Yrke og Organisasjon

Kulturskatt i ny drakt

Ingrid Hunter Holmøy
Gudrun Seeberg Boge
Astrid Søyland Grødem

Av ingrid Hunter Holmøy og Gudrun Seeberg Boge med innspel og strikkemønster fra Astrid Søyland Grødem.

Strikkeansvarlige: F.v. Astrid Søyland Grødem, Gudrun Seeberg Boge og Ingrid Hunter Holmøy.

Vi må nokre år tilbake i tid for å finne starten på denne historia. Fortellinga byrjar den gongen det var Mongstad-prosjektet, og ikkje nytt veterinærbygg på Ås som sprengte budsjett. Året var 1987, og medan Reidar Birkeland var på toppen av si storheitstid og styrte Sottegarden - lærestaden attom Fåvitsbakken - med mild hand, blei det utlyst ein konkurranse i avisa Hippi Tidend. Strikking var i vinden og veterinærstudentane ønskte seg skulegenser. Til trass for at beste oppskrift blei lova både marknadsføring og heider og ære, stal fallande murar og utsikter til gode pengar i ketosepraksis merksemda. Konkurransen forsvann inn i gløymeboka.

Tida gjekk. Det vart rektorskifte på Sottegarden og nærma seg sameining av eit splitta tysk rike før den rutinerte strikkaren Astrid Søyland Grødem på kull 86 tok ansvar. Ho har æra for at Hippi Tidend i 1990 publiserte både oppskrift og bilete av det som tidleg på 90-talet blei ei populær tidtrøyte blant studentar som lei seg gjennom undervisning i mattryggleik.

Den aller første skulegenseren ved lærestaden såg dagens lys og ivrige strikkarar sørga for at St. Blasius kunne observerast i ulike storleikar og fargevariantar rundt om Sottegarden. Etter kvart bleikna strikkeinteressa blant 90-talsungdommen, og medan tamagotchi, pokémonkort og rusbrus fanga interessa til NVH-studentane forsvann NVH-genseren ut av minnet.

Det skulle gå lenge før St. Blasius atter igjen var å sjå som rette masker rundt om Sottegarden. Vi må gjere eit byks fram til den nære fortida. I 2019 trur veterinærstudentane at Birkeland utelukkande er ein fraktur, budsjettsprekkane på Ås er gamal nytt og til og med overgangen frå sjølvstendig institusjon til eit fakultet blotta for autonomi har slutta å sjokkere.

Med mål om å tileigne seg kunnskap om statistiske modellar, drog ei broka forsamling av lønsmottakarar frå veterinærfalkultetet i Oslo på vitjing til dei framifrå småfeforskarane i Sandnes. Tradisjonen tru, og i tråd med kursbudsjettet til universitetet, fann overnattinga stad i prestebustaden på Høyland. Der låg det, nedstøva i et hjørne, ein stabel gamle Hippi Tidend. Under høgtlesing av kandidatomtalar frå tiår tilbake blei det oppdaga ein gløymt skatt– strikkaren Grødem si gamle oppskrift. For desse borna av 80-talet vekka passformen til originaldesignet minner om fluff, pastell, skulderputer og store briller og dei gjekk sporenstreks i gang med ei modernisering av praktverket.

Med vissheita om at ein snart skulle måtte forlate Sottegarden attom Fåvitsbakken, let dei svorne ullfantastane seg verken stoppe av feberfantasiar eller hierarkiske multivariable regresjonsanalysar i arbeidet med det perfekte genserdesignet. Innan kort tid såg den første modellen dagens lys, og som ei avskjedshelsing til lærestaden attom Fåvitsbakken kan St. Blasius no atter ein gong observerast i ulike storleikar og fargevariantar rundt om på Sottegarden.

Vi vonar St. Blasius få gleda av å varma fleire veterinærhjarter rundt om i Noregs land.

Benedictus qui animalibus bene vult! Maledictus qui ea vexat.

(Velsigna vere den som vil dyra godt! Forbanna vere den som gjev dei pine). Instagram: #stblasiusgenser

Kommentarar til oppskriftene kan rettast til opphavskvinnene (ingrid.hunter.holmøy@nmbu.no, gudrun.boge@legemiddelverket.no, astrid.grodem@nortura.no)

St. Blasiusgenser

Storleik: (XS) S (M) L (XL)

Overvidd: (85) 93 (100) 107 (115) cm

Heil lengd: (57) 59 (61) 63 (65) cm

Ermelengd: (43) 43 (44) 45 (46) cm

Garnmengd: Grunnfarge: (400) 450 (450) 500 (550) g, mønsterfarge: 100 gram alle str. Oppgitt mengde er for garn med løpelengde 110m/50g

Strikkefastheit: 22/10 på p nr 3,5

Pinnar: 3 og 3,5

Bol

Legg opp (190) 204 (220) 236 (254) maskar på pinne 3. Strikk 10 omgangar vrangbord, 1 rett 1 vrang.

