Bandtvang
Dyrisk
I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 18. juni 2025.

Har du hund, skal du ta han med på tur, ofte og lenge.
Foto: Adobe Stock
Høgsterett bestemte i mai 2025 at hunden Ben skulle avlivast, etter at han drap ein sau og skada seks andre på beite i Gudbrandsdalen sommaren 2023.
Dyrevernorganisasjonen NOAH kjempa gjennom tingrett og lagmannsrett for å få hunden omplassert, men lova om hundehald frå 2023 gjev politiet rett til å ta livet av hundar som gjer alvorleg skade på folk eller dyr, men til slutt kom Høgsterett med den endelege dødsdommen.
For heile landet har vi generell bandtvang frå 1. april til 20. august. Kommunane kan også innføre strengare krav, til dømes på vintrar med ekstra mykje snø og utfordringar for hjorteviltet. Det finst inga samla oversikt over kor mange husdyr eller vilt som blir angripne av hund. Fagorganisasjonen Norsk Sau og Geit meiner at laushundar drep meir enn 1 000 sau på beite kvart år, men dei trur at mørketala er store fordi mange uansvarlege eigarar ikkje veit om eller ikkje melder frå om skadeverket.
Det burde ikkje vore lov å skaffe seg slike dyr utan godkjent kurs og sertifisering.
Naturleg aggresjon
Hundar er sosiale og territoriale rovdyr med mange grunnleggjande åtferdsmønster, og aggresjon er ein naturleg del av eit hundeliv. Når hundar bit folk eller andre hundar, er det ofte i ein pressa situasjon der hunden går til angrep for å verne seg sjølv, territoriet eller familien sin, og dei fleste hundar kan bli redde eller provoserte nok til å bite frå seg. Men folk som blir bitne av sin eigen hund, er ofte lite interesserte i å melde frå til politiet, og korkje legevakt eller veterinær har automatisk varslingsplikt i slike tilfelle.
Chihuahua, søte miniatyrhundar som ikkje blir større enn ein liten katt, har eit stort ego og ikkje like godt utvikla sosial intelligens og blir ofte rekna blant dei mest aggressive av alle familiehundane. Polarhundar kjem også høgt på statistikken over aggressive hundetypar, men konsekvensane av eit angrep blir naturlegvis litt forskjellige i dei to tilfella.
Jakt er ikkje knytt til frykt eller aggresjon på same måten, korkje for hundar eller for jegerar. Her kjem det naturlege rovdyret i hunden fram, med fokusert og målretta åtferd retta mot å innhente, rive i hel og ete andre dyr. To av dei verste hundetypane er polarhundar og elghund, rasar som forsking har vist har det best bevarte jaktinstinktet og med evne til å gjennomføre jakta heilt fram til drap. Det vi har av statistikk, viser likevel at alle jakthundar og vaktarhundar har i seg evna til å jage og drepe.
Unaturleg hundehald

Mange sauar og andre dyr blir skada eller drepne av hund, og skadane skjer ofte i tida for bandtvang.
Foto: Adobe Stock
I dyrevelferdsmeldinga som kom hausten 2024, er det trekt fram fleire menneskeskapte problem for hundevelferda: skadeleg innavl, manglande kunnskap hos eigarar, lite mosjon og sosial kontakt, usikker velferd i store hundeflokkar og bruk av ulovlege treningshalsband (straum eller piggar). Blant tiltaka som er foreslått i meldinga, var obligatorisk ID-merking og ei forskrift om hald av trekkhundar.
Det er òg foreslått å lage ei forskrift om hundeavl, noko som er på høg tid. Vitlaus hundeavl har gjort mykje skade, og det er avla fram ei rekkje hundar som anten er kronisk sjuke eller ueigna til å leve i ein vanleg moderne familiebustad. Men ingen tiltak i meldinga er retta inn mot å løyse dei grunnleggjande problema med manglande kompetanse og at dei fleste hundar får altfor lite trening og sosialisering, med dei helseproblema og åtferdsproblema det fører med seg.
Mange hundeeigarar er misnøgde med den strenge bandtvangen, og kanskje er slurv med å halde hunden forsvarleg sikra («min hund har alltid vore snill») årsaka til at dei fleste registrerte sauedrapa skjer i bandtvangsperioden. Landbruksdepartementet foreslår i dyrevelferdsmeldinga at det skal leggjast til rette for fleire friområde der hundar kan mosjonere trygt utan band.
Sjølv om det i lova om hundehald (hundelova) frå 2023 står at «Hunder har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker», er det ikkje slik dyrehaldet vårt er i praksis; folk flest har dyr for sin eigen del, ikkje for å vere snille mot dyra. Hundeeigarane sjølv må bli meir aktive, det er ikkje bandtvangen som er årsaka til at så mange av dei 580 000 hundane her i landet slit med einsemd og overvekt.
Lov og rett
Hunden Ben var av rasen cane korso, ein italiensk vaktarhund med sterkt temperament som berre eignar seg for folk med svært god erfaring med slike hundar. I lys av kor farleg det er med usikra hundar av denne typen, burde det ikkje vore lov å skaffe seg slike dyr utan godkjent kurs og sertifisering. Men kven skal få straffa når hunden stikk av og drep sau? I mellomalderen kunne dyr bli stilte for retten og dømde, i moderne lover er ikkje dyr eigne subjekt med plikt til å følgje lovene. Som objekt kan dyr heller ikkje sjølv å gå til rettssak om dei på noko vis skulle bli krenkte.
Ein eigar, eller andre representantar for dyret, kan ta eit vedtak om avliving til retten, slik NOAH gjorde for hunden Ben. At NOAH har ført denne kampen gjennom alle tre rettsnivåa, er svært nyttig. På den måten har rettsvesenet kunna gjere ei grundig og praktisk tolking av den nye hundelova, og gjort det lettare for både eigarar, Mattilsynet og politiet å vite kvar grensa går mellom naturleg hundeåtferd og alvorleg skadeverk.
Hundane sjølv veit ikkje noko om lovverket eller kva sanksjonar lova krev, og dei står heller ikkje direkte til ansvar for sine eigne brotsverk. Hundar blir ofte sett som ein del av familien, men i lova er dei eigedom, og når hundar som bit eller drep blir avliva, er det ikkje å rekne som ei straff mot hunden, men mot eigaren. Straffa er ikkje hemn mot eit verjelaust dyr, men har to viktige førebyggjande føremål: at hunden som beit eller drap, ikkje skal gjere meir skade, og at alle andre hundeeigarar blir merksame på konsekvensane av uansvarleg hundehald. Det meiner eg er til gagn for både eigarane og hundane deira.
Når hundar som bit eller drep blir avliva, er det ikkje å rekne som straff mot hunden, men mot eigaren.