Yrke og Organisasjon

Alpha Max

Tekst:
Arve Nilsen

Under overflata

Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinærinstituttet i Trondheim. Han har siden juni 2020 hatt si eiga spalte, Under overflata, i vekeavisa Dag og Tid. Her tek han føre seg følgjane av lakseoppdrett. Denne artikkelen stod i avisa 20. juni 2020.

Vi startar med Alfa, den første bokstaven i både det greske og det latinske alfabetet. Alpha Max er det treffande handelsnamnet på eit legemiddel mot lakselus, eit middel som lenge var eit av dei viktigaste våpena vi hadde i kampen mot lusa. Det aktive stoffet i Alpha Max er deltametrin, som høyrer til ei gruppe stoff som vert kalla pyretroid, etter planteslekta som desse stoffa ein gong vart funne i (slekta krysantemum, tidligare klassifisert som pyretrum). Krysantemumblomane er vakre, men inneheld eit dødeleg giftstoff.

«PERSISK PULVER»

At planter forsvarar seg mot skadedyr, er ikkje noko sjeldsyn i naturen, men pyretroida er i ei særklasse. Tørka og knuste krysantemumblomar blei før i tida selde som «persisk pulver», noko som gjorde livet mindre leveleg for skadeinsekt - her kan vi diverre rekne med at nyttige insekt som humler og kvefsar gjekk med i same slengen - og meir leveleg for bønder (og andre folk). I mange år gjorde pyretroida susen i kampen mot skadeinsekta i åkrar og veksthus, men så slutta insekta å døy av denne gifta. Planter tar heldigvis ikkje skade av desse stoffa, og dermed nytta det å auke dosane. Med 10 til 100 gonger meir gift kunne folk enno vinne krigen mot skadedyra.

Kring midten av 1990-åra var norsk oppdrett av laks i rask vekst etter konkursane og sjukdomsproblema som herja fram til 1992. Men med meir laks vart det også meir lus. Det einaste middelet som fanst på den tida, var nervegift av typen organofosfat, som i spraymidla vi bruker mot fluger i hus og fjøs. Desse giftstoffa hadde byrja å miste effekten, og med ei eksplosiv blanding av desperasjon og innovasjon starta oppdrettarane i Midt-Noreg å bade laksen i bleikemiddelet hydrogenperoksid, ein prosess som kunne drepe både lus og laks.

Store mengder legemiddel måtte til for å behandle laksen mot lus. Her er ei samling tomme Alpha Max-flasker frå behandlinga av ein enkelt merd i 2005. Foto: Arve Nilsen

EIT EVENTYR

Men frå Skottland kom det så i kjapp rekkefølgje to nye og verdfulle kjemiske oppdagingar: at laksen kunne bli bada med pyretroid, og at han kunne bli fôra med eit kjent parasittmiddel frå husdyrnæringa på land: emamectin. Det var mest som eit eventyr: Brått kunne oppdrettarane drepe all lusa, frå dei minste til dei største og no med mindre risiko for å drepe laksen samstundes. Det var også eit norsk eventyr, fordi det var norske forskarar som fann fram til deltametrin, ein variant av stoffet som var særskilt effektivt, etter kvart selt som Alpha Max. Med lusemiddelfabrikk og etter kvart hovudkontor på Overhalla, nær rockebyen Namsos, kunne Alpharma (seinare Pharmaq) no invitere til ein annan dans i lusebehandlinga i Noreg.

Eit liknande stoff som blir omsett av eit anna firma, er lusemiddelet Beta Max, som verkar på same viset: Pyretroida blokkerer ionkanalar i nervetrådane til lusa, og på det viset blir lusa paralysert og døyr. Og dette verka mot lusa; både Alpha og Beta var lenge så effektive at om du berre tømde stoffa rett i sjøen, opp i merdane, så sprakk lusa som trolla i eventyra.

«Men akkurat som trolla hadde lusa fleire hovud. Om vi kappa av det eine hovudet, kunne lusa enno lukta lakseblod».

LUSA SLÅR ATTENDE

Og så kunne vi kan hende levd lukkeleg resten av våre dagar. Men akkurat som trolla hadde lusa fleire hovud. Om vi kappa av det eine hovudet, kunne lusa enno lukte lakseblod. Den omfattande bruken av legemiddel over fleire år gav fart til evolusjonen, og frå 2008 byrja vi å miste verknaden av både pyretroid og emamectin.

Lusa blei resistente, og når det først har skjedd, er det ikkje nokon veg tilbake, resistensen ligg ofte trygt lagra i lusegena. Først auka vi dosane med lusemiddel, men det hjelpte berre ei lita stund. Laksen har nervetrådar, han òg, og laks toler ikkje så mykje meir gift enn lusa. Med høgre dosar og fleire kurar for å fjerne lusa risikerte vi også å drepe fisken. I dag er dei ein gong så effektive lusemidla framleis i bruk, men dei har for det meste blitt erstatta av andre tiltak, som reinsefisk, spyling og bading i varmt vatn.

Det var ein gong for lenge sidan (2000-talet) då vi trudde på dei som fortalde oss at legemidla mot lus ville vere effektive i all framtid. No veit vi betre. Å bade laksen med kjemikaliar for å fjerne lusa er i ferd med å bli historie.

Med høgre dosar gift og fleire kurar for å fjerne lakselusa risikerte ein også å drepe fisken. Foto: Trygve T. Poppe