Yrke og organisasjon

Øyreverk

Dyrisk

I denne spalta skriv veterinær Arve Nilsen om dyreliv og veterinærspørsmål. Denne artikkelen stod i vekeavisa Dag og Tid 3. mars 2023.

Hundar med store, hengjande øyre er søte, men får oftare øyreverk fordi øyra hemmar den naturlege luftinga av øyrekanalen.

Alle veit at hundar høyrer godt, mykje betre enn oss menneske. Difor er det litt nedslåande at blant alle sjukdommane hos hund er øyreverk ein av dei vanlegaste og kanskje også ein av dei vondaste. Dei primære årsakene har som regel noko å gjere med genetikk eller miljø, men det endar ofte med langvarige og smertefulle sekundære infeksjonar.

Eit hundeøyre er bygd opp på same viset som hos oss menneske, med det ytre øyret, som er alt du kan sjå, på utsida, og øyregangen inn til trommehinna. I den ytste delen av øyrekanalen vert det danna øyrevoks som smør huda og gjev vern mot fukt og infeksjonar. Sekretet som kjem ut frå øyregangen, er til vanleg ei blanding av øyrevoks og feitt og daude hudceller. Får hunden øyreverk, vil sekretet også innehalde væske, kvite blodlekamar og ei blanding av sopp, bakteriar eller parasittar.

Innanfor trommehinna ligg mellomøyret, eit holrom trygt plassert inni tinningbeinet, der vi finn øyreknoklane: hammar, ambolt og stigbøyel og ein kanal ned til svelget (øyretrompeten). Denne kanalen er viktig for høyrselssansen, fordi han gjer det mogleg å halde same luftrykket på båe sider av trommehinna. Aller inst har vi den mystisk vakre, sniglehusforma labyrinten, senteret for både høyrsel og likevektssans.

Gjer det til rutine å sjekke øyra til hunden din grundig og å reinske dei etter behov.

Avl og miljø

Menneske har ein ganske kort øyregang som går strakt og horisontalt frå utsida og inn til trommehinna. Hundar har ei litt anna oppbygging av kraniet, meir kjevebein og tyggemuskulatur, og øyrekanalen deira er lengre, brattare og med ein kraftig sving midtveges. Dette bygningstrekket kan gjere at øyrevoks og fukt hopar seg opp og gjev grobotn for infeksjonar.

Med avl har vi menneske forsterka dette problemet ved å lage fleire vanskapte hunderasar med ein sørgjeleg lite funksjonell anatomi. Ta til dømes hundar frå kortsnuta rasar, dei er ofte tungpusta og lir vondt av ei rekkje misdanningar. I tillegg kan dei også ha ein dårleg utvikla øyretrompet og difor vere meir disponerte for øyreverk. Eit anna problem ser vi hos hundar med store, hengjande øyre. Øyreflippen deira ligg som ein klaff over øyregangen, noko som skapar eit usunt, fuktig miljø. Slike hundar blir oftare plaga med tette øyregangar og infeksjonar.

Miljøet er også viktig. For hundar som er plaga med allergi mot pollen, muggsopp eller husmidd, kan øyreverken starte med at dei får utslett eller eksem i huda inne i øyregangane. I andre tilfelle kan ein betennelse starte med polyppar eller svulstar, eller at eit grasstrå eller ein annan framandlekam set seg fast i øyregangen.

Av primære infeksjonar er øyremidd (Otodectes cyanotis) truleg det mest vanlege, særleg hos valpar og unge hundar. Desse middane lever fritt inne i øyregangen, infiserte dyr får som regel sterk kløe og ein tørr, brunsvart øyrevoks. Midden kan leve ei kort tid i miljøet, men smitte skjer først og fremst med nærkontakt, og det er viktig å vite at kattar også kan bli smitta av denne parasitten.

Lett å sjekke

Øyreverk kan vere smertefullt for hunden. Det er viktig å oppdage og behandle infeksjonar så tidleg som mogleg.

Ein hundeeigar vil først merke øyreverk hos hunden ved at huda i det ytre øyret blir raud eller hoven, og at det kjem meir øyrevoks eller utflod frå øyret, mange gongar med ei litt stram lukt. Hunden vil skakke på hovudet slik at det sjuke øyret peiker nedover, og riste forsiktig som for å kvitte seg med det ubehagelege på den måten. I tillegg vil hunden ofte klø seg med klørne på bakføtene, nokre gongar så blodet renn eller til blodkar i øyret brest og øyret hovnar opp til ein blodfylt ball.

Til dagleg er det er lett å sjekke tilhøva ved å kikke godt etter i øyret og øyrekanalen og så ta godt tak om øyrekanalen med tommel og peikefinger, heilt inne ved skallebeinet, og massere lett. Klør det, vil det rykkje til i bakbeina til hunden. Er det smertefullt, får du eit kjapt klynk som resultat av handsaminga.

Gjer det til rutine å sjekke øyra til hunden din grundig og å reinske dei etter behov. Då kan du spare både hunden og deg sjølv for dei plagene det er å måtte behandle ein langt framskriden og alvorleg infeksjon.

Hos dyrlegen

Dei primære årsakene er viktig å funne ut av, men når hunden først kjem til dyrlegen, er det som regel på grunn av smerte, kløe og infeksjonar. Sopp (Malassezia pachydermatis) er svært vanleg, det same er bakteriar av typen stafylokokkar eller Pseudomonas, gjerne i blandingsinfeksjonar med alt på ein gong. Hovudmålet med behandlinga vil vere å raskast mogleg få attende den normale funksjonen til huda og ein sunn mikrobiell balanse inne i øyrekanalen.

Først vil dyrlegen freiste å kikke inn i øyret, noko som kan vere vanskeleg sidan øyrekanalen er såpass lang og krokete. Verre blir det når øyrekanalen er full av øyrevoks eller puss, og endå verre viss øyret er hovent og undersøkinga blir smertefull. Før ei lokal behandling er det viktig å sjekke om trommehinna er intakt, og det er ofte best å sedere pasienten for å kunne vaske skikkeleg reint og gjere ei grundig undersøking. I same slengen er det også vanleg å ta ut ein prøve frå innhaldet i øyrekanalen og sjå på det i mikroskop.

Av og til er det nok å behandle øyreverk med smertestillande og desinfiserande øyrereins. Ved kraftig betennelse er det vanleg å nytte øyredropar som inneheld antibiotika og kortison som kan dempe infeksjonen og roe ned den betente huda. I kompliserte tilfelle, og viss øyreverken har spreidd seg til mellomøyret, kan det verte naudsynt med ein generell antibiotikakur.