Nyheter

Veterinærer i media

Presset aukar mot norsk dyrehelse

Administrerande direktør ved Veterinærinstituttet Gun Peggy Strømstad Knudsen overrekkjer Dyrehelserapporten 2024 til Mattilsynets direktør for tilsynsdivisjon landdyr og slakteri Marit Kolle.

Foto: Bente Paulson, Veterinærinstituttet

Dette var bodskapen da Veterinærinstituttet 24. april overleverte sin årlege statusrapport for dyrehelsa og dyrevelferda i Noreg til Mattilsynet.

Dyra i Noreg er nokre av verdas friskaste og vi har få alvorlege dyresjukdommar. Men med nye sjukdommar som truar er dyrehelsa vår under stadig større press. Dyrehelserapporten for 2024 viser at vi stadig blir påminte om viktigheita av overvaking, forsking og vaktsemd, skriv Veterinærinstituttet på eiga heimeside.

I september 2024 blei virussjukdommen blåtunge påvist i norske dyrehald for første gong sidan 2009, og det er auka risiko for påvisingar i 2025. Fugleinfluensa herjar blant storfe og høns i USA, noko som skaper høge matprisar og uro. I Dyrehelserapporten er fugleinfluensa tema under fleire av dyreartkapitla enn før, ettersom sjukdommen dei siste åra har blitt ein aukande trussel for pattedyr. I tillegg følgjer norske styresmakter nøye med på den svært smittsame sjukdommen munn- og klauvsjuke som sirkulerer i delar av Europa.

– Det er avgjerande for norsk beredskap at vi følgjer med på sjukdomstruslane både i Noreg og i resten av verda. For ikkje å snakke om korleis det daglege arbeidet med smittevern og biotryggleik hos alle som driv med dyr er ein føresetnad for å halde oppe god sjukdomsstatus, seier avdelingsdirektør for dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik ved Veterinærinstituttet, Merete Hofshagen.

Dyrehelserapporten for 2024 er den sjette i rekkja, der Veterinærinstituttet samanliknar kunnskapsgrunnlag frå fleire år. Rapporten viser at husdyra i Noreg har ein svært god og veldokumentert helsestatus med fråvær av mange alvorlege og listeførte dyresjukdommar.

Administrerande direktør ved Veterinærinstituttet Gun Peggy Strømstad Knudsen understrekar at korleis vi jobbar med og har fokus på biotryggleik i Noreg er rette og viktige. Endringar globalt påverkar Noreg, og gjer at vi må vere førebudde på auka risiko.

Kjelde: Veterinærinstituttet, heimeside, 25. april 2025

Ny dyrevelferdsmelding vedtatt: En tapt sjanse

Grisene skal få bedre plass, hunder skal id-merkes og kyllinger skal få mer lys. Men det er ikke nok, mener flere, skriver NRK Innlandet.

Saken oppsummert:

Stortinget har vedtatt en ny dyrevelferdsmelding, den første på 20 år, med mål om å bedre velferden for dyr. Meldingen har møtt kritikk for å være for lite konkret og uten tydelige tiltak, både fra politikere og dyrevernsorganisasjoner. Til tross for kritikken, er det enighet om at noen positive tiltak er inkludert, som forbudet mot fiksering av purker og planer om å fase ut burhøner.

Oppsummeringen er laget av en KI-tjeneste fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av NRKs journalister før publisering.

Det er 20 år siden sist det ble lagt frem en dyrevelferdsmelding i Norge.

Kilde: NRK Innlandet, 11. april 2025