Om mus og menn
I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.
Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og tid 15. juni 2026.

Mus og rotter er ikkje menneske, og mange dyreforsøk har skuffande liten overføringsverdi til menneske.
Foto: Adobe Stock
Kvart år døyr 100 til 200 millionar forsøksdyr i laboratorium rundt om i verda, mange av dei etter stressande eller smertefulle behandlingar.
Ein gong i tida var forsøk med dyr den sikraste, og ofte einaste, metoden for å finne årsaka til smittsame sjukdomar og for å utvikle gode vaksinar og legemiddel. Nokre dyreforsøk gjev oss framleis viktig kunnskap, men det er også utvikla mange gode alternativ. I dag er derfor mange dyreforsøk meir dyreplageri enn samfunnsnytte.
Europeisk sinke
I Noreg vart det i dei seks åra frå 2018 til 2023 brukt i gjennomsnitt 1,5 millionar forsøksdyr årleg, ifølgje rapportar frå Norecopa, ein norsk organisasjon som sidan 2007 har arbeidd for å erstatte, redusere og forbetre bruken av forsøksdyr. Databasen deira viser at Noreg skil seg frå andre land i Europa på to måtar: ved at størsteparten av forsøksdyra er fisk, og ved at Noreg i same periode, i motsetnad til EU-landa, ikkje har klart å få til nokon reduksjon i talet på forsøksdyr.
Oppdrettsbransjen er den viktigaste årsaka til bruken av fisk til dyreforsøk i Noreg. Dette gjeld særleg storskala testing av ny teknologi eller nye metodar for fjerning av lus, men også jamleg testing av nye vaksinar. Forsøk med fisk for å betre tilhøva i fiskeoppdrett er det mogleg å plassere i ein annan moralsk kategori enn smerteskapande forsøk på aper eller kaninar, men det fritek ikkje industrien og forskarane frå ansvaret for å redusere bruken også av forsøksfisk.
Situasjonen med dei store kommersielle interessene i lakseoppdrett gjer kanskje Noreg til eit særskilt tilfelle, men samanlikna med utviklinga i EU dei siste ti åra er Noreg likevel ei sinke i arbeidet med å finne alternativ til dyreforsøk.
Mange dyreforsøk er meir dyreplageri enn samfunnsnytte.
Manglande standardar

Bruk av varmt vatn mot lakselus er smertefullt for fisken. Illustrasjonsfoto.
Foto: Den norske veterinærforening.
Takk vere dyreforsøk veit vi ganske presist kva som kan vere i ein sjampo utan at hornhinna til dei som vaskar seg, blir etsa bort, kor lenge ein hund må haldast under vatn før han druknar og døyr, og kor stor psykisk belastning og fysiologisk ubalanse det fører til for apeungar å bli oppfostra utan kontakt med andre levande skapningar.
Det er lett å sjå at mange dyreforsøk, særleg bakover i tid, har vore hårreisande uetiske. Ser vi bort frå smerteskapande kjemikalietesting, er det likevel fleire fagfelt der dyreforsøk er viktige også i dag. Det gjeld særleg innan biologisk grunnforsking og i arbeidet med å utvikle og risikoteste nye vaksinar og medisinar.
Men alle dyreforsøk utfordrar synet vårt på maktbalansen mellom dyr og menneske, og kva vi tenkjer om eigenskapane til dyra og retten deira til eit fritt og naturleg liv. For i det heile å avgjere kva forsøk som er viktige nok til å forsvare bruk av dyr, burde vi alltid vekte nytta for menneska opp mot lidinga til dyra. Ei slik vurdering vil krevje gode, etablerte og internasjonale standardar for klassifisering og måling av liding og nytte – men det har vi ikkje. Og dyra blir nesten alltid den lettaste, eller tapande, parten i denne balansegangen.
Den store biologiske skilnaden mellom forskjellige artar og mellom forsøksdyr og menneske gjer det vanskeleg å tolke og bruke forsøksresultata. For å få mest mogleg overførbare resultat burde alle forsøk som gjeld sjukdom eller behandling av menneske, ideelt sett vere gjorde på frivillige forsøkspersonar, men her er det mykje strengare reglar for kva som er lovleg, enn det er for forsøk med dyr.
For infeksjonar eller forgiftingar er årsaksforholda vanlegvis enkle, og det er lett å setje opp testprotokollar. For andre og meir kompliserte sjukdommar, til dømes alzheimer, er det ikkje slik, og dei fleste av forsøksresultata på slike sjukdomar har svært avgrensa overføringsverdi frå mus til menneske.
RRR
I juni i år la Europakommisjonen fram eit vegkart for utfasing av alle dyreforsøk i testing av nye kjemikaliar. Dette er ein del av ei større satsing der dei fleste europeiske landa jobbar for å få ned talet på dyreforsøk (replacement), redusere talet på dyr i forsøk (reduction) og redusere lidingane til dyra som blir brukte (refinement).
Dette blir kalla «dei tre R-ane» og er også grunnlaget for det norske 3R-senteret som skal opprettast i 2027. Sjølv om eit slikt senter er ein lenge ettertrakta siger for arbeidet med forsøksdyrsaka, kom vedtaket frå regjeringa også med ein merkbar bismak. Dei som har jobba for oppretting av eit slikt 3R-senter, har samstundes peika på behovet for betre ressursar til dette viktige arbeidet. I fagrapporten som danna grunnlaget for den nasjonale 3R-satsinga, blei det foreslått å opprette eit senter med tre fulltidstilsette, supplert med to faste stillingar (mot éi i dag) ved Norecopa-stiftinga.
Slik vert det ikkje, i staden er det lagt fram eit budsjett på seks millionar. Innanfor desse rammene skal det nye 3R-senteret, som skal liggje i hovudkontoret til Mattilsynet, også overta aktiviteten – og ressursane – frå dagens Norecopa og sekretariatet for Forsøksdyrkomiteen. Med tanke på breidda av oppgåver og ansvar eit slikt senter skal handtere, verkar den økonomiske ramma difor snau, nesten litt småleg.
Eit norsk vegkart
Vi har sett korleis betre kjemiske eller molekylærbiologiske testar har erstatta tradisjonell bruk av mus til testing av algetoksin i blåskjel og miltbrannsporar i daude husdyr. No har vi fått eit nasjonalt 3R-senter, men kvar går vegen vidare for å erstatte, redusere og forbetre bruken av forsøksdyr i Noreg?
Det vil vere viktig å sikre ei god finansiering av 3R-arbeidet og å setje konkrete mål for reduksjonen i talet på forsøksdyr. Spesielt oppdrettsnæringa kan bli flinkare til å gjennomføre pilotprosjekt og utvikle betre forsøksdesign. Det kunne i mange tilfelle gjeve dei same resultata med ofring av langt færre fisk.
Andre konkrete tiltak kan vere å stille strengare krav til open deling av kunnskap for å hindre unødig gjentaking av dyreforsøk, obligatorisk vurdering av alternative metodar i alle forskingsprosjekt og å prioritere offentleg støtte til prosjekt som aktivt erstattar dyreforsøk.