Ein vill plan
Skyting av fleire tusen dyr for å stoppe skrantesjuka sende villreinen inn på raudlista i 2021. No er det laga ein plan for å få han tilbake i den nordlege delen av Nordfjella.
Arve Nilsen er veterinær og fast skribent i Dag og Tid.
Denne artikkelen stod i avisa 22. mai 2026

Bildet går rett inn i problematikken med skrantesjuke. Det er tatt i grenseområdet til tamrein i Nordfjella. Den store bukken er en rømling. Han har et blått øremerke på høyre øre.
Foto: Kåre Rudningen
Mange er utolmodige etter å kome i gang med arbeidet for å byggje opp att villreinstamma, men det er mykje som skal gjerast før dei første dyra kan slusast over – og mange år til før vi veit om arbeidet har lukkast.
Nordfjella er eit kupert og smalt fjellområde mellom Hardangervidda i vest og Filefjell, Hallingdal og Valdres i aust. Landskapet er prega av runde ryggar og fjell opp til 1600 meters høgde, gjennomskore av djupe vestlandsdalar som Aurlandsdalen og Lærdalsdalen. Gjennom området går også viktige ferdselsårer mellom Hallingdal og Sogn, som fylkesveg 50 frå Hol til Aurland og riksveg 52 frå Gol til Lærdal. Det var her i Nordfjella, våren 2016, den frykta sjukdomen skrantesjuke vart oppdaga for første gong i Noreg.
Prionmolekyl
Prionmolekyla er naturlege protein som finst i nervecellene. Farlege blir dei først når dei brettar seg over frå ein fin spiralkveil til flatare strukturar.
Skadelege prion kan oppstå spontant. Dei kan vere resultat av ein arveleg mutasjon i prion-genet, eller dei kan komme inn i kroppen som smitte frå sjuke dyr eller menneske.
Når protein først brettar seg feil, skjer ein kjedereaksjon med feilbretting av stadig fleire av dei naturlege proteina. Desse prionflaka klarer ikkje kroppen å bryte ned, og det endar opp med at ubrukelege protein blir samla opp inne i cellene, som etter kvart blir øydelagde.
Prion toler koking, og for å drepe smitten må materialet varmast opp til 134 grader i 18 minutt eller dyppast i lut eller liknande.
Ein epidemi i emning
Kort tid seinare vart det bestemt at all villreinen i den nordlege delen av Nordfjella, også kalla sone 1, måtte avlivast for å fjerne smitten. I ein omstridd aksjon der det vart felt og destruert over 2000 dyr, påviste forskarane smitte hos 19 reinsdyr. Det er difor grunn til å tru at utan dette brutale inngrepet kunne vi ha risikert ein alvorleg epidemi, slik skrantesjuka har spreidd seg som ein pest hos ei rekkje hjortedyr i USA og Canada.
For å finne moglege smittevegar bestilte Mattilsynet og Miljødirektoratet ei systematisk overvaking av både villrein, tamrein og andre hjortedyr. Det tok ikkje lang tid før det vart funne skrantesjukeprion hos både elg og hjort. Men til alt hell ser det ut til at prion hos elg og hjort er av ein type som oppstår spontant i hjernevevet, som ikkje vandrar ut til lymfeknutar og difor ikkje smittar frå dyr til dyr. Tamrein er mindre mottakelege for prionsmitte enn villrein, og det er til no ikkje påvist smitte hos rådyr. Det er heller ikkje funne noko prov på at skrantesjuke kan smitte over til sau. At sauane er smittefrie, er viktig, sidan reinsdyra kvar sommar deler beita i Langfjella med over 40 000 sauar.
Det var eit alvorleg tilbakeslag då nye tilfelle av skrantesjuke vart oppdaga også på Hardangervidda, først eitt dyr i 2020, så eitt til i 2022. Med over 10 000 dyr er flokken på Hardangervidda den klart største i heile Noreg, og full nedslakting var ikkje aktuelt. Det vart opna for utvida jakt, og med særleg vekt på å skyte vaksne bukkar, som forskarane meiner er dei mest smittefarlege dyra.
