Yrke og organisasjon

Å drepe dyr

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.

Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 19. januar 2024

Med stadig betre kunnskap om kva dyr har av sansar, kjensler og medvit, blir det også naudsynt å endre synet på kva tid og korleis vi skal ta livet av dyr.

Levande: Du skal ikkje koke levande krabbar eller humrar.

Foto: Hans Hillewaert/Wikimedia Commons

Evne til sansing er noko vi deler med alle levande organismar. Mange forskarar meiner at hos dyr var det jobben med å tolke signal frå desse sansane som dreiv fram utviklinga av sentralnervesystemet. Denne klumpen av nerveceller vart på eit eller anna tidspunkt i evolusjonen stor og kompleks nok til å halde oppe ein synkronisert elektrisk aktivitet der heile sentralnervesystemet er kopla saman i eit felles «supernettverk», også kalla medvit.

Dette medvitet blir fargelagt og i stor grad styrt av kjensler, skapte i djupet av dei eldste delane av hjernen. Og når vi drep dyr, er det lett å få ei kjensle av at vi utslettar eit anna medvit, eit unikt og levande fenomen som er der i den eine augneblinken og borte for alltid i den neste.

Det er, og vil alltid vere, uvisst kvar grensa skal gå mellom dyr vi meiner har medvit, og resten av den levande naturen kring oss. Den norske lova om dyrevelferd (paragraf 2) har ei liste over dyreslag vi meiner har så høgt utvikla medvit at det er naudsynt å verne velferda deira: pattedyr, fuglar, krypdyr, amfibium, fisk, tifotkreps, blekksprut og honningbier. Dette er ei lovfesting som får konsekvensar for både liv og død.

Bedøving

Når vi avlivar virveldyr med sentralnervesystem og blodforsyning likt det vi finn hos oss menneske, er det krav om at dyret skal bedøvast før vi sikrar oss at dyret er daudt ved å tappe ut blodet. Meininga med slik bedøving er å stogge den synkroniserte elektriske aktiviteten i hjernen på dyret og dermed nullstille produksjonen av medvit i så lang tid at vi kan fullføre avlivinga utan å setje i gang dei medvitne prosessane frykt, stress og smerte.

Ein overdose legemiddel kan for alle dyreslag vere ei fullgod alt-i-eitt-bedøving og avliving, og det er truleg også den einaste nokolunde humane metoden å avlive blekksprut på. Honningbier kan roast ned med røyk og avlivast med bensindamp. For tifotkreps som hummar, krabbe og reker hadde lovverket tidlegare eit praktisk smotthol som gjorde det mogleg å koke dei levande. No er det berre reker som blir kokte levande. Krabbe og hummar som du koker heime, skal du alltid bedøve før kokinga, ved å gjere eit djupt kutt midt mellom auga (krabbe) eller ved å kløyve hovudet med ein kvass kniv (hummar).

Butikkar og bedrifter som driv produksjon av krabbe og hummar, skal bruke utstyr for elektrisk bedøving. I avlivingsbransjen elles har elektrisitet vore ei populær bedøving, men er no stort sett bytt ut med andre metodar. Bedøving av gris og fjørfe blir i stor grad gjord med karbondioksid, og oppdrettsfisk blir slått i hel fordi dei elektriske støytane gav sterke muskelkrampar med brot i ryggrada og blødingar i kjøtet som resultat.

Eit hardt slag

Skadeskyting: Her er ein stor elg i siktet, men å sikte etter hovudet gjev stor fare for skadeskyting og er ikkje god jaktskikk.

Foto: Shutterstock

For familiedyr som blir tekne med til veterinæren for avliving, ventar lagnaden i form av to sprøyter: ei med bedøvande middel og ei med ein overdose anestesi (narkose). Før i tida gjorde folk dette heime, ved å drukne, skyte eller slå i hel dyra sjølv. Drukning er i dag rekna som ein langsam, smertefull og ikkje human avlivingsmetode, medan skyting enno er rekna som ein akseptabel praksis.