Bytt til pinne 3.5.

Med innsving: strikk glattstrikk til arbeidet måler (8) 9 (10) 11 (12) cm.

Sett ein maskemarkør i kvar side med (95) 102 (110) 118 (127) masker mellom.

Fell i kvar side 1 maske på kvar side av maskemarkør, kvar 4 cm, i alt 3 gangar = (178) 192 (208) 224 (242) masker.

Strikk 5 cm glattstrikk, auk deretter i kvar side kvar 4 cm, i alt 3 gangar = (190) 204 (220) 236 (254) masker.

Strikk til bolen måler (36) 38 (40) 42 (42) cm eller ønska lengd.

Utan innsving: Sett ein maskemarkør i kvar side med (95) 102 (110) 118 (127) masker mellom.

Strikk til bolen måler (36) 38 (40) 42 (42) cm eller ønska lengd.

Fell 10 masker i kvar side til ermehull (5 masker på kvar side av maskemarkørane)

= (85) 92 (100) 108 (117) masker på kvar del.

Legg arbeidet til side og strikk ermer.

Ermer

Legg opp (44) 46 (48) 50 (52) masker på pinne 3 på strømpepinnar/magic loop.

Strikk 10 omgangar vrangbord 1 rett 1 vrang.

Skrift til pinne 3.5, og strikk glattstrikk, samtidig som det blir auka ei maske på kvar side av første maske kvar 6. runde til i alt (80) 88 (90) 92 (98) masker.

Strikk til ermet måler (43) 43 (44) 45 (46) eller ønska lengd. Fell 10 masker under ermet = (70) 78 (80) 82 (88).

Strikk eitt erme til på same måte.

Berestykke

Sett ermane inn på for- og bakstykke = (310) 340 (360) 380 (410) m. Strikk mønster etter diagram og fell som diagrammet viser. Etter diagrammet er ferdig, strikk 1 omgang glattstrikk. Strikk deretter 1 omgang glattstrikk, samtidig som talet på masker blir regulert til (116) 120 (124) 128 (134) masker. Skift til pinne 3 og strikk 6 omgangar vrangbord 1 rett 1 vrang. Fell av med 1 rett 1 vrang.

St. Blasiusgenser med isydde ermer

Storleik: (XS-S) M (L) XL-XXL

Overvidd: (90) 109 (118) 127 cm

Heil lengd: (66) 68 (70) 72 cm

Ermelengd: (49) 50 (52) 52 cm

Garnmengd: Grunnfarge: (550) 600 (650) 700 gram. Mønsterfarge: 100 gram XS S M, 150 gram for L XL-XXL. Oppgitt mengde er for garn med løpelengde 110m/50g

Strikkefastheit: 22/10 på p nr 3

Pinnar: 3 og 3,5

Bol

Legg opp (200) 220 (240) 260 masker på pinne 3. Strikk 6 cm vrangbord 1 rett 1 vrang.

Bytt til pinne 3.5. Sett eit merke i kvar side med (100) 110 (120) 130 masker imellom.

Strikk til bolen måler (42) 44 (46) 48. Strikk deretter mønster etter diagram A og B (omlag 24cm).

La maskene stå på pinnen, legg arbeidet til side og strikk ermer.

Ermer

Legg opp (48) 52 (54) 56 masker på pinne 3 på strømpepinner/magic loop.

Strikk 6 cm vrangbord 1 rett 1 vrang.

Skrift til pinne 3.5, og strikk glattstrikk, samtidig som det blir auka jamt fordelt til (62) 66 (68) 72 m.

Deretter skal det aukast ei maske på kvar side av første maske kvar 5. runde til i alt (90) 100 (110) 110 masker.

Strikk til ermet måler (42) 43 (45) 45 eller ca. 7,5 cm før ønska lengd. Strikk mønster etter diagram A.

Etter diagrammet vrengast vrangsida ut, og det strikkast 2 cm belegg med grunnfargen.

Strikk eitt erme til på same måte.

Montering

Dei midtarste (40) 44 (50) 54 m på for og bakstykket settast av til hals. Mask saman skuldrane. Sy eller hekle i ermehola og klipp opp. Sy i ermane og sy belegget til over klippekanten på vrangsida.

Halskant: Strikk ein runde glattstrikk med dei resterande halsmaskene og plukk samtidig opp ei maske i kvar skulder. Strikk deretter 6 cm vrangbord 1 rett, 1 vrang. Fella av med rett- og vrangmasker. Brett halskanten dobbel og sy til på innsida.