Etter saneringa i sone 1, kombinert med kraftig reduksjon av stammen i sone 2 og til slutt utvida jakt på Hardangervidda, var det gjort så store innhogg i den allereie sårbare populasjonen at villreinen i Noreg i 2021 kom inn på raudlista over truga dyreartar.
Firedelt plan
Smitten som vart funnen hos villreinen, var derimot av den smittsame typen. Vi veit at desse merkelege, smittsame proteina – også kalla prion – kan overleve lenge i miljøet, men ingen veit kor lenge. Det er gjort forsøk med brakklegging av innhegningar for tamme hjortedyr i USA og i Sør-Korea i tidsrom på opp mot fem år.
Erfaringane så langt er sprikande. Det finst enno ingen godkjend metode for å påvise prion i jordprøvar, og utan sikker kunnskap om kva som ligg att av smitte i beita, er det ikkje mogleg å etablere nokon standard for friskmelding.
Men no er det slutt på tolmodet hos både lokalbefolkning og nasjonale styresmakter. Stortinget har bestemt at villreinen skal tilbake i sone 1, og at kjernepopulasjonen for reetableringa skal vere villreinen i sone 2. Ei fagleg arbeidsgruppe, med Norsk villreinsenter i spissen, har lagt ned eit stort arbeid for å planleggje den langvarige og omfattande dugnadsaksjonen som må til for å byggje opp att stammen i sone 1.
Målet er å gjere ei kontrollert flytting av reinsdyr frå sør, etablere betre grensegjerde og overvakingsrutinar for å hindre lekkasje av eventuell ny smitte ut til naboområda – og til slutt håpe at det er liv laga for ein sterk villreinstamme i heile Nordfjella. Denne typen reetablering etter skrantesjuke har aldri vore prøvd nokon stad i verda, og om det lukkast, vil det vere god grunn til å feire. Planen kan grovt sett delast inn i fire fasar, kvar med sine utfordringar – og med mange openberre farar for å mislukkast.
Denne typen reetablering etter skrantesjuke har aldri vore prøvd nokon stad i verda, og om det lukkast, vil det vere god grunn til å feire.
Inngripande
For det første krev planen omfattande inngrep i ferdsel, både for dyr og for folk. I den første fasen er det snakk om å byggje betre gjerde mellom sone 1 og tamreinområdet på Filefjell, langs riksveg 52. Delar av gjerdet som i dag står langs fylkesveg 50 for å hindre dyr i å vandre frå sone 2 til sone 1, må takast ned som førebuing til å flytte over dyr mellom sonene, og etter flyttinga må eit nytt gjerde setjast opp att – helst med ein ny og betre trasé. Meiningane om verdien av desse grensegjerda er mildt sagt delte. Lange gjerde i utmarka er kostbart, det er inngripande – og kanskje også farleg for alle andre dyr i terrenget – og med avgrensa verdi når det er vinter og snø.
Om vinteren, når dyra skal vandre over sonegrensa, er det også forslag om potensielt upopulære tiltak som stenging av Geiterygghytta og Kongshellerhytta og forbod mot kvisting av skiløyper. Fylkesvegen kan også vere til hinder for reinsdyra, noko som kan løysast ved å fjerne autovern, frese ned brøytekantar og – i ytste fall – å stengje vegen for all trafikk dei dagane reinsdyra er på trekk.

Eit omfattande arbeid er i gang for å byggje opp att villreinstammen i Nordfjella.
Foto: Kåre Rudningen
Ein lang veg å gå
Det neste stridstemaet er korleis dyra skal kome seg over frå sone 2 til sone 1. Fleire forslag har vore drøfta, som å bruke tamrein, setje i gang store avlsprogram eller å identifisere verdifulle avlsdyr i sone 2, bedøve dei og fly dei inn med helikopter.
Fleirtalet i arbeidsgruppa meiner det beste vil vere om reinen tek føtene fatt og flyttar frivillig over sonegrensa. Sjølv om det kan bli litt uryddig vandring att og fram over sonegrensa, kan fordelen vere at det blir lite stress, og at dyra kanskje tek terrenget i bruk på ein naturleg måte.
Om dette tek for lang tid, kan det bli naudsynt med organisert driving av mindre flokkar. Innfanging og merking med GPS-sendarar av så mange dyr som mogleg er også viktig for å halde kontroll med situasjonen undervegs, uansett strategi for flytting.
