Yrke og organisasjon

Lungeorm

Parasittlarvar som et seg gjennom tarmveggen og vandrar til lungene for å leve og pare seg der, som infiserer sniglar eller brukar eksplosiv sopp som metode for å spreie seg utover beitemarkene til sau, geit og andre planteetarar. Velkommen til ei vandring i lungeormens fantastiske verd.

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 17. mars 2023.

Ein suksess

Planteetarar er ein viktig del av naturens store krinsløp, der dei går på beite og legg att næringsrik gjødsel som mikrolivet i jorda kan nytte til ny primærproduksjon. Denne syklusen er diverre også særs godt eigna for parasittar som kan formeire seg inne i eit levande dyr og så sleppe ut egg eller larvar i avføringa til verten. Lungeormar er eit godt døme på slike beitetilpassa parasittar og er ei vanleg plage hos dei fleste husdyr over heile verda.

Lungeormane har sitt vaksne liv i luftrøyr og lungevev hos landlevande virveldyr. Dei har kjønna formeiring, og etter paringa legg hoene egg som eigentleg skulle ha vore sleppte frie i tarmen for å kome ut att den vegen. Men det er det råd med, irritasjonen i lungene fører til meir slim og hosting, og slik blir egga transporterte opp til svelget, der dei gjer vendereis og kan ta turen ned til magesekken og vidare ut med avføringa.

Lungeorm er svært vanleg på sauar i Noreg, men som regel viser dei ingen teikn til sjukdom.

Foto: Steinar Tessem

Store lungeormar

Geit og sau har ofte lungeorm, som regel er dei smitta med ei blanding av ulike typar. Geitene blir hardast råka, men dei siste åra har kartlegging på slakteria i Noreg vist at lungeorm er eit svært vanleg problem også hos sau.

Mest alvorleg er infeksjon med den store lungeormen (Dictyocaulus filaria). Dei lever i luftrøyr og bronkiar og kan føre til mykje slimproduksjon og ein kronisk, surklande hoste.

Inne i kvart egg ligg det ein ferdig utvikla larve, ute på bakken utviklar dei seg raskt vidare til infektive larvar som satsar på å bli etne av ein ny vert før vinteren kjem. Når larvane kjem inn i tynntarmen, vil dei ete seg gjennom tarmveggen og vandre til lymfeknutane i bukhola og vidare med lymfekanalane til hjartet, før dei endar opp i blodet som blir pumpa ut til lungene. Der blir dei kjønnsmodne, og det heile startar på nytt.

Den store lungeormen kan gje alvorleg sjukdom hos storfe. Illustrasjon: Wikipedia

Raskast i verda

Dyra får etter kvart ein viss immunitet mot den store lungeormen, og sjukdom ser vi først og fremst hos unge dyr. Larvar frå dei store lungeormane overlever dårleg ute på bakken gjennom vinteren, men når smitta dyr kjem ut på beitet om våren, vil dei skite ut ferske egg og larvar. Størst smittepress blir det difor på seinsommaren og om hausten, særleg etter varme og fuktige somrar.

Storfe har også lungeorm, men ein egen type, Dictyocaulus viviparus. Med stor smittebelastning kan dyra bli tydeleg tungpusta og i alvorlege tilfelle skrante og misse matlysta.

I avføringa frå planteetarar finst det nokon gonger sporar av ein sopp som blir kalla sprettmugg (Pilobolus kleinii). Soppen veks opp på den ferske skiten som små trådar med ein liten granatkastar på tuppen. Når desse blir sprengde, vil nye soppsporar bli kasta opptil ein meter av garde, med akselrasjon som ei kule ut frå eit geværløp.

Denne mekanismen har lungeormane også oppdaga, og dei kryp inn i sporeboblene for å bli med på utskytinga. På det viset blir ormelarvane dei raskaste dyra på planeten, om enn berre for ein kort augneblink.

Små lungeormar

Hos småfe er det også vanleg med små lungeormar, i Noreg finn vi som regel typane Muellerius capillaris og Protostrongylus rufescens. Dei har ein liknande livssyklus som dei store ormane, men ute på beitet må larvane først formeire seg inne i sniglar.

Når dyra et gras med infiserte sniglar, vil larvane gjere den same vandringa som hos den store lungeormen, men med den skilnaden at ute i lungene vil dei små ormane slå seg ned i dei minste lungeblærene og ofte kapsle seg inn like under lungehinna. Ved slakting kan du sjå dette som harde og lyse eller meir blodraude knutar. Det er ikkje nokon god immunitet mot desse ormane, og difor blir det ofte meir lungeorm hos eldre dyr.

Larvane har også evna til å gå inn i ein slags dvale (hypobiose) og kan aktivere seg når det verkar som ei god tid å starte ny eggproduksjon. Geiter kan bli alvorleg sjuke av ein slik infeksjon, hos sauar er det som regel få symptom.

Behandling

Larvane frå den store lungeormen overlever som nemnt dårleg på beitet om vinteren, medan dei små lungeormane som veks inne i sniglar, klarer seg betre. Best er det å førebygge problema med å sikre store og gode beiteareal, skifte beite oftast mogleg og å verne unge dyr mot sterkt nedsmitta beite på seinsommaren.

Vanleg ormekur har vanlegvis god effekt mot dei store lungeormane. Små lungeorm gjev mindre plager, men er det dyr med symptom på sjukdom i besetninga er det sikrast å behandle heile flokken med ein injeksjon med doramektin ved innsett om hausten.