Yrke og organisasjon

Kvalpesjuke

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 5. mai 2023.

Virussjukdommane kvalpesjuke, kvegpest og meslingar er ein livsfarleg trio. Alle er blant dei mest smittsame og dødelege virusa vi kjenner til, i slekta Morbillivirus.

Kvalpesjuke er i nær slekt med meslingar, og viruset kan ha oppstått ved at meslingvirus hoppa over frå menneske til hund. Kanskje kan smitten slå tilbake motsett veg og føre til ein ny dødeleg pandemi?

Ordet morbillus er latin og tyder «liten byll», eit fellesnamn virusa har fått frå den mest illgjetne av desse trillingane, meslingviruset. Gjennom meir enn 2000 år i følgje med menneska har Morbillivirus drepe for fote, både menneske, husdyr og ville dyr.

Morbillivirus

Forskarar meiner at vi kan spore dei første tilfella av Morbillivirus til Midtausten for om lag 2000 år sidan, der dei dukka opp som sjukdommen kvegpest hos storfe. Meslingar er vi ganske sikre på oppstod ved at kvegpest hoppa over frå storfe til menneske, truleg kring 900 år seinare. Meslingar, koppar, influensa og andre smittestoff med opphav i husdyrsjukdommar blei så med på ferda då europearane koloniserte Amerika.

Størsteparten av den opphavlege befolkninga i den nye verda døydde i løpet av dei to første hundreåra etter Columbus, heile kulturar gjekk til grunne på nokre få tiår, smittsame sjukdomar var ganske sikkert hovudårsaka.

Kvalpesjuke kan derimot ha oppstått nettopp i Sør-Amerika ved at meslingvirus kryssa over frå menneske til hundar. Etterpå spreidde kvalpesjuka seg som ein ny, dødeleg epidemi hos både hundar og ei rekkje ulike tamme og ville kjøttetarar, først i Amerika og så attende til Europa. I dag fører kvalpesjuke og nærskylde Morbillivirus til dødeleg sjukdom hos tamme og ville kjøttetarar over heile verda, til og med hos sjøpattedyr som sel og delfin.

Jackpot

Det er ikkje tilfeldig at transport av menneske og dyr på tvers av gamle og naturgjevne barrierar gav jackpot for akkurat kvalpesjukeviruset. Morbillivirus angrip ein type cellestrukturar som er ganske likt utforma hos menneske og mange andre pattedyr, og virusa har difor stor evne til å spreie seg mellom ulike dyreartar og mellom dyr og menneske. Legg så til at Morbillivirus er av dei mest dødelege virusa vi kjenner til i dag, og vi endar med sjukdommar som kan leggje heile kontinent aude på kort tid.

Meslingar i Sør-Amerika har vi nemnt, men sjukdom hos dyr har vore like utriveleg. Langvarige utbrot av kvegpest frå slutten av 1800-talet førte til store tap for husdyrhaldet over heile Afrika sør for Sahara. Då husdyra døydde, førte det til hungersnaud og store endringar i sosiale og økonomiske vilkår for dei mange tradisjonelle, husdyrbaserte afrikanske samfunna.

I eit litt ferskare eksempel frå 1988 døydde opp til 80 prosent av hundane på Grønland i eitt einaste utbrot av kvalpesjuke, truleg etter å ha blitt smitta av rev som vandra over frå Canada. Huskattar blir ikkje sjuke, men ein tredel av løvene i Serengeti nasjonalpark i Kenya døydde av kvalpesjuke i 1994. I små og truga bestandar, som tiger og panda, kan utbrot av kvalpesjuke vere den siste faktoren som fører til utrydding.

Kvalpesjuke

Kvalpesjukevirus blir spreidd med dropesmitte, og som namnet tyder, er det kvalpar og unge dyr som blir hardast råka. Namnet kvalpesjuke høyrest kan hende ikkje så dramatisk ut, men viruset er ikkje berre smittsamt, det er òg usedvanleg aggressivt der det raskt og nådelaust angrip både slimhinner, immunsystem og nerveceller. Symptoma blir deretter: Kvalpen eller unghunden blir som regel akutt sjuk med høg feber, rennande auge, pustevanskar, diaré og manglande matlyst.

Det einaste ein kan gjere, er å lindre symptoma og gje tilskot av væske og næring. Dyra kan vere sjuke i fleire veker, og dei kan vere smitteberande i fleire månader. Mange døyr, og dei som overlever, kan få kroniske skadar i hud eller hjerne eller smertefulle skadar i tannemaljen. Drektige tisper kan få svake eller dødfødde kvalpar, men elles slepp eldre dyr som regel lettare unna, med hoste og lett allmennpåkjenning.

Viruset er ikkje berre smittsamt, det er òg usedvanlig aggressivt.

Det beste vi kan seie om desse virusa, er at dyr som overlever, får livslang immunitet, og at infeksjonar med Morbillivirus er ganske lette å førebyggje med vaksine. Kvegpest vart utrydda i 2011 etter tiår med systematisk vaksinering av husdyr i Asia og Afrika. Dei dødelege meslingane er ein sjeldan sjukdom, så lenge folk ikkje blir freista til å tru på vettlause konspirasjonsteoriar om at vaksinering av ungane er helsefarleg. Vaksine gjev også eit godt vern mot kvalpesjuke. Kvalpar skal vaksinerast frå dei er to til tre månader gamle, med gjentak når dei er eitt år, og etter det er det berre naudsynt med påfyll kvart tredje år.

Kvalpesjuke er ein svært smittsam virussjukdom med høg dødsrate, og det er viktig at alle hundar blir vaksinerte regelmessig.

Populærapokalyptisk?

Det er ikkje krav om vaksinering mot kvalpesjuke, men alle hundeeigarar blir sterkt oppmoda om å vaksinere mot både kvalpesjuke, leverbetennelse og parvovirus. Ei god vaksinedekning gjev god flokkimmunitet og kvalpesjuke er difor ein sjeldan sjukdom, det same ser vi heldigvis også i dei næraste grannelanda våre. Men mange stader i verda er viruset enno vanleg hos både hundar og hos ville dyr. Med store flokkar av laushundar og med eit så stort spekter av andre vertar er det vanskeleg å sjå for seg at det vil vere mogleg å utrydde kvalpesjuka.

Meir urovekkjande for mogleg antroposentriske primatar blant lesarane er det kanskje at både viruset og symptom på sjukdom er funne hos fleire apar. Forskarar har difor spekulert på om kvalpesjukevirus kan krysse barrieren mellom dyr og menneske og føre til ein ny dødeleg pandemi.

Dette kan fort bli populærapokalyptiske teoriar som vi ser i skildringa av zombiesopp i det populære dataspelet og TV-serien The Last of Us. Men det historia om spreiinga av kvalpesjukevirus og andre Morbillivirus i alle høve har lært oss, er at folkehelse og dyrehelse er to sider av same sak, det Verdshelseorganisasjonen treffande nok kallar «éi helse».