tørr og blank avføring. Dyrlegen kan dra ut kanylen, rette seg opp, pakke bort utstyret og prate litt med gardbrukaren medan medisinen får tid til å verke.

Så skal kua opp, oppmuntra av tilrop og klask på ryggen og rumpa. Og ofte skjer mirakelet: Den nyleg dødsdømde kua skvett brått opp, skakar litt i kroppen og set i gang med å ete. I nokre tilfelle trengst det meir enn éi behandling, andre gonger har kua fått såpass alvorlege skadar i bekken eller i musklane i bakparten at ho ikkje er i stand til å kome seg på føtene, og må avlivast der ho ligg.

Mirakel 2

I ein liter kumjølk er det 1 gram kalsium. Skal kua produsere 15 liter mjølk, betyr det at ho må skaffe 15 gram kalsium i døgeret. I blodet har ei vaksen ku om lag 2 gram fritt kalsium, så korleis skal det reknestykket gå opp? Her kjem den fantastiske fysiologien til kua til hjelp, eit mirakel av eit styringssystem blir sett i sving for å skaffe nok råstoff til mjølka og samstundes sørgje for at kua sine eigne blodverdiar er stabile nok til at ho held seg på føtene.

Årsaka til at nokre kyr får mjølkefeber og andre ikkje, er samansett og ikkje fullt ut klarlagd.

Nivået av kalsium i blodet blir regulert av fleire hormon som styrer kor mykje som skal inn i eller ut frå skjelettet, kor mykje som skal takast opp over tynntarmen, og kva som skal skiljast ut med urinen. Nok D-vitamin er viktig for å kunne ta opp kalsium frå fôret, og magnesium er naudsynt for å produsere og frigjere hormonet som styrer frisetjing av kalsium frå beinvevet.

Husdyravl er retta inn mot høg produksjon, og det er nok ein viktig grunn til problemet. Årsaka til at nokre kyr får mjølkefeber og andre ikkje, er likevel samansett og ikkje fullt ut klarlagd. Vi veit at eldre kyr er tregare til å mobilisere kalsium frå beinvevet og difor har større problem med kalsiumbalansen ved kalving. Fôringa i sintida er også viktig. Det er vist at låge nivå av kalsium i fôret og ei mineralsamansetning i dietten som gjev kroppen eit lite syreoverskot i tida før kalving, kan gje betre evne til å mobilisere kalsium. Rett før kalvinga kan ein så auke kalsiumtilskotet. Effekten av syrebalansen i sintidsfôret var det faktisk norske forskarar som fyrst fann ut av alt i 1960-åra, med den kvinnelege biokjemikaren Inger Dishington i hovudrolla.

Kua til gardbrukaren i Alta døydde fordi det ikkje var nokon veterinær på vakt. Bonden gjekk til sak mot kommunen for å få erstatning for tapet, fordi det er kommunane som har ansvaret for å organisere ei klinisk vakt. Men høg vaktbelastning og dårlege lønstilhøve samanlikna med andre jobbar for nyutdanna veterinærar har gjort slikt kvelds- og helgearbeid lite attraktivt. Det har blitt stadig vanskelegare å få veterinærar til å delta i organisert vaktteneste ute i distrikta, og no vil regjeringa i tillegg bremse opp på utdanninga av nye veterinærar. Husdyra på si side kjenner ikkje kontortida til dyrlegen, og det er ei skam om dyr døyr på båsen fordi vi ikkje klarer å organisere og finansiere ei god nok veterinærvakt.