I ein fagartikkel i Norsk veterinærtidsskrift frå 2005 skriv forskaren Jon Martin Arnemo at kaliber .22 pistol eller revolver med standard ammunisjon og blyprosjektil er godt eigna til avliving av mindre dyr. Hagle frårår han til avliving på kloss hald, særleg bruk av stålhagl som kan gje stor fare for rikosjettar.

I regelverket til Mattilsynet står det at det er tillate å slå i hel smågnagarar, og det same gjeld kvalpar og kattungar den første leveveka. I Noreg er det også lov å slå i hel kaninar opptil 5 kg, men det er ikkje lett å gjere dette på ein dyrevelferdsmessig sikker måte, og i Sverige, til dømes, er denne vektgrensa 1 kg.

Når du slår i hel små dyr, skal hovudet helst plasserast mot eit hardt underlag, og det første slaget skal ikkje knuse hovudskallen, fordi beinvevet då tek imot ein del av slagenergien og bedøvinga kan bli mindre effektiv. Det beste er eit passeleg hardt slag som slår dyret i svime, og etter det kan du avlive med å knuse skallen, kappe av hovudet eller skjere over dei store blodårene i halsen (avbløding).

Eit slag i hovudet, rett over hjernen, er som nemnt også rekna som den mest humane måten å bedøve fisk på, både for hobbyfiskarar og på lakseslakteria. Blodtapping, eller bløgging av fisken, gjer du ved å kappe hovudpulsårene. Anten å skjere over kverken og så inn mot nakken eller ved å stikke kniven inn i bakkant av gjellene for å kutte hovudpulsåra.

Eit godt treff går gjennom begge lungene eller hjarta og riv sund dei store blodkara i brysthola

Blodtap og sjokk

Avliving av husdyr har utvikla seg til ein industriell aktivitet med nokolunde definerbare rammer, om enn i eit etter kvart ufatteleg stort omfang. Jakt og fangst av ville dyr har alltid vore ein aktivitet med langt større feilmarginar. Og slik er det enno, sjølv med moderne våpen og fangsmetodar.

Når vi skyt storvilt og rovdyr med gevær, skal eit godt treff råke midt i brystregionen og gå gjennom begge lungene eller hjarta. Ei kule rett i hjernen kan sjølvsagt drepe momentant, men med store sjansar for bomskot. Treff i ryggmergen kan lamme dyra utan tap av medvitet, og eit raskt hovudskot og blodtapping er naudsynt for at dei ikkje skal døy langsamt og med store smerter. Ved å sikte nedst i bringa er det meininga at skotet skal rive sund dei store blodkara i brysthola og på det viset sikre at dyret døyr raskt av blodtap og sjokk. Likevel tek det alltid litt tid før oksygenmangelen til hjernen kortsluttar livsgneisten.

Norske forskarar har rekna ut at for storvilt kan du måle dette i kor mange meter dyret spring før det ramlar over ende. Ein vaksen elg dett vanlegvis ein stad mellom 80 og 200 meter unna der han vart skoten, eit rådyr spring litt kortare, kanskje 30 meter. Norges Jeger- og Fiskerforbund definerer eit skot der viltet døyr innan eitt til to minutt, som drepande.

Dårleg skyting

Giftig: Bly er et giftig tungmetall og i januar 2023 vart det forbode med blyhagl til all småviltjakt i Noreg.

Feilskot er ei alvorleg utfordring ved all jakt. Jakt og jaktforvaltning blir i stor grad styrt av jegerar og utmarksnæringa sjølv, det er kanskje årsaka til at vi har så dårlege statistikkar over kor mange dyr som blir skadeskotne. Norsk institutt for naturforvaltning har rapportert at 4 til 5 prosent av elgane spring vidare med skot i kroppen, medan for rovdyr som rev og gaupe er talet heilt oppe i 20 prosent.

For småviltjakt med hagle er tala truleg mykje verre. Dårleg skytetrening og sviktande vurderingsevne er diverre eit problem for all jakt, men ei viktig årsak til skadeskyting under akkurat småviltjakt er at folk skyt på for lang avstand. Eit skot med hagle over 30 meters hald gjev svært stor risiko for bomskot eller skadeskyting. Ei dansk undersøking viste at ein vanleg dansk jeger brukte seks til åtte haglpatronar for kvart dyr som vart felt. Ikkje overraskande fann dei òg at ein tredel av ender, gjæser, revar og anna småvilt levde med hagl i kroppen etter tidlegare skadeskytingar.

