Nytt fra DNV-P:
DNV-P Pensjonistforeningen
DNV-P hadde årsmøte under Veterinærdagane i Trondheim. Frammøtet var som vanleg ikkje så stort, men slik vert det ofte når ein må reisa lange og kostbare vegar for å delta. Me må prøva få til ei ordning der ein kan vera med på møtet på nettet. Like viktig er det at ein kan røysta digitalt, dette er avgjerande for demokratiet i DNV.
På møtet vart det vald nytt styre. I styret er no Karl Lunde (leiar), vidare Svein Bakke, Martin Binde og Gunn Knutsen. Varamedlemmer er Kari Bjørnstad og Ørjan Fresvik. Sekretær for DNV-P er Steinar Tessem. På vårt fyrste styremøte 8. april vart Svein Bakke vald til nestleiar.
Av saker som vart drøfta på årsmøtet, var vår aktivitetsplan for dei to neste åra. Det som særleg vart trekt fram, var kontakten med lokalforeningane. Det å laga til eigne møteplasser for DNV-P medlemmer, gjerne i samband med kurs eller årsmøte i lokalforeningane. Slike samlingar har me til no hatt i Tromsø, Harstad, Åndalsnes og Bergen. Me er og inviterte til Nordland veterinærforening sitt årsmøte i august, der stiller me sjølvsagt opp.
Dersom andre lokalforeningar ynskjer at me saman skal skipa til slike samlingar, ta kontakt. Som medlem kan du ta kontakt med din lokalforening eller direkte med oss i styret om du har noko du vil. Me har i vår aktivitetsplan at me skal vitja minimum tre lokalforeningar kvart år.
Ei anna sak det var stor interesse for, var saka om aldersgrense for autorisasjon.
Det har i lengre tid vore vanskar med å få nok veterinærar til å arbeida i klinisk stordyrpraksis. Det same gjeld deltaking i veterinærvakta.
Fleir tiltak er sette i gang for å prøva retta på dette. Fadderordninga vart starta opp for å gjera det litt tryggare for nyutdanna å starta i klinisk praksis. Dette tiltaket var retta mot alle typar av klinisk praksis og arbeid i til dømes Mattilsynet.
No er Mentorprosjektet starta opp, dette med økonomisk støtte frå LMD.
lnnan humanmedisinen er det og stort fokus på korleis ein skal få styrka primærhelsetenesta, særleg fastlegeordninga. Tidlegare i år har det i media vore mykje skriving om tiltaket med å opna for at legar kan taka del i fastlegeordninga til dei er 80 år. Legar har autorisasjon til dei er 80, men for fastlegeordninga har det vore ei aldersgrense på 75 år.
Dei same tankane burde ein kunna tenkja når det gjeld veterinærtenesta. Det er mange veterinærar i aldersgruppa 75-80 år i distrikta. Mange av desse vil sikkert kunna vera med og løysa dei problema ein har, både ved sjølve å taka del i praksis eller ved å vera støtte for yngre kollegaer.
Aldersgrensa for autorisasjon for veterinærar er i dag 75 år. Etter det kan det søkjast om lisens.
Aldersgrensa for autorisasjon er fastsett i Dyrehelsepersonellova. Representantskapet i DNV har vedteke at DNV skal arbeida for ei lovendring slik at autorisasjon vert livsvarig. Dette er ein prosess som tek tid.
For å hjelpa til med å løysa den akutte situasjonen, kan fylgjande gjerast. Aldersgrensa for veterinær autorisasjon vert mellombels auka til 80 år. I sin uttale i samband med eit tidlegare oppstarta arbeid med revisjon av Dyrehelsepersonellova, kom Mattilsynet med framlegg om å heva aldersgrensa til 80 år. Dette vil og samsvara med den aldersgrensa ein har for legar.
Styret i DNV-P har bede Sentralstyret i DNV om at denne saka vert teken opp med LMD snarast.
Dersom det er andre saker du som medlem ynskjer at me skal taka opp, ring eller skriv gjerne til oss i styret eller til Steinar Tessem. Me er her for å gjera ein jobb for våre medlemmer.
Karl Lunde
Styreleiar DNV-P