Fagaktuelt

Infeksiøs lakseanemi (ILA)

Tekst: Arve Nilsen

Under overflata

Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinærinstituttet i Trondheim. Han har sidan juni 2020 hatt si eiga spalte, Under overflata, i vekeavisa Dag og Tid. Her tek han føre seg følgjene av lakseoppdrett. Denne artikkelen stod i avisa 4. september 2020.

Etter ei tid med lite sjukdom stig smittetala igjen. Utan ein effektiv vaksine er fysisk avstand, god hygiene og utgreiing og testing av smittekontaktar dei viktigaste tiltaka mot epidemien.

Det er ikkje covid-19 eg tenkjer på, men den dødelege fiskesjukdommen infeksiøs lakseanemi (ILA). Etter fleire år med stabile smittetal vart det i dei sju første månadene i år stadfesta sjukdom i 16 oppdrettsanlegg, mot fem i same periode i 2019. Om 16 anlegg ikkje høyrest mykje ut, kan eg leggje til at det er vanleg med mange løyve på kvar lokalitet, slik at dei største anlegga kan ha opptil 1,5 millionar slakteklar fisk når sjukdommen råkar.

Dødelig fiskeinfluensa

ILA dukka opp fyrste gongen på Bremnes i Hordaland sommaren 1984. Fisken vart sløv og døydde i hopetal, med bleike gjeller, skjel som sto rett ut frå kroppen og blødingar på huda som bar bod om innvortes skadar som fekk røktarar og veterinærar til å frykte det aller verste: ei bukhole fyld med blodvatn og ei svart og stygg lever. Det stoppa ikkje med denne lokaliteten. Sjukdommen spreidde seg raskt og med dødeleg utfall til mange anlegg langs heile kysten, det verste året var 1990, med meir enn 80 utbrot. Frå det første utbrotet av ILA tok det nærare 10 år før viruset vart isolert og karakterisert, og enno manglar vi gode vaksinar. I dag har vi ein koronaviruspandemi der virusets genom vart kartlagt kort tid etter dei første utbrota, og der den fyrste testinga av vaksine på menneske alt er planlagd. Det er ikkje mange andre sjukdommar som får ei slik merksemd, og særleg ikkje sjukdommar hos dyr.

ILA-viruset er ein akvatisk slektning av dei influensavirusa som vi kjenner frå fugl og pattedyr. Som andre influensavirus er ILA-viruset ein kløppar i å endre seg, mutere. I éi form (ikkje-mutert) er viruset eit veldig vanleg hud- og gjellevirus hos laks, men når det muterer, blir det meir aggressivt og går inn i blodet på fisken og infiserer cellene på innsida av blodårene; dei raude blodcellene vert øydelagde, og fisken får blodmangel (anemi).

Det var med flytting av levande fisk eller ved slumsete handtering av daud fisk, blodvatn eller slakteavfall at spreiinga av ILA skaut fart for alvor. Forskarane kom ganske snøgt fram til at med utslakting av sjuk fisk og ein sosial avstand på 5 til 10 kilometer - bra dette ikkje gjeld for covid-19 - mellom oppdrettsanlegg og frå slakteri til næraste anlegg kunne epidemien stoggast, trass mangel på effektive vaksinar.

I handteringa av ILA har ikkje Noreg vore noko godt føredøme

Epidemi eller pandemi?

Det er ikkje berre folk som reiser verda rundt med sjukdom. Med norske interesser i lakseoppdrett i Skottland, Færøyane og både Nord- og Sør-Amerika skjedde det ein omfattande eksport av norsk kapital, teknologi og avlsmateriale (rogn frå norsk stamfisk). Korleis ILA haika verda rundt, er framleis omstridt. Viruset finst naturleg i vill laks, men i ein art som høyrer naturlig heime berre i det nordlege Atlanterhavet. Nokre få forskarar står hardt på at ILA kan overførast med befrukta rogn, og at andre land på det viset fekk sjukdom med på kjøpet når dei brukte norsk stamlaks til rask oppbygging av sin eigen produksjon. Men ingen har sikre prov på dette, og det er fleire andre teoriar om korleis sjukdommen kan ha kryssa verdshava.

Det er mørke skyer i horisonten for norsk laksenæring. Det har vore uvanleg mange utbrot av den frykta laksesjukdommen ILA i 2020. Forskarar er førebels i uvisse om kvifor det skjer. Foto: Arve Nilsen

Eit dårleg føredøme

Frå covid-19 veit vi no alle at handteringa av ein pandemi kan gå gjennom ulike fasar, og vi er stolte over at vi i Noreg til no har vore mykje klokare enn svenskane. Men i handteringa av ILA har ikkje Noreg vore noko godt føredøme. I Skottland og Færøyane slo dei hardt ned på ILA-utbrota, testa kontaktanlegga og gjennomførte ei streng utslakting av alle anlegg med sjukdom. På det viset klarte dei å utrydde sjukdommen, sjølv om det ikkje-muterte viruset enno er til stades. På Færøyane må laksen dessutan vaksinerast mot ILA. I Noreg har vi ikkje gjort det slik, anlegg med sjuk fisk blir slakta ut, men det er ikkje nokon pålagd nasjonal strategi for testing av alle sjøanlegg, med unnatak for dei kontrollsonene som blir oppretta rundt anlegg med utbrot. Mange av dei nye utbrota i 2020 er ikkje knytte til naboanlegg med smitte, og kan hende skuldast desse utbrota nymuterte virus, ikkje smitte frå naboanlegg. Men all fisk frå dei smitta anlegga blir avliva og destruert.

Vi kan håpe på at den nyvunne erfaringa med covid-19 kan inspirere både fagfolk, forvaltning og politikarar til å sette seg høgare mål for kontroll med alvorlege sjukdommar hos husdyr og til å samla nok mot til å gjere det som trengs av tiltak, sjølv om det svir litt her og no.

Store skadar og blødingar i levra har vore eit typisk teikn ved alvorlege tilfelle av ILA. Foto; Veterinærinstituttet, Geir Bornø