Eit tungt dilemma

Eit anna dilemma ved jakt har vore bruken av blykuler. Bly er eit giftig tungmetall, og blyhagl som blir liggjande att i naturen, er svært skadeleg. Fugl som plukkar opp hagl eller et skadeskotne byttedyr, vil ofte døy av blyforgifting, eitt hagl kan vere nok til å drepe ei ørn. EU har no forbode all bruk av blyhagl i våtmarksområde, og i Noreg blei småviltjegerane frå januar 2023 nøydde til å gå over til andre metallegeringar.

For storvilt er det enno bly som gjeld, sjølv om forsking har vist at kuler av kopar er like sikre i bruk. I kjøt frå vilt som er skotne med blykuler, kan det vere opptil 50 gonger meir bly enn maksimumsgrensa som er sett for kjøt frå husdyr.

Særleg utsette for blyforgifting er gravide og små ungar; eit sentralnervesystem som er i vekst, blir lett skadd, og redusert IQ, hyperaktivitet og konsentrasjonsvanskar er nokre av verknadene. Vaksne har heller ikkje godt av slike dosar med bly som det vi kan finne i vanleg viltkjøt, og eit totalforbod mot blykuler er nøydd til å kome før eller seinare.

Skadde dyr

I lov om dyrevelferd har alle som «påtreffer et dyr som åpenbart er sykt, skadet eller hjelpeløst», plikt til å hjelpe dyret så langt som råd er. Mindre dyr, som gnagarar eller fugl, kan det vere mogleg å frakte med seg heim, og første stopp er då veterinæren for å få undersøkt skadane og eventuelt starte behandling. Er det snakk om husdyr, skal dyra vere øyremerkte, og eigaren skal varslast. For storvilt og marine pattedyr og for verna dyreslag som rovdyr og rovfugl skal meldinga gå til politiet, som også kan setje i gang ein bergingsaksjon.

No på vinteren skjer det ofte at elg villar seg ut på utrygg is, om sommaren kan både kyr og storvilt setje seg fast i myrar eller elvar, og slike dyr kan det vere fortvilande vanskeleg å berge. Dei blir fort utslitne og nedkjølte, og i prosessen med å dra dei laus eller inn på tørt land er det mogleg å skade både knoklar og ledd, slik at dei aldri kjem seg på føtene att, så ei avliving på staden kan nokre gonger vere det mest humane.

For i definisjonen av plikt i lova ligg også ein rett til å drepe, dersom dyret er så skadd at det openbert ikkje kan leve vidare. Her kjem fleire praktisk-etiske dilemma inn i biletet. For fugl er metoden ganske enkel: først å bedøve fuglen med eit hardt slag i hovudet eller halde fuglen i ryggleie og slå hovudet kraftig mot ein stein eller noko anna hardt. Deretter kan fuglen avlivast med nakkeknekk eller ved at ein høgg av hovudet.

Smågnagarar er det lov å slå i hel. Er dei klassifiserte som skadedyr (mus og rotter), er det også lov å drepe dei med feller og gift, medan drukning av mus i heimelaga bøttefeller er nyleg blitt dømt som dyremishandling. For større dyr som harar er det truleg best å bedøve med eit slag og så avlive dyret med avbløding.

Storvilt og husdyr som hestar, kyr og småfe er det ikkje mogleg å bedøve på forsvarleg vis utan skytevåpen. Skallen er altfor tjukk til at ein kan slå dyret i svime, og å stikke for å tappe ut blodet utan noka bedøving er ein desperat og svært dårleg idé. For ein vanleg turgåar som skulle komme over skadde eller alvorleg sjuke husdyr eller storvilt, er det difor lite å stille opp med anna enn å varsle eigaren eller politiet og elles prøve å uroe eller stresse dyret minst mogleg.