Aktuelle sykdomsutbrudd og diagnoser
Veterinærinstituttet
Pharmaq Analytiq
Planteforgifting hos sau
Veterinær, Veterinærinstituttet
Veterinærpatolog, Ph.D, Veterinærinstituttet
Andre veka i januar mottok Veterinærinstituttet Sandnes tre sauer til obduksjon frå ei besetning på Jæren. Den eine sauen var sjølvdaud og hadde ligge sidan dagen før, medan dei to andre var avliva medikamentelt same dag. Anamnese frå rekvirerande veterinær skildra til saman åtte tilsjukna sauer, som verka sløve ved klinisk undersøking. Dei mest påkjende dyra sleva og skalv. To av dyra vart i tillegg febrile, og vart avliva. Sauene var oppstalla inne, men vart dagleg slepte ut på eit innmarksbeite. Inne i fjøset hadde det blitt fôra med ein rundballe frå 2022, der det vart funne restar av jord. På bakgrunn av desse funna vart det mistenkt listeriose.
Sauene var i normalt til godt hald. To av sauene hadde skum og fôrrestar i luftrøyret. Hos den sjølvdaude sauen fanst punktblødingar på epikardet og enkelte stripeforma blødingar i mellomgolvet. Lungene var skjoldete raudfiolette, tunge og ødematøse hos alle tre. Hos den eine avliva sauen fanst i tillegg to cysteliknande strukturer med blodig innhald kranioventralt i begge hovudlappane. Rikeleg med blader identifisert som den vintergrøne hageplanten Pieris japonica (pyramidelyng) vart funne i vominnhaldet hos alle tre. Tynntarmen og delar av tjukktarmen framstod hos alle tre hissig raudfiolett med blodig slimhinne. Innhaldet var tyntflytande fram til bakre colon. Hos den sjølvdaude sauen fanst også fleire fokale blødingar i tarmveggen.
Bakteriologisk undersøking av lunge, milt, lever, livmor og hjerne viste ingen bakterievekst.
I tarmen fanst normal bakterieflora. To av dyra var over 1,5 år gamle og vart rutinemessig undersøkte for skrapesjuke med negativt resultat.
Histologisk undersøking viste uspesifikke forandringar, med ein mild hemorrhagisk enteritt og lungeødem som hovudfunn, i tillegg til generell blodstuving i fleire organ.
Ved oppfølgjande kontakt med besetningsveterinæren kom det fram at dei affiserte dyra ettermiddagen før innsending hadde kome seg inn i ein hage med tilgang til mellom anna pyramidelyng. Sauene hadde debutert med symptom same kvelden.
Pieris japonica inneheld grayanotoksin, som også finst i andre hageplantar som til dømes rhododendron. På cellenivå forhindrar dette toksinet lukking av spenningsstyrte natriumkanalar, og resulterer i ein konstant forauka vagustonus, som i første rekkje fører til bradykardi, hypertensjon og følgjeverknader av dette. Vagusnerva er i tillegg med å modulera funksjonane i mage-tarmkanalen, som tarmperistaltikk og sekresjon av magesyre. Ved forgifting med grayanotoksin er det i litteraturen skildra gastrointestinale symptom som sleving, magesmerter og diaré, samt sentralnervøse symptom som skjelvingar, ukoordinerte rørsler og utmatting (1). Slik symptoma hos dei obduserte dyra vart skildra av rekvirerande veterinær, er det vurdert at både sjukdomsbilete og obduksjonsfunn stemmer med forgifting med Pieris japonica som årsak til tilsjuking og i eitt tilfelle dødsfall.
I følgje litteraturen vil dei fleste dyr unngå å eta desse plantene, med mindre dei manglar andre fôrkjelder (2). Dei fyrste vekene i januar i år var rekordkalde på Jæren. Beitemarkene var frosne og golde, og det har vore lite tilgjengeleg vegetasjon for sauene. Dette, i tillegg til fôring med gamal rundballe innomhus, kan ha vore medverkande til at sauene har forsynt seg rikeleg med vintergrøn pyramidelyng.
Referanser
Ingebrigtsen K. Main plant poisonings in livestock in the Nordic countries. I: Bernhoft A, red. Bioactive compounds in plants: benefits and risks for man and animals. Proceedings from a symposium held at the Norwegian Academy of Science and Letters 2008. Oslo: Novus forlag, 2010:30–43.
Plumlee KH, VanAlstine WG, Sullivan JM. Japanese pieris toxicosis of goats. J Vet Diagn Invest 1992;4:363–4.