NAVN

Minneord om Jens Gillund

Foto: Gulbrand Alhaug

Tidlegare distriktsveterinær i Målselv, Jens Gillund, døde 29. januar 78 år gammal. Etter praksis som veterinær nokre få år i Sør-Noreg kom han til Målselv i 1969. Her fekk han ein lang arbeidsdag som dyrlege - til glede for både folk og fe - heilt til han pensjonerte seg. Dei fyrste åra i Målselv var han veterinær i Kløvkompaniet - fyrst som kaptein, deretter major. I tillegg hadde han praksis som dyrlege i kommunen. Kløvkompaniet var ei transportavdeling som omfatta 128 menn og 124 hestar. Dette kompaniet vart nedlagt i 1985, og da var ein lang epoke slutt, for ordninga med kvarterhestar i Hæren hadde vart heilt sidan 1663.

Som veterinær vart Jens raskt ein populær person i Målselv. Med sin muntre og slagferdige replikk fekk han god kontakt med bøndene der. Med oppvekst i Stange i Hedmark hadde han noko av det same lynnet som dølane i Indre Troms som var etterkommarar etter innvandrarar frå Østerdalen og Gudbrandsdalen. Jens hadde klare meiningar om mangt og mye, og det var ikkje overraskande at han også kom til å spele ei viktig rolle i kommunepolitikken i Målselv - som representant for Senterpartiet. I heimen hans på Rundhaug var det høgt under taket, og der kunne det vera livat under politiske diskusjonar. Også den tyske kona hans, Gesine, var politisk engasjert, men i eit anna parti (SV). Også ho satt i kommunestyret - litt seinare enn Jens. Dei hadde ofte samanfallande syn på politiske spørsmål. I kampen mot EF - og seinare EU - var Jens sentral i Indre Troms, som bl.a. leiar av Målselv Nei til EU. Også i kulturlivet engasjerte Jens seg, og med si velklingande songrøyst var han ein ressurs i Mellembygd mannskor.

I kraft av sin veterinær-ekspertise var Jens etterspurd i internasjonal samanheng, og tidleg i 1990-åra deltok han i eit FN-oppdrag (UNIKOM) med det formålet å overvake den demilitariserte sona mellom Kuwait og Irak. Jens hadde da majors grad. Her var veterinærkunnskapane hans til stor nytte i eit samfunn som kan karakteriserast som meir primitivt enn det norske.

Sjølv hadde eg den gleda å ha Jens som nær venn heilt frå barndommen av. Han kom frå nabogarden i Stange, og vi gjekk på folkeskolen i same klasse. Som bondeson - men ikkje odelsgut - var det naturleg at han valde eit yrke innafor jordbruket, dvs. veterinæryrket. Det var ofte livat rundt Jens, og da han var dyrlege på Bømlo like etter at han var ferdig med veterinærstudiet, inviterte han og Gesine til karneval på denne øya. Ja, det går ennå gjetord om det karnevalet.

Mye av den tida da Jens praktiserte som dyrlege i Målselv, budde eg i Tromsø, og da var det alltid morosamt å besøke han. Han hadde ofte ein spøk på lur overfor bøndene når han var ute i praksis. Ein gong sa han at han nå hadde fått råd til å lønne ein assistent, og assistenten - det var eg. Da måtte eg, språkforskaren, ta temperaturen i bakenden på kua og halde kua hardt rundt halsen mens Jens sette inn sprøyte.

Litt etter at Jens pensjonerte seg, valde han og Gesine i 2013 å flytte frå Målselv til Åsgårdstrand der ein av sønene, Andreas, budde med familien sin. Dei siste åra var Jens plaga av Parkinson, noko som gradvis tappa han for energi. Han vart gravlagt ved Slagen kyrkje 5. februar.

Det var mye liv rundt Jens, og det kjennest tomt nå når han er borte. Tankane går til Gesine og barna Gullbrand, Andreas, Bjørn, Nils og Parul.

Gulbrand Alhaug