Mark på hjernen
Dyrisk
I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 26. november 2021.
Den samiske forfattaren og kunstnaren Johan Turi skildra i 1910 ein mystisk sjukdom som råka reinsdyra i Nord-Sverige: «Livtsja-vikke är sådan, att renen ibland är till synes aldeles frisk, men den magrar och blir ibland sådan, at inte bakkroppen på renen kan stå upprätt, utan den släper bakkroppen med framkroppen.»
Først i 1958 kom forklaringa, ein sovjetisk forskar undersøkte sjuke reinsdyr med dei same symptoma og fann ein ukjend parasitt som levde inne i hjernen og ryggmergen til dyra. Seinare er det vist at slik hjernemark er svært vanleg hos både ville og tamme reinsdyr, at sjukdommen kan smitte til geit og sau, og at det finst eigne typar hjernemark hos både reinsdyr, hjort og elg. Dei fleste vaksne reinsdyra er smitta, men dei ser ut til å utvikle ein viss immunitet. Alvorleg sjukdom finn vi først og fremst hos førsteårskalvane.
Ei dødeleg rundreise
Smitten kjem frå sniglar som er mellomvertar for desse rundormane av typen Elaphostrongylus rangiferi, eit namn som er omtrent like krokete som livssyklusen til parasittane. Sniglane lever på bakken, og reinsdyra får desse i seg medan dei går og beiter. Inne i tarmen borar larvane seg gjennom tarmslimhinna, følgjer blodstraumen til levra, grev seg gjennom levervevet, blir spreidde med blodet til heile kroppen og hamnar til slutt i hjernen eller ryggmergen. Der slår dei seg ned og veks til dei er kjønnsmogne.
Stort sett ligg ormane mellom dei to inste hinnene som vernar hjernen og ryggmergen (subarachnoidal-rommet), men dei har òg ein lei uvane med å vandre litt rundt og grave gangar i hjernen eller ryggmergen. Det er i denne fasen, dei første månadene etter infeksjon, dyra kan bli sjuke med sentralnervøse symptom og lammingar. Frå skildringane av korleis dyr med hjernemark ter seg, er det god grunn til å tru at dei fleste slit med kraftig hovudverk i denne tida.
Tre til seks månader etter infeksjonen vandrar dei no vaksne ormane ut langs nervebanane i kroppen for å finne ein make, legg seg til rette på hinner inne i muskulaturen og kan leve og formeire seg der i årevis. Dei drektige hoene stikk bakkroppen inn i ei blodåre og sender egga av garde med blodstraumen via hjartet til lungene, der larvane blir klekte. Så borar dei seg ut i luftsekkene og blir hosta opp saman med slim frå lungene og deretter svelgde for til slutt å hamne i tarmen og deise ut med avføringa. Der et larvane seg inn i kroppen til ein ny snigel - og dermed er neste generasjon parasittar klare for den same dødelege rundreisa.
Smittefare
Småfe som bruker dei same beitene, kan òg få i seg smitte. Særleg geit ser ut til å kunne utvikle sjukdom i form av hjernesymptom og lammingar, og sjukdommen kan vere med på å skape konflikt mellom bønder og reindriftssamar. Storfe kan truleg òg bli smitta, medan sjukdom aldri er påvist hos hest.
Det er ikkje kjent om hjernemark kan infisere menneske, men der reinsdyr beiter i nærleiken av hus og kjøkenhagar kan det vere grunn til å vaske salaten ekstra godt rein for sniglar. Ormar som ligg inne i muskulaturen hos reinen, er uansett ikkje smittefarlege for menneske, fordi det berre er dei utvikla larvane i sniglar som eventuelt kan smitte.
Har ormane først kome seg inn i nervesystemet, finst det ingen kjend kur mot lidinga.
Ein klimavinnar
Har ormane først kome seg inn i nervesystemet finst det ingen kjendkur mot lidinga, men det langtidsverkande preparatet LongRange, som skal stogge parasittane i vandringa frå tarmen til hjernen, blir no testa i samarbeid mellom forskarar og Mattilsynet. Det er òg sett i gang forskingsprosjekt som skal kartleggje førekomsten av sjukdom hos sau og geit i område der småfe beitar i dei same områda som reinsdyr og hjort.
Hjernemark er ein av mange parasittsjukdomar som har ei lovande framtid. Larvane som kjem ut med avføringa, er tøffe krabatar som toler frost, og dei kan overleve frå ein beitesesong til neste. Parasittane treng ein periode med minst 12 varmegrader for å utvikle seg inne i sniglane, og dei utviklar seg fortare når temperaturen stig. Dei mest alvorlege epidemiane har alltid dukka opp etter gode og varme somrar, som no sist i 2018. Med eit varmare klima vil smittetrykket auke, førsteårskalvane vil få fleire parasittar i seg, og det kan bli eit aukande sjukdomsproblem for reindrifta på heile Nordkalotten.
I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål.
Arve Nilsen
Takk til veterinær Kjell Handeland for eit omfattande vitskapleg arbeid på denne parasittsjukdomen og for god informasjon og naudsynt fagleg rettleiing ved utforminga av denne artikkelen.