Yrke og organisasjon

Dyr i fangenskap

Dyrisk

Veterinær Arve Nilsen tek for seg utvalde veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 11. desember 2020.

 

Mange ungar ønsker seg dyr i huset, vi foreldre har ikkje hjarte til å nekta dei denne gleda. Vaksne trivst òg godt med å ha kjæledyr, ei rekkje studiar har vist korleis kjæledyr gjer folk friskare. Kontakten med ein pelskledd ven kan senke kolesterol og blodtrykk og motverke depresjon.

Dyr kan òg vere bindeledd mellom menneske. Den daglege lufteturen med hunden kan vere eit viktig sosialt avbrekk i ein elles konktaktlaus kvardag. Men kva veit vi om kva kjæledyra våre ønsker seg og korleis dei trivst i familien vår?

Det gode dyrelivet

Ein vanleg definisjon på god velferd for husdyr er at dyra skal ha nok mat og vatn, ein trygg plass å bu, fridom frå frykt og smerte, fridom frå sjukdom og rett til å dekkje sine naturlege behov. Vi har eit meir utvikla helsetilbod for kjæledyra våre enn det som mange andre stader i verda er tilfelle for menneske.

Men kva veit vi om dei naturlege behova som dyra har? For det første veit vi ganske lite. Forsking kan fortelje oss noko, men vi må òg ta i bruk den kan hende minst brukte av alle menneskelege kjensler: medkjensla. Å prøve å leve seg inn i og ta del i dyret si verd er likevel naudsynt, skal ein vere ein god dyreeigar.

For det andre er behova ulike. Ein katt har ikkje same behov som ein undulat, ein gamal hund treng ikkje det same som ein kvalp som nett er komen inn i huset. Forsking på livskvalitet hos kjæledyr er ein ny vitskap, det som er komme fram, er ikkje alltid like oppmuntrande.

Fugl av gruppa papegøyar (Psittaciformes) er lite eigna som kjæledyr, og mange av dei slit med tungsinn.

Fri som ein fugl

Skal vi prøve å seie noko om kven som kan ha det verst i familiens fangenskap, må vi truleg starte med burfuglane. Fuglar som vert stengde inne i bur, har lite å glede seg over i kvardagen. Undulatar, finkar og papegøyar er tropiske fuglar, tilpassa eit liv i store flokkar som flyg lange avstandar i søk etter mat. Det einaste brukbare miljøet for ein tamfugl er å bu i eit digert bur i lag med fleire andre artsfrendar og i tillegg få høve til ein god flygetur utanfor buret kvar dag.

Flyging er den mest energikrevjande av alle måtar å transportera seg på, og dette er grunnen til at ville fuglar et mykje og energirik mat. Dei som er sett i bur, kan ikkje gjere seg nytte av maten på same viset, overfôring og feilernæring er blant dei viktigaste årsakene til sjukdom hos fugl i fangenskap. Burfugl kan ete til dei får hjarteinfarkt og dett av pinnen.

Men om dei får passeleg med mat, er levetida det neste problemet. Undulatar og finkar lever i nokre få år, medan mange papegøyeartar kan leve i meir enn 50 år. Kor lang tid kan det vere greitt å sitje på ein pinne inne i eit bur og vente på neste måltid? Dei fleste studiar viser at papegøyar utviklar stereotype rørsler, eit sikkert teikn på tung depresjon.

I tillegg er internasjonal handel med fugl, særleg papegøyar, ei rå blanding av butikk og miljøkriminalitet med fangst og omsetning av fugl henta frå truga bestandar. Og der villfugl blir fanga til eksport som kjæledyr, kan meir enn halvparten døy av stress og skadar før dei kjem fram. Alt i alt: Tenk deg nøye om før du kjøper ein fugl. Det du kan oppleve av nærkontakt ved å setje opp eit fuglebrett eller henge opp meisebollar om vinteren, kan truleg vere langt betre. Ikkje minst for fuglane.

Alt i alt: Tenk deg nøye om før du kjøper ein fugl!

Inn i kaninhòlet

Ein slange har få og enkle krav til eit godt liv.

Eit anna døme på dyr med tvilsam velferd er kaninane. Igjen tek vi sosiale flokkdyr og stengjer dei inne i små bur. Kaninen er tilpassa eit liv i store koloniar, gjerne i hòler under bakken. Dei har eit sett med overutvikla bakføter som gjer dei i stand til å springe frå mest alt av rovdyr, særleg om dei kan sette i veg oppover i ei bratt og ulendt li, då er det få harehundar eller revar som kan halde tritt.

Ein huskanin må leve mestepraten av livet inne i eit trongt bur, ofte isolert frå andre kaninar. Slepp dei ut om sommaren, må det skje under skjerpa sikringstiltak i bur med solid netting i botnen. Med eit unaturleg fôr og altfor lite mosjon er det mange kaninar som får trøbbel med fordøyinga i form av forstopping, diaré eller tarmslyng. Mangel på kalsium kan gje ujamne tenner og feilvokster av tannrøtene. Tannrøtene kan i alvorlege tilfelle vekse ut av kjevebeinet og inn gjennom gane og augnehòle. Slikt tyder ikkje på eit naturleg miljø. I tillegg er kaninar eigentleg nattaktive dyr og dårleg tilpassa døgeret vårt.

Ein klar vinnar

Men hunden, då, seier du kan hende, og katten - dei har det då vel fint hos oss menneska? Det kan godt vere at desse pelskledde husdyra har eit friare og betre liv, ikkje minst fordi dei er meir domestiserte (tamme) og har lettare for å gli inn i menneskesamfunnet. Det skal vi kome attende til i seinare spalter.

Men skal eg peike ut ein vinnar her og no, ein som får det nett som han vil ha det, og som lever eit godt liv utan stress eller depresjon, så er det slangen. Eg trur ein slange sin definisjon av eit godt liv ligg temmeleg nær det han kan få i fangenskap: ei rotte i veka, ein romsleg og varm plass å sove og elles så lite forstyrring som mogleg.