Minneord

Gustav Mjaaland Flisnes (1928-2021)

Foto: Leiv Aarflot

Heidersmannen Gustav M. Flisnes døydde 24. desember 2021, nær 94 år gammal. Til det siste var han levande interessert i fagområdet sitt og nytta alle høve til ein samtale med sine kolleger, unge og gamle. Gustav vart uteksaminert frå NVH i 1953, altså for nesten 70 år sidan. Han hadde heile si yrkesaktive karriere i heimbyen Ålesund, hovudsakleg som byveterinær frå 1954-1993.

Han arbeidde i fyrstninga med kjøtkontroll, prøveuttak i besetningar rundt på Sunnmøre i samband med smittsom jurbetennelse, dyrlegevakter og privat praksis. Han var ein gudbenåda historieforteljar og kunne underhalde med utallige minne frå denne pionertida. Ganske raskt vart det meir arbeid innanfor kjøt- og næringsmiddelkontroll, og det vart ved Næringsmiddelkontrollen i Ålesund han la ned det meste av arbeidsinnsatsen sin som ein markant og dyktig byveterinær og sjef.

Etterkvart vaks det på med andre oppgåver som opptok dagane og kveldane. Han var sentralstyremedlem i DNV, formannsskaps- og kommunestyremedlem i Ålesund i 16 år, derav åtte år som ordførar, medlem av fylkesting og fylkesutval, vararepresentant til Stortinget og styreleiar i ei rad kommunale og interkommunale selskap. For heile sitt virke fekk han Kongens fortenestemedalje i gull i 1997, ei ære som han delte med den gode kona si Elsa som alltid stod ved hans side.

For oss kolleger som fekk gleda av å jobbe saman med han på ulike sett var han først og fremst ein framifrå sjef, venn og mentor. Han var eit absolutt multitalent som kunne greie ut om dei fleste tema i tillegg til å ha veldig stor praktisk sans og arbeidskapasitet, det vere seg linefiske, litteratur eller husbygging. Heilt til det siste kunne han på ståande fot halde foredrag med fagleg tyngde og humoristisk tilsnitt i same kva forsamling det galdt. Han var modig og klok og hadde integritet, ein genuin omtanke for andre, alltid raus og aldri dømande. Han var audmjuk i si framferd og kan med rette kallast ein heidersmann med høg moral.

I dei seinare år skipa han saman med sine jamnaldrande kolleger Gunnar W. Eide, Arne Hjelle og Løve Vebenstad Loe, ein seniorklubb for veterinærane på Sunnmøre. Dette var eit danna og kjekt selskap som også inkluderte «veterinærfruene», og etterkvart som vi nådde pensjonsalderen vart vi fleire medlemmer. No må vi som er att greie å halde aktiviteten oppe sjølv om to av gründerane er gått bort.

Siste gong vi møtte Gustav var ved avdukinga av minnesteinen til Bernt Aakre, der DNV var representert ved presidenten. Det var ei fin stund, og sin vane tru samla Gustav saman bord og stolar og tromma i hop alle veterinærane som var der: No må vi få prate litt saman! Det var i juli 2021, og no er han borte.

Tankane våre går til Elsa og resten av familien hans. Han vil bli djupt sakna av oss alle.

Lars Omenås
John Osnes
Leiv Aarflot
Løve Vebenstad Loe