For at planen skal lukkast, må dyra som skal flyttast inn frå sone 2, vere heilt frie for smitte. Testinga av dyr frå smittesanering og vanleg jakt dei siste åra tyder på at vi kan vere 99 prosent sikre på at om det var fire smitta dyr i sone 2, ville minst eitt ha blitt oppdaga.
For dei som skal rekne på samfunnsnytte og mogleg risiko, er dette ein svært sikker margin. Vi får håpe reinsdyra er med på reknestykket.
Like viktig er det at smitten som truleg var spreidd ut i miljøet i sone 1, no er drepen, inaktivert eller kva vi skal kalle det når smittestoffet berre er eit samanbretta protein utan DNA eller eige liv. Her er vi på meir ustø fagleg grunn. Tida kan vere på vår side, men prion er merkeleg robuste – og dersom det er dyr som har døydd av skrantesjuke ute i marka, kan det vere snakk om store mengder smittestoff og lang nedbrytingstid.
Trass i all testinga og førebygginga, kan sjukdom oppstå på nytt. Enten frå smitta dyr som kjem inn frå sone 2, frå latent smitte i miljøet eller som resultat av den bisarre uvanen reinsdyra på Hardangervidda har lagt seg til med å gnage i seg gevira på kvarandre. Andre prionsjukdommar, både hos folk og dyr, kan smitte ganske effektivt ved slik kannibalisme. Kva rolle dette har hatt for utviklinga av skrantesjuka hos villreinen, er uvisst.
Nøkkelart
Eit hovudargument for raskast mogleg reetablering i Nordfjella sone 1 er at utan villreinen blir det for freistande for friluftsorganisasjonar, turistnæring og andre interesser å rykke inn og overta endå meir av landskapet. Menneskelege inngrep og skadeverknadane dei har på livet i fjellet, er eit reelt problem, men slik er det i store delar av fjellheimen, reinsdyr eller ikkje.
Det beste – eller verste – dømet på akkurat det er den vedvarande belastninga på naturen i kjerneområda for dei viktige villreinflokkane i Snøhetta, Sølnkletten og Rondane. Her har bygging av vegar, auka ferdsel og gradvis fragmentering av reinbeita ført til stadig dårlegare vilkår for villreinen.
Varmare klima og nye sjukdomar kan bli eit stort problem, men menneskelege inngrep er truleg den viktigaste grunnen til fleire tiår med dårleg tilvekst i reinsdyrflokkane i desse sonene.
Vill nok?
Det er også eit anna spørsmål, som ikkje blir diskutert i den nye planen frå Norsk villreinsenter, men som er avgjerande for villreinen si framtid: Kva skal ein gjere for å ta vare på den allereie skrantande genetikken i dei mange små og oppsplitta flokkane i dei 24 forvaltingsområda for villrein?
Det ligg no klar ein ny rapport med omfattande genstudiar av villreinen. Der kjem det tydeleg fram at mange av dei små og isolerte flokkane er meir eller mindre dødsdømde på grunn av ein kombinasjon av innavl og høg innblanding av tamrein. Den best bevarte villreinen fann forskarane, som i tidlegare studiar, i Rondane og Snøhetta.
Eit anna positivt funn var at det også er mykje villrein i genane frå dyra både i Nordfjella og på Hardangervidda.
Planen som er lagd fram for re-etablering, er ganske vill – eller i alle fall omfattande, ambisiøs, tidkrevjande og kostbar. No må han godkjennast av Miljødirektoratet og Mattilsynet, før departementa og regjeringa gjev det endelege startskotet.
Nordfjella er, saman med Hardangervidda, eit kjerneområde for den norske og den europeiske villreinen, både biologisk og kulturelt. Med bakgrunn i den langvarige nedgangen for villreinen og effektane av den dramatiske smittesaneringa er det nok politisk umogleg å ikkje vedta ein slik storstilt redningsaksjon. Men for framtida er det endå viktigare å stoppe den invasjonen av menneskeleg aktivitet som ikkje berre er i ferd med å øydeleggje livsgrunnlaget for villreinen, men som i løpet av få tiår kan redusere villmarka til eit minne.