Bokomtale

Glimt fra et langt veterinærliv

Boka «Glimt fra et langt veterinærliv» er ein biografi om avdøde distriktsveterinær Bjørnar Bergeton Loe, ført i pennen av sonen Bjørn Loe.

Bjørn Loe er godt kjent av mange norske veterinærar, ettersom han i over 40 år reiste landet rundt som legemiddelkonsulent for veterinærpreparat. I oppveksten var Bjørn Loe mykje saman med faren i veterinærpraksis, og då han tok over huset etter faren og mora på Vinstra, kom han over svært mykje arkivmateriale frå ein lang yrkeskarriere som veterinær.

Bjørnar Loe vart fødd i Tromsø første nyttårsdag i 1919. Etter eksamen artium på Tromsø Høiere Almenskole, starta Bjørnar Loe i 1938 på det fjerde kullet på Norges veterinærhøgskole (NVH). Første praksisjobben var som assistent for veterinær Rolf Rumohr Svenkerud i 1944 i Nannestad. Neste stopp vart Alta som konstituert distriktsveterinær i Vest-Finnmark veterinærdistrikt. Distriktet omfatta 10 kommuner og omlag halve Finnmark fylke. Journalen til Bjørnar Loe stoppar brått 23.10.1944 på grunn av tvangsevakueringa og nedbrenninga av Nord-Troms og Finnmark. Han vart evakuert til Tromsø og tok inn hos foreldra. Vinteren 1944/45 arbeidde han saman med veterinær Hans A. Gangsaas.

Veterinærhistorie: Boka «Glimt fra et langt veterinærliv» er full av historier frå alle delar av landet der Bjørnar Loe praktiserte.

Rett etter frigjeringa i 1945 dreiv Bjørnar Loe praksis nokre månader i Eidsvoll, før han hausten 1945 starta i eit vikariat som konstituert distriktsveterinær på Ørlandet i Sør-Trøndelag. Etter vikariatet på Ørlandet gjekk turen til NVH og institutt for indremedisin. Bjørnar Loe ville drive praksis i felten, og i 1947 slo han seg ned som privatpraktiserande veterinær i Vestby i Ås veterinærdistrikt. Etter 10 år som privatpraktiserande veterinær, bestemte Bjørnar Loe seg for å satse på det offentlege veterinærvesenet. Han søkte og fekk stillinga som distriktsveterinær i Vadsø i Aust-Finnmark. Distriktet omfatta Vadsø, Vardø og Båtsfjord kommuner. Familien tok landeveien fatt og køyrde 250 mil frå Vestby til Vadsø. Men Bjørnar Loe ville sørover, og etter fire år i Vadsø søkte og fekk han Vefsn veterinærdistrikt i 1961 med bopel Mosjøen. Han var no komen til midten av Noreg, men ville enno lenger sør. Hausten 1967 vart Fron veterinærdistrikt i Gudbrandsdalen ledig, og Bjørnar Loe fekk stillinga; ei stilling han hadde til han gikk av med pensjon i 1989 etter fylte 70 år.

Dette vart mykje om reiser og nye jobbar. Slik var kvardagen for dei som vart utdanna i tidlegare tider. Det var få veterinærstillingar ledige, og nyutdanna veterinærar måtte take korte vikariat og assistentstillingar. Ville ein inn i det offentlege veterinærvesenet, måtte ein opparbeide ansiennitet. Då måtte ein som Bjørnar Loe starte i Nord-Noreg og arbeide seg sørover. Men boka til Bjørn Loe om faren Bjørnar Loe handlar om så mykje meir enn flytting og skifte av bopel. Boka er full av historier frå praksislivet frå alle delar av landet der Bjørnar Loe praktiserte, og mange kollegaer vil kjenne seg att i det som blir fortalt. Det kjem tydeleg fram i boka at Bjørn Loe har stor respekt for faren og det har utretta. På mange måtar er boka ein hyllest frå son til far. Bjørn Loe skriv kort og poengtert, slik at boka er lettlest. Stor takk til Bjørn Loe for boka.

John Osnes
Veterinær, Ulsteinvik

Bjørn Loe

Boka «Glimt fra et langt veterinærliv» om Bjørnar Bergeton Loe, forfattar Bjørn Loe, 88 sider, utgitt på Partner forlag. ISBN 978-82-8402-008-2. Boka kan bestillast hjå alle bokhandlarar og på alle nettbutikkar som sel bøker; slik som Ark, Norli, Adlibris, Haugenbok og Bokkilden. Boka kostar i underkant av 300 kroner.