Yrke og organisasjon

Bergnebb

Under overflaten

Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinærinstituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene av lakseoppdrett. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 3. juli 2020.

 

Nokre få meter utafor badegrunna vår er det ei lita undervassteinur der solstrålar skin på skrå ned i det grøne vatnet og der grisetang og martaum står strake i straumstilla som ein forhistorisk og framand skog. Grøne og raude kråkebollar pyntar opp og ser rettnok fredelege ut, men har eit lurvete rykte som nådelause rovdyr med nedbeiting av store tareskoger på samvitet.

Med omsyn til rasering av miljøet, både under og over vatn burde kanskje eg som svømmer sakte med dykkarmaske og snorkel gjennom dette vakre natur-akvariet ha større sjelekvalar enn kråkebollane. Men det som fangar interessa min nett no er stimane med småfisk som bur her i steinura, nærare bestemt nokre familiar med raudbrune bergnebbar som utfoldar sitt privatliv et par meter under meg, utan å sjå ut til å være særleg bekymra for noko som helst.

Bergnebb er ein karakteristisk liten saltvassfisk

Bergnebben (Ctenolabrus rupestris) er ein karakteristisk liten saltvassfisk, han er litt flat i fasongen og har ein imponerande liten trutmunn med skarpe tenner, ein utsjånad han deler med dei mange andre artane av det vi kallar leppefisk (Labridae). Bergnebben er den minste av leppefiskane, vanleg størrelse er 10-15 cm og dei kan leve i 25 år. Dei et smådyr dei finn på stein og tang inne på grunna, og har elles ein avslappa livsstil. Rogna gyter dei i dei frie vannmassane, stell og pass av rogn og yngel overlèt dei til naturen sjølv. Om vinteren blir dei dorske og late og gøymer seg helst inne i steinura til våren kjem.

«Mange av dei fanga fiskane svelt ihel eller døyr av sjukdom lenge før dei kan gjere nokon nytte i merdane»

Brutal lagnad

Eg flyt sakte forbi den vesle familiegruppa, dei modigaste våger seg nokre meter ut frå bergveggen, men det er alltid kort veg inn til ein gøymestad. Dei har mat i overflod, og det heile ser nett så idyllisk ut som naturen kan være så lenge ein hugsar at sjukdom, svolt og brå død er normale hendingar i dei ville fiskane sin kvardag.

Men mange bergnebbar går ein annan og langt meir brutal lagnad i møte. I 2018 blei det fiska opp over 7 millionar bergnebbar med teiner. Dei som overlever fangst, eventuell mellomlagring og så transport til næraste laksefarm vil ende opp som tvangsutskrivne luse-etar-rekruttar i den norske reinsefiskhæren. Leppefiskane blir blanda inn med laksen i ei laksemerd, der dei får venne seg til å skaffe mat ved å plukke lus frå huda på laksen. Det starta i det små på 70-talet, men då dei kjemiske lusegiftene slutta å virke på 2000-talet skaut bruken av leppefisk fart for alvor. Alle artane blei prøvde: bergnebb, berggylt, grasgylt, brungylt, raudnebb og blåstål. Det blei omtalt som ein nær sagt økologisk metode for å temje lusa, men i røynda hadde denne historia også ei anna og mørkare side. Ta bergnebbane - dei er stasjonære fiskar som lever i små grupper som toler stresset ved fangst, transport og utsetjing i merdane dårleg. Mange av dei fanga fiskane svelt ihel eller døyr av sjukdom lenge før dei kan gjere noko nytte i merdane.

Dårleg rettsvern

Om alle leppefiskane døyr har tiltaket til no vore enkelt: Fyll på med fleire fiskar. Mattilsynet har lenge stilt lite krav om tilsyn, men kom i februar i år med krav om at næringa må betre velferda kraftig viss dei skal kunne halde fram med bruk av reinsefisk. Fiskeridirektoratet har laga reglar for fisket av leppefisk, antal, minstemål og fredingstider. Det er likevel uvisst kva som er tolegrensa for dei ville bestandane og kva det kan føre til av genetisk kaos med flytting av vill fisk opp og ned langs kysten. Til og med frå Sverige er det henta så mykje leppefisk at villfisk rundt Smøla har fått ein god slump svenske genar. Ei løysing har vore å bytte ut leppefiskane og bruke oppdretta rognkjeks som lusespisar. Men rognkjeksen slit med myke av dei same problema når han blir sett ut i laksemerdane.

Med å bruke reinsefisk (leppefisk og rognkjeks) mot lus prøver vi å løyse eitt problem (lusa) med å lage fleire nye og minst like alvorlege problem: ein elendig velferd for dei små hjelparane, utarming av lokale leppefiskbestandar og ukontrollert spreiing av sjukdom og framande genar.

Til neste sommar skal eg dra på besøk til bergnebbane ved badeplassen vår. Dei har det nok fint i den grunne bergveggen sin, med hus og mat og heile familien rundt seg. Eg håper dei får være i fred der.