Yrke og organisasjon

Ikkje ein sporv

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.

Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 28. januar 2022, og er litt oppdatert før trykkinga i NVT.

Katter elskar å drepe småfugl, men kan sjølv bli sjuke av salmonellainfeksjon som dei får frå fuglane.

Foto: Shutterstock.

Innimellom epidemiar med omgangssjuke og influensa, kombinert med fleire rentehopp og kulderekordar kan det vere godt å finne andre ting å fylle kvardagen med. Noko du kan gjere no midtvinters for å styrke sjelefreda og samstundes ta vare på den nære naturen din er å mate småfuglane.

Naturvernforbundet oppmodar oss kvart år til å spe på vintermenyen til dei små standfuglane, og ifølge Bibelen skal Gud sjølv visstnok halda eit eige rekneskap over dødelegheit hos småsporvar. Men kor lurt er det for menneska å blanda seg inn i naturen på denne måten?

Smittsamt

For det første: vi har lenge blitt åtvara om at desse fuglevenene våre er små fjørkledde smittebomber, fulle av salmonellabakteriar. Hos fugl finn vi stort sett bakteriar av typen Salmonella typhimurium, og Folkehelseinstituttet skriv at det er to klåre smittetoppar for denne bakterien her i Noreg, ein på etterjulsvinteren og ein i august. Den i august meiner dei kjem av smitte frå pinnsvin som trekk inn i hagane, medan smitten om vinteren skuldast nærkontakt med småfuglar ved mating.

Salmonella typhimurium er tarmbakteriar med god evne til å overleve i alle slags miljø, og dei kan gje sjukdom hos nær sagt alle typar landdyr, reptil, fuglar og pattedyr, inkludert menneske. Varianten vi finn hos småfuglane våre (Copenhagen-varianten), vart truleg spreidd i naturen av eit dansk firma som i mellomkrigstida selde bakteriekulturar til biologisk krigføring mot mus (typhimurium = musedrepar).

Når salmonellabakteriane kjem inn i tarmen, kan dei skilje ut giftstoff, men meir alvorleg vert det når dei går inn i tarmceller og spreier seg vidare med blodet. Ein gjennomgått infeksjon gjev ikkje varig immunitet, men friske smitteberarar kan ha bakteriane i seg og spreie infeksjonen til andre i lang tid etter at symptoma er borte.

På fuglebrett kan det bli ei salig røre av fuglemat og fugleskit, og her spreier infeksjonane seg fort. Dei svakaste individa vil få kraftigast infeksjon, og hos døde småfuglar finn ein ofte mykje salmonella. Ornitologar tilrår difor at vi skrotar fuglebretta og går over til å servere maten i automatar som heng fritt.

Farleg

For det andre: Salmonella er berre eitt av trugsmåla småfuglane er utsette for når dei oppsøkjer maten du legg ut i hagen. I ei engelsk gransking fann dei at ein huskatt i gjennomsnitt drap om lag åtte småfuglar i året. Dei 800 000 kattane i Noreg er like gode jegerar, Norsk Ornitologisk Foreining har rekna ut at her i landet blir 7 millionar fuglar kattemat kvart år. I tillegg tek rovfugl som sporvehauk godt for seg, og der småfuglane sit tett saman på ein fôringsstad, kan dei vere lett bytte for angrep frå lufta.

For dei artane vi fôrar på om vinteren, er bestandane ifølgje dei same ornitologane ganske stabile, men ikkje veldig store. Teljingane er rett nok usikre. I 2015 rekna ornitologane med ein bestand av kjøtmeis på opp mot to millionar, medan maksimale anslag for blåmeis var 350 000 og for den lett kjennelege dompapen berre 165 000. Skal det gje noka meining å fôre småfuglane for å berge livet deira, er det difor god folkeskikk å gje dei eit godt vern mot både kattar og rovfugl.

Kaldt

Forutan å ete mykje og feit mat må fuglane halde på varmen så godt som mogleg. Duna som ligg inn mot kroppen, vernar godt mot varmetap. Når det er kaldt, får fuglane det vi menneske kallar gåsehud – fjør og dun løftar seg litt frå kroppen for å lage eit større volum med isolerande luft. Fuglane har òg motstraums varmeveksling av blodet som går til føtene, slik at føtene held seg fleire grader kaldare enn kroppen, på det viset slepp dei å tape så mykje varme den vegen.

Å skru ned temperaturen om natta sparer straum for prissjokkerte nordmenn. Det kan òg hjelpe fuglane til å spare på verdfull energi. Men lågare kroppstemperatur om natta gjev litt dårlegare kvalitet på søvnen (mindre REM-søvn), og fuglar som driv med dette for lenge, vil bli utslitne og kan få mindre krefter til å skaffe seg mat og halde seg unna predatorar.

Nok energi til varmeproduksjon er difor viktig, og fleire artar, til dømes meisane, er gode til å gøyme mat for å ha noko å overleve på gjennom vinteren. Tilgangen på mat er òg med på å regulere kor mange par som hekkar i eit område.

«På fuglebrett kan det bli ei salig røre av fuglemat og fugleskit»

Eit dødeleg krinsløp

Konklusjonen er ikkje så oppløftande. For dei fuglane som held til i hagen din, er fôringa med på å gjere livet lettare, men fleire forskarar har åtvara om at når vi fôrar småfuglane, grip vi rett inn i evolusjonen utan nokon kunnskap om korleis dette på lang sikt vil verke inn på hekkeresultat, flokkstruktur og overlevingsevne. Skal du fôre fugl tek du dermed på deg eit ansvar for å by fram eit litt variert tilbod av mat og å halde fram ikkje berre gjennom vinteren, men òg i hekketida fram til fugleungane er ute av reiret. Julenek som fuglefôring er difor ein ganske meiningslaus tradisjon. Det er òg verdt å leggje til at fuglemat er storindustri. Berre i USA og Storbritannia blir det fôra ut meir enn 500.000 tonn i året, nok til å halde liv i tre millionar svoltne menneske ein annan og mindre privilegert stad i verda.

Og ikkje minst – til ettertanke for deg som har katt og kosar deg med det, og som samstundes fôrar småfuglane samvitsfullt på fuglebrettet gjennom den kaldaste vinteren: I røynda fôrar du kanskje på eit dødeleg krinsløp: Maten trekkjer til seg fuglar, dei spreier salmonellabakteriar mellom kvarandre, og dei svakaste vil døy av infeksjonen. Katten (og rovfuglane) vil ete dei svake fuglane og sjølv bli smitta, og katten kan i neste omgang spreie smitten vidare til andre dyr i hagen eller til deg og ungane dine.

Fôring av småfugl er ein tradisjon, men vi veit ikkje korleis dette grip inn i den naturlege reguleringa av bestandane.

Foto: Shutterstock.